Todalen og Stangvik oppvekstsenter:

Hjartevarm innsats for grendaskulen
Foreldre og elevar stilte mannsterke opp for å friske opp skulegarden på Todalen og Stangvik oppvekstsenter til våren. Med vaskekostar, beis og godt humør viste grenda at samhaldet står sterkt, og at dei vil kjempe for at skulen skal få bli.
I vårsola på skuleplassen samla foreldre og elevar seg til dugnad for å gjere skulen klar til ein ny sesong. Det blei både vaska og rydda, og benkane fekk eit nytt strøk med beis. Skulebygget, som har sett betre dagar, fekk seg òg ein kjærkomen vask.


Dugnadsgjengen har ikkje berre vore aktiv no i vår. Tidlegare i skuleåret har dei sett opp både ballvegg og gapahuk.


Ballveggen i skulegarden er i bruk kvart friminutt, og blir brukt til leikar som «anti over», der elevar frå alle trinna deltek. Barnehagebarna har hatt stor glede av den nye gapahuken, og brukar han flittig til både samlingsstund, lunsj og leik.

Sjølv om skulen er truga av nedlegging, er viljen til å kjempe for vidare drift stor. Foreldra seier at det betyr mykje å ha ein skule i grenda, både for ungane, familiane og lokalsamfunnet.

