Martha Havdal bar forteljartradisjonen frå Settemsdalen til Eirik Haukenes (t.v.) og Jonny Lyngstad.

Pangstart på museet

Mannbjønn-historikarane Jonny Lyngstad og Eirik Haukenes trollbatt publikum på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert Sist oppdatert

Rovdyret som drap fem menneske i 1770-åra fangar enorm interesse etter at NRK-journalist Haukenes i spann med arkivgranskar Jonny Lyngstad har fått ut historia som moderne mediesak.

Eirik Haukenes gav ei måpande og applauderande forsamling innblikk i korleis han har sjekka om mannbjønnhistoria er sann eller berre tull. – Det starta i barndomens ferieturar, når vi stoppa ved Bjønnastøtta i Haugaskaret og pappa fortalte kva støtta betydde. Eg var vettskremd i lang tid og hadde mareritt om bjørn på natta!

Fengande stoff

Dei siste 12 åra har journalist Eirik pusla med historia. For NRK laga han i 2020 nettartikkelen som med Marco Vaglieri sine tegningar gjorde vårt lokale dyredrama nasjonalt. Til no har den hatt 320.000 sidetilvisingar på nettet! Statistikken viser også at den oppheld lesarane mykje lenger enn vanlege nettartiklar - stoffet er ekstra fengande!

Så vart dramaet om Mannbjønnen til podkast – med kjempesuksess: I vrimmelen av slike program i landet ligg den på 13. plass – langt framføre mange kjendisprega opplegg.

NRK har hatt formidabel suksess med nettartikkel og podkast om Mannbjønnen
Vaglieri sine tegningar i nettartikkelen er lagt oppå autentiske terrengfoto. Her dramaet i Trodalen.

Ny kunnskap frå Jonny

Jonny Lyngstad - «arkiv-terrieren», som Haukenes kallar han - imponerte med spennande nyoppdagingar der vi trudde vi visste alt. Etter utrøtteleg innsats fann han notisboka frå Mo i Hemne, der ein 12-åring i 1777 kopierte den publiserte Dragsetvisa.

Publikum med sans for nye fakta fekk rikt utbytte av Jonny sine funn. - Åsskard bygdebok oppgir feil foreldre til jenta som bjørnen drap på Dragset i mai 1775 og brørne hennar som drukna på fjorden like før, slo han fast og viste originaldokumenta på lerretet.

Frå notisboka der 12-årige Lars Isachsen Mo skreiv av (den trykte) Dragset-visa i mai 1777.

At Ola Bøe, Audun Heggem og Joen Olsen Heggem fekk lønn etter å ha jakta bjørn saman med Skyttar-Tølløv i Bøfjorden i 1776, kunne han også bevise.

Elles tvila Lyngstad på at mordet i Trodalen skjedde medan kornet stod på staur om hausten, slik folk frå garden har sagt. - Skiftet etter offeret Knud Olsen Trodal er datert juni 1775, så han må ha vorte drepen same våren!

Mannbjønnstoff i Kristiansundsposten i 1884 og i Nordahl Rolfsens «Dyreboken» frå 1895 var også blant Jonny sine oppdagingar.

Sølv i rifleløpet?

Eirik Haukenes har leita opp rifla som Tølløv Foldal (Skyttar-Tølløv) skal ha skote Mannbjønnen med. Og med stor iver har han fått ekspertar til å sjekke løpet for restar etter sølvkula som etter tradisjonen tok livet av udyret. – Men det har jo ingen hensikt, fekk han vite av svartkrutskyttar Hans Torslett i Stangvik. – For å få sølvkula til å gå, måtte ho ligg i eit lag av filt eller ty, og da blir det ikkje att sølvrestar!

Mannbjønn-hår i kyrkja?

Håret i denne boksen er kanskje av Mannbjønnen! seier Eirik Haukenes.

Tradisjonen seier at da Skyttar-Tølløv hadde skote Mannbjønnen i 1776, vart deler av bjørneskinnet plassert i Stangvik, Aure og Halsa kyrkjer. Dette trigga Eirik Haukenes til å leite

bjørnehår i Halsa-kyrkja – med støvsugar. DNA-analyser både i Norge, Tyskland og England resulterte i eit sannsynleg JA på at eit bjørnehår var funne!

Folketradisjon

Før søndagens kåseri viste museet eit 25 år gammelt videoopptak med norsk-amerikanske Ruth Magnussen Durham. Ho var fødd i Betna rundt 1920 og hugsa mannbjønndramaet slik mor hennar frå Heggemsneset fortalte historia for hundre år sia.

Frammøtte Martha Elise Havdal representerte også folketradisjonen. - Som jente skreiv eg skulestil om Mannbjønnen slik eg høyrde historia av besteforeldra i Settemsdalen, sa ho til kåsørane Lyngstad og Haukenes - som altså kom tett på kjeldene under Bøfjord-besøket sitt.

Ruth Magnussen Durham fortalte historia i opptak frå USA 1997.

Sabb og skutemodell

Dagen opna forresten med at museets faste maskinistar Gunnar Strand og Anders Vaagland prøvestarta Sabb-motoren ved trappa. Småproblem med fyrlampa og kjølevatnet gjorde at motoren ikkje kom i gang seinare på dagen.

Styret på museet kunne elles presentere ein ny tilvekst til samlinga på museet - nemleg Sverre Sjøflot sin praktfulle modell av den historiske galeasen «Aurora».

Maskinistane Anders Vaagland (t.v.) og Gunnar Strand fyrer opp Sabben.
Modellen av legendariske «Aurora» er nyaste tilvekst til samlinga på museet.
DNA-analysen av hår frå Halsa-kyrkja tippar over streken – noko som tyder på eit svært gammalt bjørnehår!
Powered by Labrador CMS