Arrangørkoret Prosjekt 17 drog både til seters og til sjøs i løpet av ettermiddagen

Songen fylte grendahuset

Med triOpera og HeimKlang som heidersgjester inviterte koret P17 til Vårsongfest på Bøfjorden Grendahus søndag. Det vart ei fulltonande og godt besøkt ettermiddagsstund.

Publisert Sist oppdatert

Operasongarane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Moen Nohr utgjer gruppa triOpera saman med pianisten Hedda Hansen Berg. Med Turid Røen Kroknes på laget vart trioen til ein kvartett som både briljerte og rørte folket med allsidig songkunst – så vel store operautdrag som slagerar frå Ønskekonsertens dagar.

Kjernen i vårsongopplegget er triOpera: Sigrid, Maria og Hedda.
Maria Moen Nohr (t.v.) og Sigrid Vetleseter Bøe baud på seg sjøl og leverte elleville duettar.

Turid er ein erfaren songar - med glansen i stemmen godt bevart. Ho formidlar båe Handel og Schumann (som her) med gripande innleving.

Dertil leier ho demenskoret HeimKlang, som både imponerte med vakre framføringar (mellom anna Griegs «Ved Rondane»). Betre enn nokon viser koret verdien av vår felles songskatt!

Halsa Demenskor (no HeimKlang) med assistentar gledde forsamlinga storleg. Dirigent er Turid Røen Kroknes.

Mykje av denne skatten var samla på allsong-arka, og salen var fulltonande med på både «De nære ting», «I natt jag drömde», «Vårsøg» og eit skulesongpotpurri med høg gjenkjenning.

Seter og sjø med P17

Arrangørkoret Prosjekt 17 hadde rigga salen som både seterstøl og skipsdekk til sine utdrag frå «Seterkabaret» og «Med segl og Wichmann». Som annonsert stilte Borghild Talgø som forelska setertaus og fekk besøk av kavaleren (for høvet: Øystein Moe) i ein av setersongane

Seterromantikk med Borghild Talgø, Øystein Moe og P17

Sjømennene sette segl og drog over vide hav medan kjerringane (med ei utstrålande Liv Marit Polden som solist) kava og drogst heime. Alle samlast dei i nokre av songane – som den friske «Sildsjau».

Sangkor i maritimt miljø
Karane i P17 dreg til sjøs – i sommarvind og kuling

Fyrverkeri med triOpera

Det var noverande triOpera som i si tid gjorde vårtreffet i Bøfjorden til ein fest der både viser, allsong og klassiske arier samla fulle hus. Med slike ambassadørar har operakunst vorte folkeleg – grenser er utviska. Mykje av æra for det tilseier vi pianisten Hedda – eit levande «orkester» ved tangentane!

Og med tilhørande scenisk action kjem innhaldet fram i dagen. Flott eksempel viste Maria med sin «Habanera» frå Carmen – eit uimotståeleg frieri, denne gong med Per Gudmund Bøe bak i salen som «den utkåra».

Habanera» på heimleg grunn: Maria Moen Nohr forfører ein overrumpla Per Gudmund Bøe

Og da ho og Sigrid avslutta med fyrverkeriet «The song that goes like this», ville applausen ingen ende ta.

Stor song- og scenekunst når Maria og Sigrid rundar av med «The song that goes like this ...»

Publikum kosa seg

Vi har fått lov til å sitere nokre av publikum – som delvis hadde kome lange vegar:

… Heilt strålande dag borti Bøfjorda!

… Publikum storkosa seg. Og du verden for fin song frå Sigrid og Maria som byr slik på seg sjølv.

… Glitrande pianoakkompagnement av Hedda!

… Heldige oss som fekk oververe dette.

... Fantastisk!

... Hos meg sat både tårer og latter laust.

 ... Flotte musikkopplevingar og triveleg sosialt samver. Dette var vel verd å kjøre to timar for!

Powered by Labrador CMS