ANNONSE:

Nytt tilbod for barnefamiliar på biblioteket

Omtrent ein gong i månaden framover blir det «Familielaurdag» på Surnadal bibliotek, med lesing og aktivitet. Første gongen blir 17. februar.

-Vi ønska å gjere noko meir ut av at vi har laurdagsope på biblioteket igjen, etter nokre år med berre meir-ope på helg. Så ein gong for månaden blir det Familielaurdag, med lesestund for barn og ein enkel hobbyaktivitet, fortel Gunhild Marie Täringskog, biblioteksjef i Surnadal.

-I tillegg til bibliotekpersonale, håpar vi å få med frivillige til å bidra med høgtlesing på lesestundene. Vi har fått positiv respons frå fleire frivillige organisasjonar, men puslespelet er ikkje heilt ferdiglagt, seier Gunhild. 17. februar blir det biblioteket som står for lesestunda. Vårsøg 4H kjem og hjelper til med å arrangere hobbyaktivitet, og vil i tillegg fortelje litt om kva dei driv med.

-Biblioteka skal jobbe for leselyst og lesekultur, men og vere ein sosial møtestad og «ein tredje stad» å vere i tillegg til jobben/skulen din og heimen. Med familielaurdagar slår vi eit slag for alt dette. Vi håpar at dette blir ein populær helgeaktivitet for barnefamiliar, avsluttar Gunhild.

Biblioteket ønskar alle barnefamiliar hjarteleg velkomne laurdag 17. februar kl. 12-14. Biblioteket er ope kl. 11-14.

Powered by Labrador CMS