ANNONSE - Skulstuå i Todalen:

Kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon
Den entusiastisk stordansaren Rune Hanem med fylje, kjem frå Meisingset til Todalen for å halda kurs i Todalspols. Han ynskjer no å lære frå seg denne fine dansen, som han sjølv fekk lære av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære denne polsen.
Rune Hanem har saman med Silje Ones har vunne fleire gull under landskappleikar, med polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon!
Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, for både den med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før. Torgeir Leivdal kjem å spelar fele, så her får vi nok dansa til både Stordanspolsen og Fandens pols etter Halvor Ørsal.
Påmelding:
Tlf/sms til 48 000 144
Pris:
Kr 50 pr kveld, vipps til 590 343
Stad:
Todalen skule, gymsal, Pilskarvegen 37, Todalen
Tid:
Onsdag 15. oktober kl.19.00 - 21.00
Søndag 19. oktober kl.18.00 - 20.00
Søndag 26. oktober kl.18.00 - 20.00
Søndag 2. november kl.18.00 - 20.00
Utstyr:
Ta med det dansesko eller dans på sokkelestane.
Mat:
Det blir sal av mat i pausen i Skulstuå, som ligg like ved Todalen skule.
Skulstuå i Todalen ynskjer alle hjarteleg velkomne til polsdanskurset!