ANNONSE:

Tre personer poserer foran et lite orgel i en kirke.
Basarsjef Maybrit (frå venstre), soknerådsleiar Eva og loppis-sjef Tove førebur jubileumsbasaren 25. april.

Kyrkjejubileet: Basarboka er ute

Publisert Sist oppdatert

150-årsjubileet for Åsskard kyrkje har stor basar med loppis, allsong og kulturprogram å Bøfjorden Grendahus laurdag 25. april.

No ligg basarboka ute i dei to butikkane i bygda – «Andersbua» i Bøverfjorden og «Coop» på Bølandet. Her kan ein kjøpe nummer – skrive namn og mobilnummer. Pris pr lodd er 20 kr. Anten betaler ein kontant eller VIPPSAR til Åsskard sokneråd: 141334 og føyer til «Vipps».

- Dette skjer naturlegvis i full tillit. Alle er jo å stole på, seier soknerådet.

Innrammet maleri av hvit trekirke i grønt, kupert landskap under blå himmel.
Sigrun Hesjehagen sitt måleri av kyrkja - ein attraktiv gevinst!
Loddlapp omgitt av strikkede votter, kirkebilde, CD og tent telys på bord
God plass til fleire gevinstar på bordet! Og boka ligg no på begge butikkane.

Ønskjer gevinstar

Det er alt komne nokre gevinstar – m.a. eit flott måleri av Åsskard-kyrkja. Men soknerådet treng sjølsagt meir på basarbordet. Både private og bedrifter blir difor oppfordra til å gi gevinstar. Kontaktperson er da «basarsjef» Maybrit Hakstad - mobil 993 81 822.

Som nemnt blir Loppis også ein del av jubileumsbasaren. Den som har loppeting å gi, kontaktar Tove Bævre – mobil 924 64 781.

Logo med Åsskard kyrkje i svart-hvitt foran grønn sirkel og teksten 150 år 1876–2026.
Terje Holm har laga logoen for kyrkjejubileet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS