Åsskard sokneråd

Kyrkjetenar Arnt Erik Otnes var sjef for dugnaden

Dugnad - til felles glede

Det er høgsesong for dugnad. Til konfirmasjon og 17. mai blir det pent rundt kyrkjene våre.

Publisert Sist oppdatert

Måndag vart det snørta opp på Åsskard. 

- Rundt tjue deltok. Og sjøl om vi kunne ha vore fleire, kom vi greitt i mål, sa dei rundt kaffebordet etterpå. 

– Borttekne tre og ein grei vinter gjorde at det var langt mindre lauv enn før.

Velfortent kaffe med bakels og svele etter endt dugnad. Desse var att da fotografen kom: Kari Johanne Aarnes, Eva Jorid Svendsen, Jane Nordstrand Svensli, Sigmund Gravvold, Lars Jostein Bævre, Kjell Aarnes og Olav Erik Otnes.

Dugnad er eit nøkkelord for velhaldne og trivelege bygdesamfunn. Da er det særleg grunn til å rose dei, få eller mange, som tek ansvar også der andre av ymse grunnar ikkje får til å vera med.

To damer med river ved kirkemur
Kjellaug Sollid (t.v.) og Ingebjørg Sylte Hamnes var tidleg på pletten med rivene sine.

Slik kan fellesskapet glede seg over høgtidsstemning ved kyrkjene sine - takka vere at dugnadsånda framleis er sterk!

Powered by Labrador CMS