Gudsteneste i Rindal kirke

Prekestolkledet er kvitt

- Borna mine

- Tidvis kan spennet mellom samtida, våre eigne begrensningar og dei store ideala vera krevjande. Når Jesus talar til sine om å elske, står det faktisk som eit nytt bod, seier sokneprest Lene Gåsvatn. - Han visste sjølv så inderleg vèl kva det kunne gå ut på, dette å elske med guddommeleg kjærleik. Slik vart det forkynt i Rindalskyrkja sundag:

Publisert Sist oppdatert

4.sundag i påsketida 21.04.24

Joh 13,30-35 

Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt.

Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han!

Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma.

Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Eg var vel godt og vel passert 40 siste gong nokon kalte meg for «jenta mi». Avsendaren var ein hyggeleg konduktør på Berkåk som tok imot meg akkurat i siste liten. Ja, eg hadde bomma med 20 minutt på togtabellen og trudde eg var ute i god tid.

Men det var eg ikkje – eg rakk toget bokstaveleg talt på sekundet. Og ein hyggeleg konduktør kalte denne heseblesande kjeringa på førti pluss for «jenta mi». Eg valde å ta det opp i beste meining.

Eg valde sjølv – fordi situasjonen ikkje på nokon måte indikerte at konduktøren skulle ha nokon glede av å vise makt gjennom språkbruken.

Korleis skal så disiplane ta det når Jesus kallar dei for «borna mine». Dei er vel også godt vaksne, fulle av arbeids- og yrkeserfaring og også opplært gjennom å gå i helane på Meisteren sjølv dei siste tre åra. Og no blir dei titulert som «borna mine», Jesu born.

Skal dei ta det ille opp? Er det ein type maktovergrep å kalle denne gjengen på tretti pluss for born, for ungar?

No vil eg tru dei veit betre. No vil eg tru dei kjenner tryggheita i at Jesus inntek posisjonen som Herre, Far og Frelsar.

No vil eg tru dei ser at dette er det beste – sjølv om vegen dit vart den verst tenkjelege.

Judas har forlatt selskapet. Han har gått ut i natta. Han har ekskludert seg sjølv og vendt dei ryggen. Det kunne gjerne vore ein veg tilbake for Judas også, men han vel å ikkje bruke den. I staden går han sin eigen veg til endes, til sin tristaste ende.

Men kvar ender det for dei andre, for dei 11 disiplane som Jesus kallar for borna mine?

Jau, dei skal vekse og blomstre, dei skal plante kyrkjelydar og forkynne Jesus der dei fèr, dei skal utrette så utruleg mykje bra – så lenge dei har tid. Og så blir det andre si tid og andre si tid – inntil denne samtida som vart vår.

Her me sit som ein disippelflokk i det heilage huset og lurer på kva me skal ta oss til. Og svaret på dette, kjem seg alt an på kvar me vel å vende blikket: Vil me sjå ned eller vil me sjå opp, vil me sjå oss tilbake eller vil me sjå framover?

Ser me ned, så går blikket mot bakken. Me skal visstnok vera derifrå, og dit skal me vende attende. Og me må faktisk sjå mot bakken, hvis me skal sjå at Jesaiaprofetien me nettopp høyrde har noko for seg: Sjå, eg gjer noko nytt. No spirar det fram. Merkar de det ikkje. Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.

Og bodskapen er som følger: Sjå ned og legg merke til kva som skjer på bakken!

Ein kan faktisk bli optimist av mindre enn å studere grunnen me fekk under føtene.

Neste gong disiplane skal sjå opp, er det Jesus dei ser der. Han er piska og forslått, kruna med torner og møter døden med liding. Skal dei tru at dette har noko å gjera med herlegdomen han forkynner denne mørke skjærtorsdagskvelden, så må trua vera sterk.

Eller det er vel helst slik at bodskapen er sterk – for sterk til å oversjå eller overhøyra. Ser dei opp, ser dei liding. Og han som veit kva som skjer før det skjer fortel dei at dette er kjerna av herlegdom, dette er eit sant under.

Vegen tilbake er den vegen Judas går. Ut i mørkret og ut i natta.

Han kunne vorte verande inne i selskapet og inne i varmen, men det er ikkje der han vil vera. Han vil bort og vekk. Nokon kallar det fortapelse, å sjølv velja mørkret.’

Og kvar går så vegen framover? Vegen dit går gjennom det nye bodet om å elska kvarandre. Sidan Johannes er den som skriv og språket går for å vera enkelt, las eg igjennom dette avsnittet på gresk. Og det er nesten så ein hoppar i stolen over kor store orda er når Jesus talar til sine om kjærleiken dei skal utsetja kvarandre for: Agape. Ikkje forelskelses- eller venskapskjærleik som eros og filos. Men guddommeleg kjærleik.

 

Agape er kjærleiken over vår forstand. Agape er den guddommelege kjærleiken, nært knytta til kjærleiksmåltidet som nattverden er med alt sitt av teikn på kva som skjer: Ein som gjev kjøt og blod til soning og forsoning. Ein som ofrar seg. Ein som gjev og mange som får. Agape er også nært knytta til barmhjertigheita – til dette å bera hjartet på ein slik måte at folk kjenner at det er der.

Før Jesus elskar sine til døde – gjennom alle generasjonar og alle krokar av verda – så ber han disiplane sine om å elske kvarandre med – hald dykk fast! Ein like guddommeleg kjærleik. Like usjølvisk. Like barmhjertig.

Og han veit nok vèl kven som høyrer: Denne mangslungne flokken av disiplar som på kvar sin måte skulle vitne og forkynne, døype og forvalte nattverd så evangeliet skulle nå vidare og utover til stadig fleire som treng å høyre ord om kjærleiken som er sterkare enn alt anna.

Dei er born. På same måte som me er det. Og takk for det: Me får vera born, born av vår tid, born av våre rammer og begrensningar, born av både sigrar og nederlag.

Til tider er det nederlaga me helst legg merke til. Det er dei det er enklast å sjå og irritere seg over. Særleg når lista ligg så høgt som her, med beskjed om at me skal elske kvarandre med den kjærleiken som berre Gud kan oppdrive.

Særleg no. I spennet mellom det me får til og det me ikkje får til. Der møter Jesus oss – som han møtte disiplane sine den siste skjærtorsdagen – med å snakke om seg sjølv og om herlegheita som ingen ende skal ta.

Våre krefter er ikkje store. Ei heller frimotet vårt. Eller – og eg talar gjerne for meg sjølv – alt av guddommeleg kjærleik kan synast såre begrensa.

Så blir det vel berre slik med oss no også at uansett kva veg me vel å sjå, om det er ned eller opp, bakover eller framover, så ser me dette me aldri kjem unna:

Sanneleg er me meir avhengig av Guds kjærleik til oss i Jesus Kristus enn me visste.

Me treng å få meir enn me klarer å gje. Idet me strekker oss mot målet som er gjeve oss i bodet om å elske – elske som syskjen, elske med barmhjertigheit, elske usjølvisk.

Om målet er stort, så treng me ikkje å gje opp. Me treng berre å hugse at me er born. Og at me treng den hjelpa som alltid er nær oss.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Nattverdbeger oppstilt på eit bord med beger som var mørkare plassert i korsform
Nattverdbegra var fint oppstilt av kyrkjetenar Jan Brødreskift
Powered by Labrador CMS