Kommunedirektøren i Surnadal melder:
Ønskar tilsyn med beredskap velkommen
Arbeidet med beredskap og samfunnstryggleik i kommunen vår foregår både systematisk gjennom planar og rutinar, gjennom aktiv førebygging og øving, og operativ innsats.
– Vi har ei plikt til å beskytte innbyggarane og til å bidra til å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar når uønska hendingar skjer. Å sikre god beredskap og krisehandteringsevne krev samordning og samarbeid, både internt og eksternt. Deltaking og involvering frå Statsforvaltaren har stor betydning for ei heilheitleg utvikling av samfunnstryggleiken, både i fredstid og når det er meir urolige tider.
– Vi ser difor fram til tilsynsbesøk frå Statsforvaltaren torsdag denne veka, slik at vi kan få nyttig tilbakemelding for læring og vidare utvikling av beredskapen vår til beste for innbyggarane. Ikkje minst med tanke på dei urolege tider rundt oss og klimaendringane som vi har sett påverkar oss direkte med m.a. flom.
Med vennleg helsing
Kommunedirektør Lars Inge Kvande
Les meir om beredskap på Surnadal kommune si heimeside