Anne Hjørdis Caspersen Telstad

Ligge i lyngen

I vaksen alder fann Anne Hjørdis Caspersen Telstad ut at ho hadde ADHD. Livet har ikkje alltid vore lett, men ho er oppteken av at det absolutt ikkje er berre negative sider med diagnosen.

Publisert Sist oppdatert

Anne Hjørdis tenkte seg lenge om før ho takka ja til å bli intervjua. Kva skulle ho seie? Skulle ho sitte der og snakke om seg sjølv? Uvant og kanskje litt kleint. Ho gru-gler seg. Men tanken på at andre i same situasjon les saka, gjer at ho takkar ja. For det er enno ei skam for mange å ha ADHD.

Tankekjør

Ho smiler og veit ikkje heilt kor ho skal begynne, ho ser ut i lufta og begynner å forklare.

- Eg toler lite stress og blir fort oppbruka. Tankane kvernar og kvernar, eg får ikkje fred frå meg sjølv, på ein måte, forklarer Anne Hjørdis. Når eg er saman med folk tek eg inn alle kjenslene deira, eg bryr meg om alle, og det kan vera bra det, men også veldig slitsamt.

Dei siste ti åra har vore tunge. Ho har heile livet slite med relasjonar, og uro i kroppen og hovudet har gjort at familieliv har vore vanskeleg. Kvardagen har vore hard å takle.

Ho fekk hjelp av ein psykolog til å finne ut kva som var rota til uroa, og etter mykje utreiing fekk ho diagnosen ADHD.

- «Snakkedama» kallar eg ho, psykologen, smiler Anne Hjørdis. Psykolog er eit så skummelt ord. Ho har hjelpt meg mykje. Eg har alltid skjemtest av å snakke om meg sjølv, følt meg egoistisk, seier Anne Hjørdis tankefull.

Aldri passa inn

For å bryte tankemønster og for å roa seg ned, har Anne Hjørdis ulike teknikkar. Ho brukar ofte naturen.

- Eg må berre stoppe opp og legge frå meg det eg har i hendene, seier ho. Er eg ute kan eg godt berre legge meg i lyngen og sjå opp mot himmelen. Berre vera der. Kjenne bakken mot kroppen og høyre på alle lydane frå skogen. Alle dei lydane vi filtrerer bort når vi ikkje lyttar.

Anne Hjørdis treng slike pausar, ho har hatt mange intense periodar i livet.

På skulen var ofte tankane ein heilt annan plass enn i klasserommet. Ein gong på barneskulen retta ho opp handa i ein mattetime, og spurte «Kva et eigentleg krabben?» Læraren svara på spørsmålet, han, men kjensla av å tabbe seg ut brann i kroppen.

Ho sleit med å føle at ho passa inn, trudde ho var rar og annleis. Uroa og tankekjøret rasa i henne. Skamma og usikkerheita voks, og ho vart tausare.

- Alle trudde eg var sjenert, men eg var berre redd for å seie noko rart, fortel Anne Hjørdis.

Mormor

I Buhagen med mormor var det stilt, berre kjøleskapet dura. Mormor sat og drakk kaffe frå rosemåla kaffekopp, og Anne Hjørdis følte at ho var bra nok.

- Mormor hadde ingen forventningar til meg. Ho var så storsinna og raus. Vi låg i same seng til eg var sikkert 14 år, seier Anne Hjørdis og ler. Eg hugsar den grøne tapetet, lukta, og den trygge kjensla. Sjølv om mormor ikkje lever lenger er ho med meg, det kjenner eg, smiler ho.

- Heile livet har eg ønska at nokon kunne sagt «Hei, du! Kom hit. Her passar du inn, dette blir bra!»

Fred

Anne Hjørdis fortel at ho har ei sterk tru.

- Eg ber mykje om fred, eg har så mykje uro i kroppen at ordet fred er viktig for meg, fortel ho. Trua mi er tryggleiken i kvardagen min, eg skjemmes ikkje av å tru.

Når ho er i kyrkja på julekvelden likar ho å sitte på galleriet.

- Å pynte seg i kyrkja ser eg ikkje vitsen i. Eg vil berre sitte der og ta inn stemninga, fortel Anne Hjørdis. Kyrkja er ikkje ein plass ein skal visa seg fram, det blir feil for meg.

Kreativitet

Det var få som fekk ADHD-diagnose da Anne Hjørdis var barn, og ho trur nok at livet hadde vore enklare om ho hadde fått diagnosen da. At nokon kunne forklart henne at det ho føler ikkje er unormalt. Ho tykkjer likevel at det er alt for mykje negative haldningar til det å ha ADHD.

- Folk som har ADHD er ofte veldig kreative, fortel Anne Hjørdis. Å skrive ned historier, skrive dikt og revytekster er noko av det gauaste eg gjer. Ofte vaknar eg midt på natta og hovudet er fullt av ord og tankar. Det er både om alvorlege tema og humor. Da er det berre å sette seg opp i senga å skrive, smiler ho.

Anne Hjørdis fotograferer mykje, både i hagen og i naturen. Ho har auge for detaljar.

- Fotografering og hagearbeid gir meg ro og utkobling. Å sjå og sette saman dei ulike fargene og formene, og sjå korleis det harmonerer er meditativt, seier ho.

- Eg er også veldig interessert i folk og historiene deira. Bygde- og sæterbøkene har eg lese mange gonger. Da eg arbeidde på sjukeheimen i Surnadal elska eg å sitte saman med dei gamle å høyre dei snakke om liva sine.

- Denne veremåten, å fordjupe seg i ulike aktivitetar, er typisk for ADHD, og noko eg ikkje ville vore forutan, seier Anne Hjørdis.

- Han eg bur i lag med er flink til å halde meg nede når eg held på å tek av, seier Anne Hjørdis og ler. Men så treng han å bli fyrt opp litt av og til også, så vi passar godt i lag.

-Gjer det enkelt

Å vera godt likt har alltid vore viktig for Anne Hjørdis, men det har ofte teke mykje energi.

- Eg har vorte flinkare til å trekkje meg unna situasjonar som ikkje er bra for meg. Før var eg veldig oppteken av kva folk tykte om meg, men no bryr eg meg ikkje så mykje lenger. Eg veit at eg skil meg ut, men eg er den eg er, og det får vera bra nok. Eg vil ikkje piska meg sjølv lenger.

Ho har funne ut at det beste er å gjera det enkelt. Å vera perfekt er verken sunt eller godt.

- Du kan kjøpe syltetøy, veit du. Ein treng ikkje plukka og sylte sjølv, ler Anne Hjørdis.

Ønskjer å jobbe

Akkurat no er ho utan jobb, men ho har eit stort ønske om å finne seg noko å gjere.

- Eg tek ein dag om gongen, av og til tek eg ein time om gongen, men eg er optimistisk, eg satsar på at eg er i arbeid snart, seier Anne Hjørdis.

Ho veit ho har mykje å bidra med.

- Når ein har ein diagnose som ADHD blir ein ein god menneskekjennar, og ein ser menneske på ein annan måte. Ein har mykje kunnskap om korleis det er å vera annleis, seier Anne Hjørdis. Det er ein viktig ressurs i møte med menneske i sårbare situasjonar.

- Å ha møtt motstand i livet er tøft, men det har gjort meg til den eg er i dag, og det er eg glad for.

.

Powered by Labrador CMS