Trollheimstankar

Vigdis Rodal Foto: Even Rodal Haugen

Jeg velger meg april

Hei, Vigdis Rodal. Har du eit dikt eller ein tekst du vil dele med lesarane i Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Jeg velger meg april

I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,
-dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,
-i den blir somren til!

Av Bjørnstjerne Bjørnson

- April har alltid vore min månad, seier Vigdis. Den 4. april i 1977 vart eg fødd på Surnadal fødestue. Mor var snart 20 år. Jordmor Melback satt ved sidan av henne og broderte, og gjorde henne trygg i fødselen ho skulle gjennom.

- Mor fortel at da jordmora vart trøytt og la hovudet på eit bord, vart mor redd for at ho skulle sovne, «eg søv ikkje altså» sa jordmora og trygga mor. Enn om jordmødrene hadde like god tid i dag! Mor fekk vere ei veke på fødestua før ho trygt tok meg med heim saman med far.

Vigdis har vore heldig og har fått ein trygg og god oppvekst med gode verdiar og naturopplevingar. Ho prøver å gi gutane sine, Aron på 14 år og Even på 11 år, dei same gode verdiane som ho sjølv fekk, og naturen er og har vore ein stor del av liva deira.

Gamle spøkelse og jantelov

Diktet vekkjer mange tankar hos Vigdis.

- Ein kan ha godt av å legge frå seg det gamle, sjå framover og prøve å bidra til at ein sjølv og andre rundt seg skal ha det godt, seier Vigdis.

Ei venninne av Vigdis skreiv det så godt i eit facebookinnlegg her om dagen. Ho mintes korleis ho som ungdom, på det mest usikre, fekk kommentaren «Du bør ikkje flire slik skikkeleg, da blir du stygg i fjeset».

- Denne setninga har alltid vore i bakhovudet hennar når ho flirte, og har gjort henne usikker, fortel Vigdis. Tenk at ei einaste setning kan vera så øydeleggjande, vi må tenkje over kva vi seier til folk! Ho har bestilt eit bilete av seg sjølv, som ein fotograf har teke av henne. På biletet smiler ho med heile ansiktet, og det skal ho henge i oppgangen heime, fortel Vigdis. No vil ho berre smile, og kjenne at det er godt å kunne vera seg sjølv.

Foto: Vigdis Rodal

- Eg meiner diktet handlar om å ta eit oppgjer med gamle spøkelse, vinne over dei og koma seg vidare, seier Vigdis. Eg kjenner sjølv at det er godt å bli eldre og å tenkje at det ikkje er så nøye kva folk seier og meiner. Det er ei påminning om at vi skal vera akkurat slik vi er, utan å la jantelova styre oss.

- Det kan vere ein prosess å bli kvitt det gamle, med kjensler og tankar. Men er det noko ein vil, så får ein det til, seier ho. Ein må sjå framover, for det er dit vi skal. Det kjem alltid ein ny april, «i den det gamle faller, i den det ny får feste».

Våren smiler

Vigdis tenkjer at diktet har eit bodskap, men at det i tillegg er ei naturskildring.

- Det fortel om våren, og om vårmånaden april. I april får det nye feste, knoppane på trea kjem fram. Snøen smeltar fordi våren er sterk nok til å vinne over vinteren. Den nye årstida buldrar seg fram og våren smiler, seier Vigdis. For meg er våren bekkar som brusar og eit yrande fugle- og dyreliv.

Foto: Vigdis Rodal

Vigdis skriv:

«Trekkfuglane kjem tilbake, dei kvitrar så fint og gledeleg i trea kring oss. Starens flotte fargar glitrar i sola. Ein kan sjå rådyrpar og kanskje ventar dei eit lite kje som kjem i juni. Hjort og elg kjem ned til åkrane for å nyte litt frostlaust gras. Tranen tek springfart og kjem seg opp frå ei ekre før han landar på neste. Hegrane som angra på at dei overvintra, kalde og lutrygga, løftar no hovudet mot sola, kjenner på varmen og spreier vingane sine. Fuglar flyg rundt med kvistar i nebbet og restaurerer eller bygger nye heimar.

Å overnatte i telt er spesielt fint om våren. Eg og minstemann låg i telt to netter førre veka, noko vi ofte gjer i påska. Vi var så heldige at vi vakna av orrhanen som buldra, vi sneik oss ut av teltet og berre nokre meter unna oss fekk vi sjå orrhøna som sat og skulle imponerast av hannen. Snart no, er det full kamp mellom hannane. Neste natt høyrte vi rypa som lattermildt kakla ikkje langt unna oss. Å sitte i fototelt og få med seg orrfuglleik er ei svært spesiell oppleving om våren, og det skal eg og minstemann få med oss i år også.»

Vigdis er svært glad i naturen og går mykje på tur. Da ho var lita tok mor og far hennar med henne på hytta til bestemor og bestefar hennar på Sjøasetervatnet, og seinare vart det hytteprosjekt på fjellet i Rodal i Valsøyfjorden. Da hadde litlesyster Laila, som er 9 år ynge enn henne, komme til verda også. Der hadde dei mange fine stunder. Seinare vart det hytteliv i Vindøldalen.

Foto: Vigdis Rodal

- Far min er svært dyktig til å etterlikne fuglelydar, han kan plystre med seg ein fugl frå ein plass til ein annan, han får fuglane til å svare, og det syntest eg var så artig då eg var lita, fortel Vigdis. Eg bad han om å gjere det same for eit par år sidan, for å vise sønene mine, og han plystra med seg ein fugl frå Vassdalen i Vindøldalen til parkeringsplassen ved p-bua i dalen, til stor begeistring, seier Vigdis og smiler.

- Kameraet gir meg ro

Mange har sett Vigdis sine naturbilete. Ho har ei eigne instagram- og facebooksider der ho legg ut bileta sine, Vigdis Rodal Photography. Det er imponerande å sjå kor nær ho kjem dyra. Blir det mykje venting? Korleis finn ho motiva sine?

Vigdis og Even i fototeltet. Foto:privat

- Når vi sit i fototelt kan det bli ein del venting, men da kjem vi også veldig tett på. Eg har alltid kamera med meg både i bil og på tur, seier Vigdis. Ser eg eit dyr eller ein fugl stopper eg bilen og knipsar, og eg har det alltid kameraet hengande på sekken på tur. Eg oppsøkjer stader der eg veit ulike dyr og fuglar held til. Kjentfolk ringer og tipsar meg også, det blir eg glad for.

- Even har fått fotointeressa mi og er ofte med meg på fotorundar og har vorte ein dyktig fotograf. Han har også ein instagramkonto med bileta sine, even_naturfoto. Vi skulle eigentleg besøke fotobonden ved Dalen villmarkssenter frå NRK no i juni, men det spørs om den pågåande koronapandemien stoppar oss akkurat denne sommaren.

Fotografering handlar ikkje berre å få eit godt resultat for Vigdis.

- Når eg er ute i naturen med kameraet mitt kjenner eg ro i kroppen og fred i sjela. Kvardagen kan vera hektisk, så fotograferinga gir meg eit pusterom.

Lysare dagar

Kvardagen i familien Rodal er aktiv. Vigdis er spesialpedagog ved Surnadal barne- og ungdomsskule og trives svært godt i jobben sin. Gutane driv med alpin, fotball og sykling. Saman er dei mykje i naturen og på fjellet.

Foto: Even Rodal Haugen

- Eg har også ei bonusdotter som eg er svært glad i, og kjærasten min, Nils Inge Aasgård, og eg har no kjøpt oss hus med naturtomt, seier Vigdis. Eg gler meg til å sitte i hagen å fotografere ekorn, rådyr og fuglar som kjem på besøk i hagen vår.

Det har vore eit spesielt år, og koronapandemien har sat ein stoppar for mange aktivitetar og reiser, men Vigdis er positiv.

- Vi er ikkje i mål enno, «det volder litt rabalder», men vi er forhåpentlegvis på god veg. Det kostar oss litt å få til dette, før det blir betre, seier Vigdis. Vi må halde ut litt til, vi må ha trua, så blir det bra til slutt. April og våren kjem no og gir oss ny tru og håp om betre og lysare dagar, både på den eine og den andre måten.

Powered by Labrador CMS