– Draumen gjekk i oppfylling: Vidar og Vebjørg har kjøpt sveitservillaen Brandtheim.

Eit hus med sjel

Det var heilt tilfeldig at Vebjørg Grønning Svinsås kom over boligannonsen på Finn. Sveitservillaen Brandtheim i Surnadal var til sals. – Eg sendte linken til Vidar og fekk raskt eit svar: «Vi skal på visning».

Publisert

Da Vebjørg Grønning Svinsås og Vidar Svinsås såg boligannonsen budde dei i Rindal. Begge hadde arbeidsplass i Surnadal, men dei hadde ingen planer om å flytte.

Avgjersla tok dei likevel raskt. Dette var ein sjanse dei truleg aldri fekk igjen. Det var ein torsdag Vebjørg såg boligannonsen, onsdagen etter var huset kjøpt.

– Med ein gong eg kom inn i huset var det noko som fell på plass. Eg kjente at det var ein godt plass å vera. Atmosfæren var så lun, og huset hadde ein sjarm som berre gamle hus kan ha. Eg tenkte at «her vil eg bli gamal».

– Draumen gjekk i oppfylling, smiler Vebjørg.

Brandthusa sommaren 2022

Måling og møblering

Huset var bygd i 1897 av Enkefru Brandt, og var ein av dei første sveitservillaene som vart bygd i Surnadal.

Da paret overtok huset var det ikkje mykje som måtte bli gjort før dei flytta inn.

Dei ville kun måle, og gjere nokre småting. Gjennom sider på internett fekk dei kunnskap om farger og tapetmønster som var vanlege i sveitervillaer på den tida huset vart bygd.

– Kva farger dei brukte i akkurat dette huset var vanskeleg å finne ut, men vi tok utgangspunkt i informasjonen om sveitservillaer vi fann på nettet.

Stua måla dei i ei mørk blåfarge.

–Blå var ein dyr farge på den tida, men det kan da hende at dei hadde råa til det i dette huset. Rosa var den billigaste fargen, alle hadde visst rosa kjøkken, fortel Vebjørg.

Møblane er både frå huset dei hadde i Rindal, og nye skattar dei har funne på Finn.

Takrosett: I stua har dei montert ein takrosett og måla veggane blå.
Spisestue: Vebjørg leita på internett for å finne kva farger ein brukte i sveitserhus på slutten av 1800-talet. Spisestua er måla i ein lys grønfarge.

I taket i stua har dei montert ein takrosett, og på eit av soveromma har dei rive ut veggen til kottet og laga ein sovealkove. Dei vil ikkje gjera så mykje meir med huset, ikkje enno iallfall.

Kott vart til seng: Eit av pikeromma fekk seg ein koseleg sovealkove
Gamal tapet: Da Vidar reiv veggen til kottet kom det fram ein rosetapet. Dei har teke vare på tapeten og ramma han inn i eit gamalt glas.

– Eg trur kanskje det er tømmerveggar på stua, men vi har ikkje forska så mykje på det enno. Det er viktig for oss at vi ikkje gjer så mykje at huset mister sjela si. No er huset veldig «oss», seier Vebjørg.

Enkefru Brandt

Vidar og Vebjørg fekk litt informasjon om huset av den tidlegare eigaren, men var nysgjerrig på å få vite meir. Kven var denne «Enkefru Brandt» som hadde bygd husa?

Vebjørg la ut eit spørsmål på Facebooksida «Surnadal i bilder», kanskje nokon hadde eit bilde av fruen? Ho skreiv:

«Heisann! Vi har kjøpt et gammelt hus fra 1897 i Surnadal – Villa Brandtheim. Vi kunne så gjerne tenkt oss et bilde av enken som bygde denne villaen, men vi kan ikke finne noe på nett. Noen som kan hjelpe oss? Hennes navn var: Anna Margrethe Brandt (født Broch) f. 1832. Hun var gift med Proprietær Henrich Marguido Brandt (1827-1892), han har jeg funnet bilde av. Håper noen kan hjelpe oss.»

Ho fekk raskt svar, eit skjermbilde frå «Heimar i Surnadal» der Hans Hyldbakk har skrive om huset, og ein link til fylkesfotoarkivet. I fylkesfotoarkivet fann ho bilde av Enkefru Brandt, sveitservillaen og eit kaffelagsbilde utanfor huset. Vebjørg er takksam for hjelpa.

– Det er så fantastisk at så mange har teke seg tid til å hjelpe oss.

Enkefru Brandt: På fylkesfotoarkivets nettside står dette under bildet av Enkefru Brandt: «Fru Brant f. 1832, g.m. Maguido Brandt, brennevinskontrollør. Som brennevinskontrollør dro han rundt og kontrollerte volum for brennevinlaging.»
Brandtheim: På fylkesfotoarkivet var også dette bildet. «Enkefru Brandt's Villa - Brandtheim, Øye, Surnadal. Det var Anna Magdalene Brandt som fekk bygd denne villaen i 1897 på tomta til Klokkargarden. Dette var visstnok den første villabygninga i meir moderne stil i Surnadal. Derfor stod "Enkefru Brandts Villa" i avisa "Surnadølen" som noko utanom det vanlege, skriv Hans Hyldbakk. Magdalene Brandt f. Broch var f. 2/4 1832, og var enke etter proprietær og brennevinskontrollør Henrich Marguido Brandt, f. 27/11 1827. (Informanter: Hans Hyldbakk/Magne Holten)»
Hageselskap: Vebjørg er ekstra glad i dette bildet, og har planer om å gjenskape det med døtrene sine neste sommar. På fylkesfotoarkivet sine nettsider står det: «Ved Brandtgarden på Øye. Frå venstre: Maret Ågesen, 1864-1947. Marta Georgine Brandt 1865-1926. Anna Magdalene Brandt, f. Broch, 1832-1927. Magdalene var enke etter propritær brennevinskontrollør Henrich Marguido Brandt, 1827 - 1892. Magdalene Brandt bygde husa i 1897. Gine var første formann i Surnadals frisindede ungdomsforening skipa i 1901.»

Eit hus alle veit om

Bilda frå fylkesfotoarkivet har kome opp på veggen i stua.

– Det er skikkeleg koseleg å ha Enkefru Brandt på veggen, seier Vebjørg.

Huset, som på bygda blir kalla «Brandthusa», er eit hus folk kjenner til i Surnadal. Vebjørg fortel at mange spør henne om huset.

– Eg har ikkje tal på kor mange som har sagt «Du har kjøpt draumehuset mitt!».

Vebjørg blir berre meir glad i huset di lengre ho bur der. Ho likar å ha små og store prosjekt både inne og ute.

– Vi har prioritert huset innvendig denne sommaren, neste vår og sommar skal vi planlegge hagen. Vi likar å halde på, og det er ikkje eit problem, vi blir ikkje arbeidsledige med det første.

Vebjørg tykkjer det er litt gøy at både ho og Enkefru Brandt er frå Trondheim. I Enkefru Brandt villa vil Vebjørg vera.

– Eg vil gå bort med tøflane på i dette huset, seier Vebjørg og smiler.

Powered by Labrador CMS