Trollheimstankar

Olav Bergheim er flyktningkonsulent i Surnadal kommune

Det heiter ikkje: eg - no lenger

Hei, Olav! Har du lyst til å dele eit dikt eller ein tekst med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

– Det er så mange fine dikt å velje i, eg veit ikkje heilt kva for eit eg skal velje, seier Olav Bergheim.

Han likar å lese dikt, seier han, dei rommar så mykje livsvisdom med få ord. Olav har fleire diktbøker frå barndomsheimen, desse blar han ofte i. Mor hans las mykje for han og søstrene hans da dei var små. Han voks opp i ein heim der det var rom for diskusjonar både om politikk og litteratur. Engasjementet for samfunn og politikk starta tidleg.

– Eg begynte å abonnere på aviser da eg gjekk i 7. klasse, seier Olav og smiler. Først var det Arbeideravisa, etter at ho gjekk ned vart det Arbeiderbladet.

På vidaregåande vart han medlem av SV, seinare gjekk han over til AP.

– Internasjonal politikk, blant anna frigjøringskampen i Latin- Amerika, følgde eg med stor interesse, fortel Olav. Eg var, og er, veldig opptatt av rettferd.

Etter vidaregåande studerte han fleire fag på høgskulen i Trondheim, sosialantropologi, internasjonal politikk og afrikastudier. Han skreiv prosjektskisse til ein master om islamisme, men så fekk han seg jobb som flyktningkonsulent i Surnadal, og sidan har han vore i bygda.

- Skal ikkje så mykje til

Så var det kva dikt han skal velje. Olav vil dele to med oss. To dikt som seier mykje om jobben hans, sjølv om dikta er skrivne midt på 1900-talet, skildrar andre menneskeliv, og eit anna samfunn enn det vi møter i dag.

Det første diktet er «Tung tid tale» av Halldis Moren Vesaas, som vart skrive etter 2. verdskrig.

Tung tids tale

Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!

Halldis Moren Vesaas

Olav jobbar som einingsleiar for vaksenopplæringa og integreringa i Surnadal kommune. Der får flyktningane individuell oppfølging, støtte og veiledning.

– Vi må ikkje berre bry oss om oss sjølve, seier Olav. Vi må sjå oss rundt og sjå om nokon treng oss. Det skal ikkje så mykje til. Det kan vera nok å bli sett, få eit lite smil, litt venlegheit.

– Det er også noko som heiter at ein får att meir enn ein gir. Slik er det ofte, seier Olav og smiler.

Vi må lære av historia vår

Det andre diktet Olav vil dele er «Du må ikke sove» av Arnulf Øverland, som var skrive før 2. verdskrig. Han har valt ut to strofer.

Du må ikke sove

(åttande og niande strofe)

Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap
og tenke på hva der gir vinning og tap!
Du må ikke skylde på åker og fe
og at du har mer enn nok med det!

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov å gå der og glemme!

Arnulf Øverland

– Flyktningane er her på grunn av krig, forfølging og undertrykking, seier Olav. Sjølv om dei fleste trivst godt i Noreg, hadde dei nok valt å vera heime i kjente omgivnader med familien sin, om dei hadde valet.

96 % av alle syriske flyktningar i Noreg har opplevd krigen på nært hald.

– Gjennom sosiale media og nyheitssendingar ser dei korleis krigen øydelegg byane deira, område der dei har familie og vener blir bomba, fortel Olav. Det er tøffe påkjenningar.

Sjølv om det er lenge sidan det har vore krig her i landet, er den enno eit tema vi er opptekne av i Noreg.

– Vi må lære av historia, seier Olav. Dei som kjem til Noreg som flyktningar har kjent krigen på kroppen. Vi må hjelpe dei. Mange har forlate alt dei eig og har. Nokre har til og med vore nøydd til å reise frå borna sine, fortel Olav. Dei kjem og står på bar bakke. Tryggleik og sikkerheit er det dei ynskjer mest for seg og sine.

Menneske er ikkje tal og statistikk

– Det er diverre ein tendens til at flyktningane blir sett på som ei gruppe, og ikkje som enkeltindivid, fortel Olav. Difor er det ein fare for at dei blir ståande til ansvar for kvarandre. Dette er urimeleg, seier han. Dei må bli sett på som dei personane dei er, på godt og vondt.

Flyktningar blir ofte omtala i tal og statistikk.

– Om ein blir kjent med dei, finn ein fort ut at dei berre er vanlege menneske, som deg og meg, seier Olav. Da blir dei ikkje tal og statistikk lenger. Ein må hugse at det å ta i mot flyktningar er eit humanitært oppdrag kommunen har teke på seg, det handlar ikkje om økonomi og kva vi har igjen for det.

– Asylpolitikken blir strengare og strengare, fortel Olav. No er det store diskusjonar om vi skal ta i mot 50 menneske frå Moria-leiren. 50 menneske? På 90-talet da Anne Holt justisminister, beslutta regjeringa å ta i mot 12000 personar i ein massefluktsituasjon. Kontrastane er store.

Ein ressurs for bygda

Olav er glad i jobben sin. Han tykkjer det er godt å sjå at dei han hjelper har lykkast, lært seg norsk, vorte integrert, skaffa seg arbeid og eit godt liv.

Olav Bergheim og Mariseri Niyonsaba. Mariseri har budd i Noreg sidan desember, og går på Surnadal vaksenopplæring.

– Flyktningane i Surnadal er på mange arenaer i kommunen. Dei er på vaksenopplæringa, på vidaregåande, dei arbeider i forskjellige bedrifter, og fleire er tilkallingsvaktar på sjukeheimen, fortel Olav. Dei bidreg og er ein ressurs i kommunen, særleg i eldreomsorgen, seier han.

Integrering og inkludering av flyktningane skjer ikkje av seg sjølv.

– Det er mange som fortener skryt i kommunen, blant anna næringslivet. Dei har gjeve mange flyktningar ein sjanse, som har resultert i at fleire har fått seg jobb, fortel Olav.

Nye familiar

I løpet av mai kjem det tre nye familiar til Surnadal. Desse familiane er frå Kongo. Barna er i alle aldrar, så det blir nye barn i både barnehagane og på skulane. Dei vaksne skal byrje på vaksenopplæringa. Det bur allereie ein familie frå Kongo i Surnadal, dei kom før jul.

Det er ikkje alltid enkelt å kome til eit nytt land. Språket, veret og samfunnet er nytt og annleis.

- Det kan ta ei stund å bli vant med det nye livet, men får dei hjelp går det bra, seier Olav. Vi får løfte litt av børa av dei og vera gode medmenneske.

Powered by Labrador CMS