En ferje over fjorden.
Kvanne - Rykkjem

Arbeid på Kvanne ferjekai fører til endra rutetider på to ferjesamband

Det skal utførast naudsynt forsterkingsarbeid samt forlenging av tilleggskaia på Kvanne ferjekai. Arbeidet vil gå føre seg i to veker frå onsdag 29. november.

Publisert Sist oppdatert

Rutetidene på sambandet Kvanne–Rykkjem vil bli noko endra i perioden. Grunna fartøybyte blir det endringar også på sambandet Arasvika–Hennset. Det vil bli vidare arbeid i fire månader med mindre endringar på rutetidene, men då berre på sambandet Kvanne–Rykkjem. Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Endringar på Kvanne–Rykkjem 29. november – 12. desember

Det blir sett inn ei mindre ferje mellom Kvanne–Rykkjem i den perioden arbeidet går føre seg, slik at sambandet kan haldast mest mogleg opent. Arbeidet kan bli fullført tidlegare enn beskrive.

Kvardagar:
Første avgang morgon kl. 5.15 frå Kvanne. Siste avgang kveld kl. 22.05 frå Rykkjem.

Laurdag:
Første avgang morgon kl. 6.15 frå Kvanne. Siste avgang kveld kl. 23.25 frå Rykkjem.

Søndag:
Første avgang morgon kl. 7.25 frå Kvanne. Siste avgang kl. 22.45 frå Rykkjem.

Vogntog bør velje omkøyringsveg

FRAM oppfordrar alle lasta vogntog til å velje alternative vegar i desse to vekene, då avløysingsferja på Kvanne–Rykkjem har avgrensa kapasitet. Det er som nemnt sett inn ei mindre ferje på sambandet for å halde det opent mest mogleg.

Endringar på Arasvika–Hennset 29. november – 12. desember

Det vil også bli endringar i rutetidene på ferjestrekninga Arasvika–Hennset, grunna fartøybytte. Mannskapsbyte og reglar for kviletid for mannskap gjer at opningstida må reduserast.

Kvardagar:
Første avgang morgon kl. 7.45 frå Arasvika. Siste avgang kveld kl. 20.30 frå Hennset.

Laurdag:
Første avgang morgon kl. 10.15 frå Arasvika. Siste avgang kveld kl. 18.30 frå Hennset.

Søndag:
Første avgang morgon kl. 10.15 Frå Arasvika. Siste avgang kl. 19.30 frå Hennset.

Fire månader med arbeid på Kvanne–Rykkjem frå 13. desember

Etter 13. desember vil det naudsynte forsterkingsarbeidet på Kvanne ferjekai halde fram i om lag fire månader til midten av april 2024. Det blir mindre endringar på sambandet i denne perioden, og ein må halde seg oppdatert på rutetidene i reiseplanleggaren, på nettsidene til FRAM og i FRAM-appen. Her vil det til ei kvar tid vere riktige rutetider. Den vanlege ferja vert sett inn igjen på sambandet i desse fire månadene, og kan då ta med lasta vogntog som normalt.

Powered by Labrador CMS