Trygve Roaldset framom Rotary-plaketten på Surnadal kulturhusClick to add image caption

-Føler at vi gjer ein forskjell

-Målet er å gagna andre, seier Trygve Roaldset, distriktsguvernør i Rotary. Hygiene, helse, utdanning og kvinners rettar er nokre av fokusområda i den globale organisasjonen.

Publisert Sist oppdatert

ôTrygve Roaldset innehar i denne perioden stillinga som distriktsguvernør for distrikt 2275, som omfattar Nordmøre, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms, Finnmark og Svalbard. Dermed er han leiar for 1000 medlemmar i 44 klubbar fordelt på 45 kommunar. Globalt har Rotary 1,2 millionar medlemmer i 170 land/geografiske område.

-Vi arbeider med å støtte ungdom i utdanning, internasjonal kontakt, lokale og globale samfunnsprosjekt og mange andre aktivitetar. Til saman har vi prega liva til hundrevis av millionar menneske verda rundt. Vi utdannar mellom anna fredsmeklarar, og Rotary har utdanna over 100 meklarar så langt.

Fleire norske rotaryklubbar er inne med velgjerdsporjekt her i Afrika. Roaldset nemner arbeid i krigsramma område, tiltak for å betra helse og hygiene og arbeid for kvinner sine rettar. Han kjem med eit døme:

-I Swaziland, har dei ofte ikkje toalett på skulane, elevane går ut i skogen for å gjere frå seg. Der er jentene i fare for å bli valdtekne. Blir dei det, tek foreldra dei ut av skulen og dei endar opp som analfabetar heime. Noko så enkelt som å setja inn eit toalett på ein skule, kan ha store virkningar for mange, fortel Roaldset.

Arbeidet blir gjennomført via midlar frå Rotary Foundation, eit fond som klubbane betaler inn til og kan ta ut pengar frå. Fondet vart stifta i 1917, og er eit viktig verkemiddel i Rotary arbeidet sitt. Dei 2000 kronene kvart medlem betalar i kontingent går rett til fondet. Alt anna er gjort på dugnad.

Bill and Melinda Gates Foundation, er og med på å sponsa nokre av Rotary sinedei internasjonale prosjekt. Stiftinga har mellom anna gitt betydelege midlar til kampen mot hiv/aids, tuberkulose og malaria.

Hygiene hamna på svartebørs

Velferdsprosjekt i framande kulturar får ikkje alltid det utkomma givarene seg for seg, seier Roaldset:

I mange tilfelle er unge lite medvitne om kva som skjer med kroppen i puberteten, og mange jenter har aldri høyrt om menstruasjon før blødningane plutseleg dukkar opp. Hygiena er ikkje alltid så god.

-Ein velmeinande rotaryklubb kjøpte ein palle med bind og sendte til Kenya. Men i staden for å bruka binda, selde dei varene. Binda vart stor handelsvare på svartebørsen.

No er det i staden set i gang hjelp til å sy seg bind, vaska dei og vaska seg sjølve.

-Det er viktig å ha med nokon som har førstehands kjennskap til forholda, seier Roladset.

Kampen mot polio

Rotary har sidan 1979 arbeidd med utrydding av polio.

I 2020 erklerte Verdshelseorganisasjonen polio som utrydda i Afrika. Viruset finst no berre i Pakistan og Afghanistan. Der har kampen mot viruset har vore vanskeleg av angrep på helsearbeidarar og konspirasjonsteoriar, som at vaksina fører til sterilitet. Før Taliban overtok makta i heile landet, innførte dei forbod mot vaksinekampanjar i områda dei kontrollerte.

- Rotary si rolle har vore å få fotfolk inn i heimen og overtala mødrene til vaksine å vaksinera ungane sine, seier Roaldset.

No har FN har klart å forhandla fram ein avtale med Taliban om å ta opp att vaksineprogrammet, og Taliban-styret har lansert ein omfattande kampanje mot polio.

Forståing mellom land og kulturar

Gjennom «Youth service», driv Rotary ulike program for ungdom. Ungdomsutvekslinga er ein del av Rotarys sin internasjonale teneste.

Den omfattar mellom anna skuleutveksling, der norsk ungdom får moglegheit til å ta eit års skulegang i utlandet, og elevar frå andre land kan kome hit.

-Rotary eitt av dei beste utvekslingsprogramma i verda, meiner Roaldset, ungdomane bur privat hos rotarymedlemmer i landet dei kjem til

Klubbane i Rotary arrangerer ôg to vekers sommarleir for barn av rotarianarar. I Surnadal vart det arrangert ein slik leir i oktober 2022

-Brekkøya camping var fylt opp av ungdommar, smiler Trygve Roldset. Surnadalske rotarianarar heldt vakt.

-På den måten får vi gi noko tilbake til det lokale næringslivet. Roaldset vil ôg nemne og det gode samarbeidet dei har med Thon Hotell Surnadal.

Vi får låna lokale gratis lokale til møta våre, samstundes brukar klubben hotellet når det er distriktsmøte, slik dei arrangerte hausten 2022, og på den årlege middagen klubben arrangerer for pasientane på rehabiliteringa på sjukeheimen.

-Vi gir og får tilbake, vinn-vinn, smiler Roaldset.

Roladset, i rolla som distriktsguvernør, tok imot rotarianarar fra distrikt 2275 til distrikstmøte i oktober. Bak heng rekonstruksjon av vikingesverdet frå Mo som rotaryklubben tok initiativ til å lage

Med bil til Ukraina

-Rotary var raskt inn med hjelpemateriell i Ukraina. Ukrainske rotyarymedlemmar tok imot hjelpa på grensa, og førte den vidare inn i landet.

Surnadal og Verdal Rotaryklubbar kjøpte ein bil for å køyra matvarer og bandasjar inn mot grensa.

- Det gjorde det mykje enklare og raskare i og med at me samarbeidde med folk som kjenner forholda. Med målretta hjelpetiltak kan ein gjere mykje med lite pengar.

Rotary i Ukraina har vekse etter at krigen starta og Roaldset ser ein klar samanheng.

- I Skandinavia har vi eit godt velferdssamfunn og mindre behov for bistand. Dermed er det ikkje så mange offentlege prosjekt her, siger Roaldset. Samfunnet her er svært bra, men har me nådd toppen no? Historia fortel oss at det vil gå nedover igjen. Vi er avhengig av internasjonale samband, og det trenar vi på gjennom Rotary.

Roraryklubben i Surnadal møtest kvar 14. dag i Svorkasalen på Kulturhuset. På den eine veggen i foajeen heng ein plakett som viser at her held klubben til. Slike skilt heng på alle stadar rotaryklubbar møtest.

-På møta har me til dømes besøk frå næringslivet, av kunstnarar eller kommunale leiarar. Møta varer i ein time, og det er me ganske strenge på, me skal ikkje oveskride tida. Ein annan regel ein rotarianar bør følgja er besøk til andre klubbar.

-Dersom eit medlem er på ein stad med rotaryklubb, til dømes på ferie eller anna reise, er han eller ho forplikta til å gå på møte i den lokale klubben. Me har fleire gonger hatt besøk av rotarianarar som er i Surnadal på ferie.

-Å vere rotarianar er spanande, siger Roaldset, ein blir kjent med mykje folk og får oppleva mangt. Ein møter folk frå heile verda.

Sjølv har han vore både i Praha på Island og i Houston.

Særleg som distriktsguvernør får han oppleva mykje.

-Distrikstguvernørrolla er eigentleg ei slags leiarutdanning. Eg skal vere ispirator for klubbane i distriktet mitt, og fer rundt og held foredrag. Då eg starta som distriktgubernør fekk eg mykje hjelp, tips og støtte frå tidligare gvuvernørar. I rotarysystemet er det velig godt miljø, alle støttar kvarandre og vil at andre skal få det til.

Guvernørane blir vald etter nominasjon av eigen klubb, deretter i eit panel av noverande, påtroppsande og tidlegare guvernørar.

Som distrikstguvernør har Roaldset ein stab på Stab på 16, og dessutan 5 assisterande guvernørar til å hjelpa med den daglege drifta.

Roaldset legg ikkje skjul på at det blir litt arbeid. Han brukar i gjennomsnitt 2-3 timar kvar dag. Alt arbeidet er gjort på dugnad og han har ingen godtgjerdsle.

-Som sjølvstendig næringsdrivande, bruker eg av tida er kunne nytta til arbeid, slik sett tapar eg pengar. Når eg reiser får eg dekt reisa, det er alt. Men det er så givande arbeid at det er verd det, smiler Roaldset.

-Velkomne

-Er det vanskeleg å komma gjennom nålauget som medlem i Rotary?

-Ikkje i det heile teke. Om du vil bli medlem, blir du godt motteke av klubben, vi ønskjer nye medlemmar. Dersom du tenkjer at dette kunne vore noko for deg, kan du komma på eit møte eller to for å observera. Klubben kan i prinsippet nekta personar å bli med. Det har vel skjedd, men det er ytterst sjeldan.

Alle som er genuint interessert i å gagna andre er velkomne hos oss, men vi er ikkje interesserte i folk som er ute etter å gagna seg sjølv. Ein sjeldan gong kan det dukka opp slike ôg, dei oppdagar vi raskt, seier Distriktsguvernøren

-Vi arbeider for å gjere verda betre, og vi føler at vi gjer ein liten forskjell.

Powered by Labrador CMS