Kommunestyremøte i Surnadal

Vedtok stramt budsjett

På grunn av dei nye koronarestriksjonane gjennomførte kommunestyret i Surnadal desembermøtet sitt på Teams. Budsjett og økonomiplan var som vanleg den største og viktigaste saka på årets siste møte.

Publisert

Økonomisjef Martha Torvik helt ei orientering om budsjettet, og det var eit stramt budsjett som vart lagt fram for politikarane.

Det vart lagt fram fleire tilleggsforslag til budsjettet.

Johannes J. Vaag (Frp) la fram forslag om at kommunestyret ber kommunedirektøren om å vurdere å ta i bruk 2-4 nedlagte sjukeheimsplassar for å avhjelpe situasjonen med mottak av utskrivingsklare pasientar frå sjukehus. Dette forslaget fall mot 20 stemmer.

Annett Ranes (Ap) la fram forslag om at kommunen skal ta inn minst 6 nye lærlingar i året, og at einingane som tek inn lærlingar får kompensert dette med auka ramme. Forslaget fekk 25 stemmer og vart vedteke.

Nils Petter Tonning (Frp) la fram eit forslag om å sjå på meir konkurranseutsetting og kjøp av fleire tenester, i staden for eigne tilsette. Dette forslaget fall mot 23 stemmer.

Eli Vullum Kvande (MDG) la fram forslag om at kommunestyret ber om ei oversikt over kva som trengs av driftsmidlar for å ivareta god standard på kommunale bygg og vegar, og at ein ser på prioriteringar og kapasitet til å gjennomføre dette opp mot nye investeringar. Forslaget vart vedteke mot 1 stemme.

Ole Stensby (SV) la fram forslag om å ikkje auke husleiga for kommunale utleigebustadar for 2022. Dette med bakgrunn i at strømmen har vorte mykje dyrare. Han påpeikte og mange meiner at prisen på kommunale utleigebustadar i ein del tilfelle er høgare enn standarden tilseier. Forslaget fall mot 25 stemmer.

Ragnhild Ansnes Moe (Sp) og Lars Inge Kvande (Sp) la fram forslag innan teknisk drift. Forslag om å lage ei politisk sak om status på Øyabrua i Todalen vart vedteke mot 1 stemme. Forslag om å sette av 5 millioner kroner til utbedring/nybygg av bruer i nedre Todalen i investeringsbudsjettet for 2023 fall mot 15 stemmer.

Ole Stensby (SV) la fram forslag om å presisere at dei som får auka sosialstønad fra NAV ikkje skal få avkorting i andre ytelser frå NAV som følge av dette. Forslaget vart vedteke mot 9 stemmer.

Margrethe Svinvik (Sp) la fram forslag om at det skal leggast til rette for at ungdomsrådet får arbeide mot radikalisering og utanforskap i 2022. Forslaget vart einstemmig vedteke.

Ordføraren la og fram forslag om at det blir servering på kommunale utvalsmøte som i 2020. Forslaget vart vedteke mot 6 stemmer.

Forslaget frå formannskapet om ikkje å gå over til tre veker feriestengt i barnehagane, men oppretthalde to veker feriestenging, vart einstemmig vedteke.

Formannskapet si innstilling til budsjett og økonomiplan, med dei tilleggsvedtaka som fekk fleirtal, vart einstemmig vedteke.

Powered by Labrador CMS