Surnadal kommune melder:
Kommunedelplan for naturmangfald i Surnadal kommune er på høyring
Innspelsfrist 26.mars
Det er eit nasjonalt mål i Norge at ingen artar eller naturtypar skal utryddast. Vidare heiter det at utviklinga til trua og nær trua arter og naturtypar skal betrast. Påverknad frå menneske på naturen skal med andre ord ikkje føre til at artar og naturtypar blir borte. Mange av dei trua artane og naturtypane treng derfor at vi set inn tiltak for at dei ikkje skal bli utrydda.
Plan for naturmangfald i Surnadal kommune beskriv naturmangfaldet vi har i kommunen, men også kva utfordringar vi har med å ta vare på det. Planen beskriv korleis vi skal arbeide for å bevare naturmangfaldet vårt gjennom strategiar og tiltak. Dette gir føringar for korleis vi skal arbeide i planperioden. No har du sjansen til å påverke forvaltninga av naturmangfaldet i Surnadal kommune.
Høyringsdokument
Planen finn du på denne nettsida (Framsikt)
Du kan også laste ned planen som PDF. (PDF, 9 MB)
-Manglar planen viktig informasjon om naturmangfaldet i Surnadal?
-Stakar planen ut rett kurs mot eit berekraftig samfunn?
-Saknar du viktige tiltak eller burde dei bli prioritert annleis?
Send oss skriftlege innspel innan 26. mars 2024.
Send innspel til post@surnadal.kommune.no eller Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.