Surnadal kommune melder:

Surnadal kommune sin logo/komunevåpen

Eigedomsskatt 2024

Skattelista for eigedomsskatt i Surnadal kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset frå 01.03.2024. Den blir og lagt ut på Surnadal kommune si heimeside. Skatten er 7 ‰ av taksten med unntak for bustader og fritidsbustader der skatten er 3,4 ‰ av berekningsgrunnlaget. Skatten for 2024 forfell til betaling saman med kommunale avgifter. Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare. Klagen skal være skriftleg og sendast: Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller på e-post post@surnadal.kommune.no, innan 6 veker frå den dagen du mottok eigedomsskatteseddelen. 

Økonomisjefen

Powered by Labrador CMS