Surnadal kommune melder:

Busetting av den første gruppa med flyktningar frå Ukraina

Surnadal kommune har vorte spurt om å ta i mot vår første gruppe av flyktningar frå Ukraina. Dei det gjeld er ei familiegruppe på seks personar, som for tida sit i eit flyktningmottak i Målselv. To av desse er barn.

Eininga vaksenopplæring og integrering er no i dialog med det aktuelle mottaket og våre interne tenester for å førebu busetting.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS