Førebels rekneskap for Surnadal kommune 2020 viser overskot:

Økonomisjef Martha Torvik, kommunedirektør og Knut Haugen og ordførar Margrethe Svinvik i Surnadal.

– Vi kan senke skuldrene litt, men faren er ikkje over

Det seier kommunedirektør Knut Haugen, etter at kommuneleiinga torsdag la fram ein førebels rekneskap for 2020, med 8,9 millionar i overskot.

Innan 22. februar må alle kommunar rapportere førebels rekneskapstal for 2022 til Kostra/SSB. Torsdag inviterte Surnadal kommune til pressetreff, der dei gjekk gjennom sine tal.

Og tala kommunedirektør Knut Haugen og økonomisjef Martha Torvik kunne presentere, var av det positive slaget. Etter 16 millionar i driftsunderskot i 2019, viser den ureviderte rekneskapen for 2020 solide 8,9 millionar i pluss. Dette utgjer 1,5 prosent av omsetninga.

– Eg trur ikkje at eg, i løpet av mine åtte år i denne jobben, har vore med på å presentere så gode tal, seier Knut Haugen, og legg til:

– Det er veldig mykje artigare å legge fram eit resultat som dette, enn eit på 16 millionar i minus. Samtidig er det klart at drifta ikkje er snudd på hovudet på eitt år – for det er ho ikkje. Vi driv framleis for dyrt, så vi må sjå dette i eit langsiktig perspektiv.

Hadde ytre faktorar med seg

Mot slutten av ein kommune sitt rekneskapsår, er det fleire utanforliggande forhold som påverkar rekneskapen. Døme på dette er mellom anna rammetilskot frå staten, skatteinntekter, rentenivå og pensjonskostnader. Kva utslag desse faktorane får på rekneskapen frå år til år, er vanskeleg å spå, og ifølgje Haugen har Surnadal kommune ofte opplevd at dei har fått ein negativ effekt.

– Av og til har vi følt det litt urettferdig når vi har måtta stått til rette for underskot, forårsaka av ytre faktorar. Samtidig betyr det at det no er litt avgrensa kor mykje kan slå oss på brystet når vi går med overskot, sidan det er utanforliggande forhold, som bidreg til eit positivt resultat. Det er mange som har gjort ein god jobb internt, men det er ikkje berre det, som gjer at resultatet er godt, seier Haugen.

I 2020 gjekk dei ytre faktorane nemleg i stor grad kommunane sin veg.

Både rammetilskotet og skatteinntektene vart høgare enn budsjettert, samtidig som ein fekk lågare renteutgifter enn budsjettert, mindre pensjonskostnader og redusert arbeidsgjevaravgift - sistnemnde som følge av pandemien.

Det gjorde altså at ein i Surnadal gjekk frå ein prognose på rundt 0 etter tredje kvartal, til nærare ni millionar i netto driftsresultat.

– Vi er ikkje den einaste kommunen som har opplevd at desse tala har gått i vår retning akkurat i år, seier Martha Torvik, og forklarar:

– Renta har vore frykteleg låg i år, og det har gjeve oss ein gevinst på om lag tre millionar kroner. I tillegg har vi totalt fått inn totalt om lag fem millionar kroner meir i tilskott og rammeoverføringar, inkludert såkalla koronamidlar. Samtidig har skattenedgangen ikkje vore så stor som venta, og vi har fått redusert arbeidsgjevaravgift på rundt tre millionar kroner.

Ho fortel at ein ikkje kan vente at dei same faktorane bidreg like positivt i 2021.

– Vi har budsjettert med høgare renteutgift i 2021, og ekstra rammeoverføringar vil gå ned att når koronapandemien går over, så der har vi budsjettert lågare i 2021. Det er fleire forhold som har gått i vår retning i 2020, som vi tenkjer at ikkje vil vare.

Enn så lenge er likevel fleire av dei ytre faktorane fordelaktige for norske kommunar, og Torvik har mellom anna snakka med Kommunal Landspensjonskasse (KLP) for å få ein peikepinn på kva nivå pensjonsinnbetalingane vil ligge på i 2021.

– KLP seier at pensjonskostnadene er på rett nivå no, og at vi ikkje skal måtte betale meir i 2021, sjølv om vi betalte inn litt mindre i 2020. I tillegg er rentene framleis låge, men vi veit jo ikkje kor lenge det varar. Det same gjeld koronamidlar, som vi får så lenge pandemien har så mange restriksjonar som no. Heller ikkje her veit vi jo omfanget av tilskotta vi vil få, så konklusjonen må vel i grunn vere at det er usikkerheit knytt til desse ytre faktorane, seier Torvik, og legg til:

– Vi er heldige, som har så lite smitte i Surnadal. Får vi eit lokalt utbrot, slik at vi til dømes må opp på raudt nivå på skular og barnehagar, kostar det fort mykje pengar på kort tid.

Knut Haugen supplerer:

– Ja, og også nasjonale restriksjonar, som ikkje nødvendigvis er knytt til lokale utbrot, vil gje kostnader for oss.

Kommunedirektør Knut Haugen, økonomisjef Martha Torvik og ordførar Margrethe Svinvik i Surnadal

Aukar disposisjonsfondet

Torvik og Haugen er glade for at ein no får til å auke kommunen sitt disposisjonsfond igjen.

– Ved inngangen til 2019 var disposisjonsfondet på nesten 25 millionar kroner, så gjekk det ut 16 millionar kroner på bruk og meirforbruk det året. Dette positive resultatet gjer at vi får auka dette med 4,2 millionar kroner, slik at vi ved inngangen til 2021 har eit disposisjonsfond på 12,8 millionar kroner, seier Torvik.

– I 2019 var det berre seks kommunar i Møre og Romsdal som hadde positivt netto driftsresultat. Det tyder på at rammeoverføringane er for låge. Så eg håpar det at vi no kan legge fram eit overskot ikkje skapar eit inntrykk av at det problemet er over. Vi trur denne eksterne draghjelpa var eit eingongstilfelle, men det gjev oss ei pustepause, og eit mykje betre utgangspunkt for det vidare arbeidet, seier Haugen.

Sjølv om disposisjonsfondet no kan aukast igjen, jobbar kommuneleiinga nemleg vidare, som om det var tomt.

– Ja, sjølv om fondet no er på 12,8 millionar kroner, trur eg vi framleis må seie at det er tomt. Det er lurt å ha litt på lur, for det kan skje at ting går i ei anna retning seinare, seier Haugen, og får støtte av økonomisjef Torvik:

– Det er all grunn til å vere forsiktig, og framleis seie at det er tomt.

Ein av grunnane til det, er at 2020-rekneskapen viser at einingane i kommunen til saman har eit meirforbruk på tre millionar kroner. I løpet av 2020 har einingane, gjennom budsjettkorrigeringar, fått tilført 13 millionar kroner i tillegg til opprinneleg budsjett. Attåt dette kjem seks millionar kroner, som var sett av, som lønsmidlar.

Førebels tal for 2020 viser at 10 einingar enda med meirforbruk, og 12 med mindreforbruk, ifølgje Torvik, som samtidig er tydeleg på at ho vil gje einingsleiarane ros for måten dei har handtert 2020 på:

– Det er all grunn til å skryte av einingsleiarane etter det som har vore eit usikkert og vanskeleg år, med stor ekstrabelastning for mange. Samtidig er det viktig at vi ikkje tenker at vi er i mål, for ikkje alle korrigeringane som vart gjort i 2020 vert vidareførte til 2021. Så vi må halde fram jobben med å effektivisere drifta vår, seier ho.

Torvik er og full av lovord om økonomiavdelinga i Surnadal kommune.

– Det er rett og slett dei beste arbeidsfolka eg har vore ilag med. Dei har måtta forhalde seg til ny kommunelov og pandemi og har stått på og verkeleg gjort ein god jobb.

Kommunedirektør Haugen er raskt framme og nyttar høvet til å rose økonomisjef Torvik, som starta i jobben 1. august i fjor.

– Martha hoppa rett inn i ein budsjettprosess, som kanskje er den mest krevjande tida i året. Den måten ho har angripe dette på, har vore veldig bra, seier han, og legg til:

– Mange av reguleringane i 2020, vart gjort første halvår. Så hadde vi betydeleg betre økonomistyring i andre halvår. Det fortener einingsleiarane, einingane og også kommunestyret og den politiske leiinga ros for.

Haugen poengterer at tala som vart lagt fram torsdag er ureviderte, førebels tal, og at formannskap og kommunestyre får rekneskapen på bordet i april-mai.

Fornøgd ordførar

Ordførar Margrethe Svinvik (Sp) tykkjer det er godt å høyre om det solide resultatet.

– Det er store tal vi held på med, og noko prøvar vi å jobbe med sjølv, for å komme på rett nivå i drifta vår. I tillegg kjem alle summane vi ikkje har kontroll på, og samla har ein sjølvsagt eit mål om å ende på pluss-sida. Det har vi klart, med godt arbeid og litt tilfeldigheiter, seier ho, og fortsett:

– Vi er i ein prosess der målet er å få økonomien på rett kjøl, og å få ned driftsnivået, og den må vi halde fram med. Vi veit vi har store utgifter innan helsesektoren framover, og befolkningssamansetninga endrar seg. I tillegg held vi på å bygge ny skule, som vi skal ha råd til å sette opp.

Svinvik omtalar dei positive tala som eit «klapp på skuldra etter ein god start».

– Ja, det er mykje arbeid att, men vi er på rett veg. Sekunderingane er gode, så får vi sjå om kondisen held, smiler ordføraren, og legg til:

– Vi kunne ikkje fått eit betre lag som jobbar med dette, enn det vi har her i kommunen, og eg opplever at det politiske samarbeidet har vore einsretta for å få til dette. Det er jo slik at når disposisjonsfondet er oppbruka, då må ein ende på plussida. Ein pluss på knappe ni millionar kroner er ikkje mykje når totalen er så stor, men det er ein god pluss.

Ordføraren trur resultatet vil kome med i tida framover.

– For ein del er det kanskje ein naturleg respons på eit slik overskot, at ein tenkjer at det var unødvendig å kutte forskjellige ting som har vorte kutta. Saka er at dette er pengar vi treng å ta med oss vidare, for å skape eit godt lokalsamfunn. Vi skal vere glade for at vi ikkje har bruka opp alt, og vi skal bruke pengane til å gjere tenestene endå betre, og få endå meir att for dei pengane vi har.

Powered by Labrador CMS