Orienterte kommunestyret om Surnadal barne- og ungdomsskule:

Byggherreombod Helge Rønning (på talarstolen) orienterte kommunestyret om status på prosjektet Surnadal barne- og ungdomsskule.

Ligg framfor skjema med ny skule

Nye Surnadal barne- og ungdomsskule (SUBUS) skal etter planen stå klar 1. desember. Torsdag melder byggherreombod Helge Rønning frå XPRO at nybygginga har gått raskare enn venta, og rosar entreprenør Consto og Surnadal kommune.

Publisert Sist oppdatert

Kommunestyret i Surnadal fekk torsdag ei orientering om status for skuleprosjektet på Øye, der Surnadal barne- og ungdomsskule er under bygging.

Sjølv om byggherreombod Helge Rønning frå XPRO AS fortalte at det alltid vil dukke opp ting på slike store prosjekt, slo han fast at ein så langt held seg innanfor rammene - både når det gjeld tid og pengar.

– Vi har ein kontrakt på totalentreprisen med Consto på 138,6 millionar kroner, ekskl. mva, og per dags dato har vi forplikta oss til endringar for til saman 2,7 millionar kroner. På eit så stort prosjekt er det relativt lite, sa Rønning, og la til:

– Per i dag har eg tru på at vi skal greie dette godt innanfor budsjettet, og det vil i så fall vere ganske bra, meiner eg.

Har påbod om munnbind

Om ekstrakostnadane fortalte Rønning at ein mellom anna fann ut at eit røyranlegg i grunnen måtte skiftast ut, og det same med eit straumskap, som var for dårleg. Omlegging av fjernvarme er og blant dei største ekstrakostnadane så langt.

– Vi har og valt å endre litt på ombygginga på ungdomsskulen, fordi ein har sett at trinna i framtida blir annleis, seier Rønning.

Han fortalte at det vert teke ekstra HMS-tiltak i samband med koronapandemien.

– HMS har naturleg nok vore ei utfordring. Ikkje i den forstand at ting har gått gale – vi har ikkje hatt nokon skader, som har ført til fråvær. Koronaen skapar utfordringar, men eg tykkjer vi har hatt god kontroll. Folk et i små grupper, det er handsprit overalt og ein periode no har vi hatt påbod med munnbind. Det køyrer vi heilt til vi ser at det er greitt å sleppe opp igjen, seier Rønning, og legg til:

– Tiltaka har fungert godt, og det har ikkje vore koronatilfelle, som kunne øydelagt prosjektet, så langt.

Helge Rønning, XPRO AS (Arkivbilde).

Rosar Surnadal kommune og Consto

Rønning gjorde det klart at ein ligg godt an med tanke på planlagt overtaking 1. desember.

– Vi ligg faktisk litt framfor skjema per i dag. Nybygginga har gått raskare enn vi tenkte.

Byggherreombodet delte ut ros til Surnadal kommune og Consto.

– Det har vore ei glede å vere med på prosjektet. Stemninga har vore veldig god, og Consto er ein utruleg bra entreprenør å forhalde seg til. I tillegg er dei heilt klart lokalpatriotar, det ser ein på haldninga deira, og at dei i all hovudsak handlar lokalt og brukar lokale leverandørar.

– Det er dei ikkje forplikta til å gjere, og det er heller ikkje noko vi kan pålegge dei, men dei har vore flinke, seier Rønning.

– Å bruke lokale leverandørar er veldig viktig for oss, og noko vi er bevisste på heile tida, seier Anders Grimsmo i Consto til Trollheimsporten.

Orienteringa kom etter at Olav Rønning, einingsleiar for teknisk drift i Surnadal kommune, hadde ei liknande orientering om omsorgsbudstadane på Bårdshaugen. Der ytra Ragnar Halle (Sp) håp om at ein ville bruke Royal-kledning på bygget, etter at det vart brukt ein annan type kledning på nyskulen.

Byggherreombod Helge Rønning adresserte dette i si orientering.

– Vi måtte skyve til side Royal-impregnert kledning, fordi den ikkje var godkjent i den brannklassa, som dette prosjektet krever. Vi valte ei anna kledning, som er godkjent. Vi sa heile tida at vi ville bytte tilbake til Royal-kledning, dersom den vart godkjent i tide, men det skjedde ikkje.

– No har vi teke til å kle med den andre kledninga, fordi Royal framleis ikkje er godkjent. Då må vi halde oss til regelverket. Dessverre. Det er ingen som er fornøgde med det, og vi er like misfornøgde med at vi måtte byte kledning, som alle andre. Det var ikkje noko vi hadde lyst til, sa Helge Rønning til kommunestyret.

Powered by Labrador CMS