Rektor Hilde Andersen, John Bjørnar Eggen Sæther (representant fra elevrådet) og daglig leder i Sparebanstiftelsen Surnadal Sparebank, Kathrine Mauset.

Vidaregåande feira 50 år – fekk stor gåve frå ny stiftelse

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank gav jubilanten 100 000 kroner, som skal brukast på nye sitjegrupper og bordtennisbord.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag og torsdag feirar Surnadal Vidaregåande skole 50-årsjubileum – og både tidlegare og noverande elevar og tilsette, samt representantar frå samarbeidspartnarar og næringslivet har vore med.

Under seansen for dei to sistnemnde gruppene, etter lunsj torsdag, fekk skulen 100 000 kroner i gåve frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank.

Stiftelsen, som vart etablert samtidig med at Surnadal Sparebank og SpareBank 1 Nordvest slo seg saman til SpareBank 1 Nordmøre, gjorde med det si aller første gåvetildeling.

– Utruleg viktig for oss som bur her

Dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, Kathrine Mauset, seier til Trollheimsporten at bakgrunnen for gåva er at stiftelsen meiner skulen er til enorm nytte for surnadalssamfunnet.

– Når dei no hadde jubileum, ønska vi å vise omverda og samfunnet kor viktig Surnadal Vidaregåande skule er for Surnadal. Det er få ting som kan måle seg med det å gje ungdom ein god start på vaksenlivet, seier ho, og legg til:

– At vi har ein slik institusjon, som vi er så stolte av og glad i, som gjev ungdom både læring, meistring og motivasjon, er utruleg viktig for oss som bur her.

Stiftelsen hadde på førehand snakka med rektor Hilde Andersen, som ønska å involvere elevane når det gjeld kva pengane skal brukast til, for å finne noko som kan ha varig verdi. Konklusjonen var at gåva frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank skal gå til nye sitjegrupper og bordtennisbord.

– Det bidreg til betre både trivsel og miljø, og kan og vere med på å pynte opp, så det tykte vi var gode idear. Vi håpar skulen og elevane får stor glede av det, og at det kan vere med på å løfte skulen endå meir, seier Mauset.

Opningsarrangement tysdag

Den nye stiftelsen er faktisk den nest største eigaren i SpareBank 1 Nordmøre. Det skuldast at delar av kapitalen, som Surnadal Sparebank har opparbeidd seg i løpet av nesten 180 år med drift, vart gjort om til eigarandelar i nybanken - nærare bestemt rundt 1,4 millionar eigenkapitalbevis.

Delar av avkastninga på desse eigenkapitalbevisa skal kvart år delast ut til såkalla allmennyttige – samfunnsnyttige - føremål i Surnadal. På den måten kan stiftelsen bidra til eit endå meir attraktivt lokalsamfunn, sa styreleiar Lars Inge Kvande til Trollheimsporten ved etableringa.

– Ja, stiftelsen skal vere ein god eigar i SpareBank 1 Nordmøre, ta vare på tradisjonar og sikre godt lokalbanktilbod i Surnadal kommune. I tillegg skal vi altså dele ut gåver til allmennyttige føremål. Og Surnadal Vidaregåande skule er i så måte midt i blinken, seier Mauset.

Ho vart tilsett som dagleg leiar i stiftelsen i juli i år, og førebur seg no til oppstartsarrangement førstkomande tysdag, 30. november. Det blir, ifølgje Mauset, eit relativt lite arrangement, grunna koronasituasjonen i kommunen – men stiftelsen kjem tilbake med eit større arrangement på eit seinare tidspunkt.

– Under opninga på tysdag kjem mellom anna formannskapet og lokalpressa, og vi skal mellom anna lansere ny, informativ nettside og fortelje grundig om kven og kva vi er. Det er jo første gong vi har ein slik stiftelse i lokalsamfunnet her, seier Mauset, og legg til:

– Det blir noko heilt nytt i Surnadal, ein ny institusjon, som har eit evigheitsperspektiv. Så vi er spente på fortsetjinga.

For ordens skuld: Styremedlem i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, Mari Vattøy, er tilsett i Trollheimsporten, medan nestleiar Heid Snekvik er søstera til journalisten.

Powered by Labrador CMS