Holger Skei og Styrkår Brørs leia allsongmøtet

Surndalske revyskattar fram i lyset

Torsdag arrangerte Senioruniversitetet i Surnadal allsongmøte i Storstua. Temaet var lokale revyviser.

Publisert Sist oppdatert

Holger Skei og Styrkår Brørs losa publikum gjennom ein stor time med ymse surndalske revyviser, akkompagnert av Henning Sommarro på piano. Og her er det mykje å ta av. Nokre kjende bidragsytarar var Jørgen Gravvold, Hans Hyldbakk og konferansierane sjølve.

Styrkår Brørs

Både Holger og Styrkår er ringrevar i teater- og revymiljøet i Surnadal, og hadde henta fram den eine perla etter den andre.

Einar Oterholm, leiar i Senioruniveritetet, introduserte aktørane. Han gav uttrykk for at dei var glade for å vere i gang igjen etter koronapausen.

Ein flott bukett med viser

- Dette må vere den første "hiten" i bygda, meinte Styrkår Brørs da han introduserte "No vil vi søng", skriven av Ola Øye. Øye var lærar og klokkar, og ein kjent mann i bygda. Ved Øye kyrkje har han fått si eiga statue.

Neste vise ut var Sildballdalen, før vi fekk høyre ei vise som Holger Skei sjølv begikk i si tid. Ho omhandlar ein noko fuktig og tydelegvis minneverdig kveld. "Eg har aldri hatt det så artig i mitt syndige liv", var omkvedet.

Holger Skei

Jørgen Gravvold var fast leverandør av viser, og ei som vart trekt fram botna i ei historie fra da Heradshuset skulle byggast på Skei. Det kom fram at både trapper og gangar skulle oppvarmast. Slik luksus hadde surndalingane aldri vore borti før, og Jørgen Gravvold skreiv visa "87 kilowatt", som var den mengda strøm som skulle sløsast bort.

Vi fekk og høyre om damekoret Bævertrall, som Gravvold var musikalsk leiar for. Jørgen skreiv fleire viser til Bævertrall. Å ha eige damekor var visstnok lærerikt for Gravvold, som hevda at han lærte mykje om kvinna sin psykologi dei åra han leia damekoret.

Det blir umogleg å ta for seg alle visene som blei presentert, men eit par til må nemnast.

Vi fekk nemleg vere med då Styrkår Brørs tok steget inn i velferds-Noreg og opplevde det nye fenomenet julebord. Her var det imponerande mengder mat av alle sortar som vart servert - og konsumert.

Også den kjente Øravisa av Jørgen Gravvold må nemnast. Den fornøyelege historia om stakkaren som reparerte gebisset med Araldite, og kom i skade for å herde det såpass hard i omnen at det bråna. Med det resultat at ho enda opp med "kjeften på ein kval", med dei ulemper eit slikt oppsyn fører med seg. Visa skal visstnok vere basert på ei sann historie.

- Jørgen skreiv berre om det som var sant, hevda Holger Skei.

Bok om teaterhistorie

Øyvind Holte fortel om bokprosjekt

Øyvind Holte kom fram og fortalde om ei bok som er i emning, om teater- og revyhistorie i Surnadal. Ideen om bokprosjekt såg dagens lys i 2005, det året revymiljøet i bygda fylte 40 år.

Boka har blitt forsinka av fleire grunnar, no sist av koronaepidemien. Men og av at sjølvaste forfattaren i si tid gjorde andre prioriteringar. Holte skottar bort på Styrkår Brørs, og fortel at det hadde seg slik at forfattaren skulle gå Birken, og hadde i ein periode ikke tid til anna enn å trene, ete havregryn og kvile seg.

Etter kvart som forfattaren kom på andre tankar, vart det skriving igjen, og no er teksten så og seie ferdig. Berre å få på plass bildematerialet står att.

- Svein Sæter er konsulent, og meiner at vi skal ta oss god tid og gjere skikkeleg arbeid i staden for å skunde oss. Så vi har ingen deadline, seier Holte.

Boka, tek for seg åra frå 1965, då teatergruppa i Bygdeungdomslaget kom i gang, og fram til i dag. I 1997 vart Svarraberje Teaterlag stifta, og står i dag for all teatervirksomheit.

Lokala til teaterfolket har betra seg oppover åra. Først held dei til i Trudvang.

- Vi var veldig glade då vi etter kvart fekk vere på Folkehøgskulen, sier Holte. Og i 2002 flytta vi til Kulturhuset.

Skrivekurs

Skal ei vere ein habil tekstforfattar, kan det vere godt med litt fagleg påfyll innimellom, og ein dag hadde nokre av forfattarane bestemt seg for å melde seg på brevkurs i skriving. Problemet var berre at dei var seks stykker, og dei måtte vere sju for å få vere med på kurset. Dette spekulerte dei over då dei satt oppmed Styrkår Brørs og skulle fylle ut papira. Kven skulle dei få med seg?

Men så var det eit klokt hode som la merke til ein kar som låg og slumra midt iblant dei. Han kunne dei melde på! Dermed vart katta Mons Brørs den sjuande deltakaren. Kor seriøst Mons tok kurset, og kor mykje han bidrog med tekstar seinare, seier historia ingen ting om.

Frå slåttatæja til Bøverdalsrock

Henning Sommerro

Henning Sommerro akkompagnerte allsongane på piano heile vegen, men hadde og ein eigen bolk med songar. Her kom blant anna "E slåttatæja" og "Nordmørsminne", og det vart "liv i lærvånj" da han stemte i med Jørgen Gravvold sin "Bøverdalsrock".

Øyvind Holde får blomster av Rolf Arne Berg, og takkar på ekte "koronavis"

Til sist vart det blomster på aktørane, delt ut av Rolf Arne berg, som takka for den flotte stunda, og meinte det var stas at desse visene vart trekt fram i lyset.

Publikum kosa seg, lo og song med. Det lovar godt for eit nytt songmøte.

Powered by Labrador CMS