Trollheimstankar

Bakelsjarnet na Inger. - Her sat svigermor og steika bakels, no er det eg som sit her, seier Elisabet Halgunset

Sigra eller vera?

Hei, Elisabet! Vil du dele eit dikt eller ein tekst med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Vi blir invitert inn på kjøkkenet i Gammelhuset på Nyset i Halgunsetgrenda. Huset er tomt no, men blir bruka som gjestehus og tilhaldsstad. På kjøkkenet har tida stått stille. Dei vil ha det slik. Elisabet steiker bakels på respateksbordet og veden sprakar i den vesle omnen. Kjensla av å komme inn i ein bessmorheim, i ein annan tid, er nær og god. Stemninga for å snakke om store ord og tankar er sett.

G e i t e r a m s

Et gammelt eldsted i skogen.
Et svartbrent søkk
strødd med visne barnåler.
Midt i eldgropa står en kvast
av ung geiterams
svulne knopper
som nikker mjukt i vinden.
Jeg kakker ut pipa mot en stein
og rusler stien videre
mindre ensom enn før, trøstet
av dette grønne gudsordet.
Minnet om en død venn
kommer meg plutselig nær
i den stumme klangen av blå stillhet
over høgdene i vest.

~ Hans Børli ~

Geiteramsen

Det var vanskeleg for Elisabet å lande på eit dikt. Ho har sidan ungdommen samla på dikt og tekster, hatt dagbøker som ho har lima inn utklipp og skrive tankar og minne.

- Eg har aldri berre ein tanke. Eg har tusen, smiler Elisabet. Når eg les dette diktet Geiterams av Hans Børli tenkjer eg på menneska rundt meg, på elevane og døtrene mine og på far min.

- Hans Børli er så lun, eg prøvar å gjera elevane mine glade i han, seier Elisabet. Det er kanskje ikkje så lett å forstå han når ein er 15 år. Mykje om det han skriv handlar om å vera menneske, om «tilværa».

Elisabet Halgunset arbeider på ungdomsskulen i Rindal. Elevane og døtrene hennar minner ho om geitramsen i diktet, dei som kjem etter oss. Kva nytt er det som kjem opp i dagen? Kva slags nye tankar og spørsmål? Kanskje dei tek heilt andre val enn oss?

- Ein gamal eldstad i eit svartbrent søkk, eit bilete på eit brot, der kjem det ei ny tid. Eg vel å tru på det gode i det nye, men som likevel blir tilført næring frå det som har vore, seier Elisabet.

Elisabet har så absolutt trua. Ho ser dei nye, unge lærarane på skulen.

- Dei er på landjorda, seier Elisabet. Dei kan så mykje, og er i «nuet». Eg blir så glad i nye lærarar, dei lærer meg så mykje.

Sjølv om Elisabet er glad for nye krefter, tykkjer ho utviklinga kan gå for fort.

- Eg klarar ikkje å bli religiøs av det digitale. Det høyrest kanskje bakstreversk ut, men vi treng det som har vore før òg , seier ho. Ikkje alt kan løysast med tastetrykk. Eg har trua på «ja takk begge delar», og gjerne handbåren-kunnskap, forklarer Elisabet. Vi treng djupnelæring, og det å læra ved å gjera.

Elisabet skriv: "Det kjennes intenst. Eg sitt i kjelleren med "ein liten vilje" kylling. Utklekt 4 dager etter dei andre i rugekassa, da vi trudde alt var over. Sjølvsagt den vakraste av dei alle! Ramla i drikkeskåla si i dag, tørka innpå bringa mi i kveld, kuren men levende - eg har lita tru, men Viljen er no der. Ingmund kjem ned kjellartråppa med spørsmål om det går greit med kyllingane og eg spør han om det går greit med lamma i fjøset. Det er vår. Det er nytt liv. Tora følger med. Ho har pause som fjøsdreng i desse dager og bjeffer på skjor og postmann som erstatning. Passer opp kattene og veit nok at kva dag som helst så blir det kattunger. Nytt liv. Det er vår og vi bær plantespirer inn og ut av garasje. Ein skal kjenne at ein lever."

«Jeg kakker ut pipa mot en stein»

Etter førestillinga «Hyttebok frå Helvetet» vart Elisabet tenkjande på far sin. Are Kalvø spurte forsamlinga om dei gjekk i fjellet. «Gjekk i fjellet»? Ordlyden hadde vore uforståeleg for far hennar.

-Far hadde pipe, han vart av somme kalla «Pip-Lars». Han var mykje ute, på ekrene, liene og fjella ovanfor garden på Mauseten. Men far "gjekk ikkje i fjellet", han var ein del av fjellet, forklarer Elisabet. Far gjekk aldri i liene og på fjellet for å sigra over ein topp, ståande ved varden med hendene triumferande i lufta. Naturen var krope under huda hans, og han inn i naturen. Pip-Lars hadde ikkje retta opp handa på Are Kalvø-show.

Elisabet klarar ikkje å sjå verdien av å nå toppar og andre populære turmål. Ho øver seg på å bli glad i Knykjen, seier ho med eit smil. Noko viktig har forsvunne når det å sigra over naturen er større enn å vera ein del av den, meiner ho.

- Eg tenkjer vel det eigentleg er ein distanse dei kjenner på, dei som vil sigra over ein fjelltopp. Eit ynske om å erobre vardane som nokon før oss har bygd på grunn av nytte, tidtrøyte, respekt, ære. Det held ikkje å stoppe opp og kvile seg inntil steinane, det må noko meir til. Ei trong til å sigre over toppen. Kreftene. Fjellet. Og ein kan no bli imponert òg eigentleg, eg skal ikkje snakka det ned heller, seier Elisabet og smiler.

«Blå stillhet»

At Elisabet har tusen tankar på ein gong er ikkje vanskeleg å forstå. Avsporingane og bytte av emne gjer at Trollheimsportens utsendte slit med å notere seg alt ho seier. Ho er klar over dette og ler godt av seg sjølv. Til tross for alle digresjonane har ho ei god ro.

Det er godt å snakka med Elisabet, ein ser og kjenner kor engasjert og glad ho er i menneska og miljøet rundt seg, både i Halgunsetgrenda og på skulen ho arbeider.

Elisabet trivst godt i Halgunsetgrenda, der ho og mannen driv med sau i tillegg til anna arbeid. - Her hjelper vi kvarandre, folk er rause, seier Elisabet.

- Eg er glad i folk, i orda, i søget, men orda har ikkje alltid spela på lag, seier Elisabet.

Da Elisabet sjølv gjekk på skulen kunne bokstavane finne på å hoppe rundt, slik at det slett ikkje sto det ho hadde tenkt. Norsklærar og dysleksi? Om det er slik, så er det ikkje eit problem, meir ein fordel, tenkjer ho.

- Trine Skei Grande sa om dysleksi «Det betyr ikkje at ein ikkje kan, ein må berre bruke meir tid». Ein kan ikkje bruke det som unnskyldning til å ikkje gjera det ein har lyst til, seier Elisabet.

Åleinetid for å klårne tankane er viktig for henne.

- I oppveksten gjekk eg oppi skogen eller sat ved elva. Det var noko eg berre måtte. Det var ein stor del av meg, fortel Elisabet. Ho har behovet for stille stunder i dag også. Det er slik ho får nullstilt seg.

- Eg har prøva meg på kjerringklubb tre gonger, men det får eg ikkje til, ler ho. Eg mislukkast i samtaler om interiør, ferieturar og fjelltoppar.

I det stille på småturane sine kan ho kjenne på minna av far sin. Minna over livet hans og alt han representerte.

- Vi ser ofte tida som ein linje eller noko som går framover. Men ein kan lik så godt sjå tida som lag på lag. Augeblink som ligg oppå kvarandre. Far kjem ikkje tilbake, men minna av han er her.

Powered by Labrador CMS