Tradisjonshelg i Rindal

Calle Schewen

- Stængøttj

Dette var kommentaren frå ein av publikum etter at Odd Arne Halaas frå Eide hadde framført kåseriet Radiominner med konsertinnslag lørdag ettermiddag under Tradisjonshelga til Trøen kammersmusikk, Verdens minste festival i Rindal.

Publisert
Minner frå radioen strøymde på!

Odd Arne Halaas drog igang eit friskt og minnerikt kåseri om underhaldninga i radio og fjernsyn frå 60-talet til årtusenskiftet. Det var midt i blinken for publikum i Torshall denne ettermiddagen.

Med kaffe og oppsmort servert av musikkorpset Blæst’n kosa dei seg, humra godt, song med og applauderte til forestillinga.

Vi fekk oppfriska mange gode minne frå tida vi hadde berre ein radiokanal og knapt nok fjernsynsapparat i alle heimar.

Eksempel:

Kuling- og minevarsel i radioen.
Meldingar i programmet reiseradioen til familien som måtte komme heim grunna dødsfall eller at bæra hadde bråmodna!

Underhaldninga var basar med misjonærbesøk og ønskekonserten.

Halaas meinte forresten at ønskekonserten bestod av berre triste songar, og tok fram Vesleblakken som eksempel på det.

Ønskekonserten er over 70 år!

- Folk over heile landet satt og gret til den, sa han. Så drog han den på trekkspelet. Vi song med, men ingen gret. Vi fekk også vere med på å synge Jørgen Hattemaker-visa til Prøysen, og vi song Lapp-Lisa sin Barnatro.

Ønskekonserten har gått på NRK kvar veke sidan 1950. No kan du høre den på NRK P1+ på søndagskveldar. Sjå meir her!

I 1952 kom Lørdagsbarnetimen, og da kom Ingebrigt Davik med Hit eit steg, og dit eit steg (eller senterpartipolitikk, som det heiter i dag, la han til, men det stod visst ikkje i manuskriptet!)

Å, du gode sparegrisen min

Så vart vi minna om Prøysenvisa Å, du gode sparegrisen min, om ett-øringen som seinare vart byta ut med både to-øring og femøring. Det førte visstnok til at Prøysen var erklært som kapitalist av kommunistane!

På 60-talet kom fjernsynet, og aldri har vel så mange sett på fisk! (Pauseakvariet)

Halaas minte oss vidare om både Stakkars store, sterke karer med The Monn Keys, Rundtomkring med Kirkvåg og Rustad, og svenskane Cornelius Vreeswijk og Tore Skogmann, han med Rött hår och glest mellan tänderna!

Så fekk vi høre om storfavoritten til Odd Arne Halaas, Inger Jacobsen. For å beskrive hennar plass i minnet, så la han ut for oss om tilbedinga bestemor hans hadde til Jim Reeves og korleis det gav seg til uttrykk da ein oslokonsert med Jim Reeves vart overført på TV. Like sterkt følte han for Inger Jacobsen.

Det var faktisk fleire i salen som hugsa den konserten på TV.

I Grenoble skal vi slå døkk!

Mot slutten vart vi mint på OL i Grenoble i 1968, der Ole Ellefsæter var stjerne, og at han slo til som songar – I Grenoble ska vi slå døkk! Han sette alle klutar til og hadde songopptredener heilt fram til han døde siste haust. Og Halaas glømte heller ikkje jentut’n! Dette var første OL dei fekk gå langrenn, og dei kvitterte også med song! Vidar Sandbeck skreiv songen Gulljentut’n våre da dei tok stafettgull, og Ingrid Wigernes framførte den på TV.

Før avslutning med Calle Schewens vals av Evert Taube, fekk vi to ønskelåter frå publikum, Annas vise og Valsdrøm. Avslutningsstrofa på Calle Schewens vals – han dansar til solen står opp – lova mykje for stemninga resten av denne festivallørdagen.

Det er muleg at uttrykket "Verdens minste festival i Rindal" hørte til under førebuinga. Før denne dagen er omme, er uttrykket gjort til skamme!

Powered by Labrador CMS