Trollheimsporten 20 år 15. november:

Ordfører i Surnadal, Margrethe Svinvik.

– Gratulerer med 20-årsjubileumet!

Trollheimsporten anno 2020 er ein vital 20-åring!

Publisert Sist oppdatert

Trollheimsporten for 20 år sidan var også moderne i den forstand at det ikkje var ei papiravis, men skulle vere heildigital og på internett.

I denne samanhengen tykkjer eg 20 år har gått fort. Det er ikkje vanskeleg å dra fram minne frå tida før internettet og smarttelefonen, men samtidig har det skjedd utruleg mykje desse 20 åra. Her har Trollheimsporten vore ein sentral nyheitsformidlar og informasjonskanal i dei to kommunane våre; Rindal og Surnadal. Surnadal vart med på laget i 2010, så der har vi også eit 10-årsjubileum i år!

Trollheimsporten har lykkast med samarbeidsprosjektet mellom næringsliv, foreiningsliv og kommunar. Trollheimsporten har vore ein kanal som medlemmane kunne bruka for å nå ut med informasjon og annonsar til innbyggjarane våre. Og ikkje berre dei som bur her, nei Trollheimsporten vart raskt eit kjært knutepunkt for utflytta sambygdingar. Både for å halde seg orientert om heimbygda si og å følgje med på utlysingar av ledige stillingar og anna som kanskje freista dei til å vende nasen heimatt.

Trollheimsporten har spela ei svært viktig rolle i å knytte dei to kommunane våre, Rindal og Surnadal, sterkare saman. Vel har vi hamna i to ulike fylke, men likevel så kjenner vi kvarandre godt gjennom samarbeid som gjeld både arbeid og fritid. Trollheimsporten styrkar dette fellesskapet ved å formidle daglege hendingar frå nærmiljøet vårt.

Med dette vil eg gratulere Trollheimsporten med 20 år som den beste nettportalen for Rindal og Surnadal og lykke til med dei neste 20!

Margrethe Svinvik
Ordførar i Surnadal kommune

Powered by Labrador CMS