Øystein Folden
Øystein Folden

Ønsker meir beiting av storfe for å bevare slåttemark og beitemark i Trollheimen

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har ei anna oppfatning om beiting i Trollheimen og forvaltning av jerv enn det verneområdestyret har.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag omtalte Trollheimsporten eit brev frå verneområdestyret for Trollheimen til Miljødirektoratet med anmoding om ekstraordinært uttak av jerv i Trollheimen.

– Naturvernforbundet meiner at meir beiting i Trollheimen bør skje med storfe i staden for sau. Då vil ikkje jerven vere noko stort problem, seier Øystein Folden i Naturvernforbundet, som har tatt opp dette i eit brev til verneområdestyret for Trollheimen.

– Det er resultatet for slåttemark og beitemark som er viktig for oss, at jerven ikkje blir så mykje til plage er ein hyggeleg biverknad.

Det er den beitefaglege vurderinga til verneområdestyret dei er kritiske til.

– Biologien knytt til setervollar og beitelandskap treng slått og beite med storfe for å bli tatt vare på slik verneføremålet er, sier Folden.

Brevet frå Naturvernforbundet vart sendt til verneområdestyret etter at vedtaket var gjort, men før brevet frå dei var forfatta. Slik lyder brevet, datert 12.11.20

SPØRSMÅL OM FAGLEG GRUNNGJEVING – BREV OM FORVALTING AV JERV

Naturvernforbundet registrerer etter ein artikkel i Driva at verneområdestyret har tatt opp ei sak om beitedyr og jerv i Trollheimen, sak 51/2020.

Naturvernforbundet er opptatt av både rovvilt og skjøtsel av kulturlandskap. Som følgje av det har vi nokre synspunkt og nokre spørsmål.

Verneområdestyret har i oppgåve å forvalte Trollheimen landskapsvernområde. Føremålet «er å ta vare på eit særmerkt og vakkert fjellområde med skog og seterdalar og eit rikt plante- og dyreliv». Då bør merksemda vere på å legge til rette for at seterlandskapet med det rike plante- og dyrelivet har det bra. Då er det forståeleg at beite er eit tema. Men verneområdestyret skal nok også ta vare på jerven, ser det ut for. Går det an å gjere båe delar? Saka er i alle fall ikkje så enkel at ein skyt jerven slik at sauen kan ordne resten.

Verneområdestyret skal forvalte Trollheimen på eit fagleg grunnlag. For å forstå verneverdiane og mekanismane som er avgjerande i denne saka, må ein gå langt tilbake, til den tida då landskapet blei forma slik som vi ser for oss at seterdalar skal sjå ut.

Landskapet som for ein del tiår tilbake var prega av setre i drift, beitedyr i fjellet og folk som både slo gras og hogg vegetasjon har endra seg betydeleg dei seinare åra. Dette har både ei estetisk side og ei biologisk side i denne samanhengen.

Vi meiner at det er viktig at løysingane ein vel tar i vare både landskapsverdiane og dei biologiske verdiane. Dei mest kulturpåverka naturtypane kan delast inn i slåttemark, beitemark og båe desse i ein meir eller mindre gjengrodd versjon. I denne samanhengen er det stor skilnad på slåttemark og beitemark. Raudlisteartar som har hatt det bra i slåttemark kan bli borte om marka berre blir beita.

Ein gjennomgang for nokre år tilbake av mange av setervollane innafor Møre og Romsdal sin del av verneområda viste at det var lite slåttemark i ein tilstand som tar vare på biologien knytt til slike areal. Noko slikt areal er berga på Vollasetra og Langbakksetra. Det er også ein teig på Renndølsetra og det er eit lite område på Naustådalsetra. Elles i området var utgangspunktet at det som ein gong hadde vore slåttemark no har blitt til beitemark, så langt vi har kjennskap til det. Store areal har dessutan grodd att med bjørk. Sjølv om bjørka i ein del tilfelle har blitt rydda unna seinare, så har arealet ikkje lenger same biologisk verdi. Det tyder at innsats som blir sett inn både må til for å berge landskapet og biologien.

For å forstå kva som skal til av innsats, må ein ta utgangspunkt i korleis dette kulturlandskapet blei til. Grunnlaget for setringa var at det måtte haustast i utmarka for å få nitrogenrekneskapen til å gå rundt. Det ein tok ut i form av mjølk og slakt på garden, måtte ein tilføre ved å hauste utanfor garden. Slik var det til kring 1950, då den grøvste gjenoppbygginga etter andre verdskrig var ferdig, og traktoren og kunstgjødsla gjorde sitt inntog. I løpet av 1950-talet blei dei fleste setrene lagt ned. Ein trengte ikkje å hauste fjelldalane, for ein kunne kjøpe nitrogen på samvirkelaget.

Dyrehaldet for 150 år sidan er ei vesentleg side av det heile. Ein kan legge merke til at dyretalet på ein gard kunne vere 15 storfe og 15 sau/geit. Talet på sau var ofte omtrent det same som på storfe. Storfe åt for 4 sau den gongen også. Det vil seie at det var kyr som beita bortimot 80% av det som blei beita. Sau sto for ein femtedel eller noko meir, og då i sambeite med storfe i stor grad. Når ein veit at kyr beiter annleis enn sau, så får dette verknad for landskapet, den gongen, og no.

Når ein går hundre år tilbake var det dessutan mykje folk i fjellet om sommaren. Både setervollar og myrer blei slått. Ikkje minst blei det ysta, med eit betydeleg forbruk av ved. Det som ikkje var brukande til ved kom til nytte på toppen av låge steingardar og torvgardar, slik at dei kunne halde dyra på rette sida. Det var dette som skapte kulturlandskapet som no forvaltast som Trollheimen.

Når ein skal bøte på manglar, må ein ta utgangspunkt i dette. Då er det to ting som er mykje meir nødvendig enn alt anna:

- Vi treng mykje meir beitande storfe i fjellet
- Vi treng meir folk som pleier kulturlandskapet i fjellet

Det er elles ikkje likegyldig kva slags storfe ein nytter, og korleis ein nytter dei. Storfebeitinga på Naustådalsetra i alle fall for nokre år sidan er eit døme der dei biologiske verdiane har kome bort som følgje av storfebeiting. Då står ein berre igjen med landskapsverdiane. Både storferase, inngjerding, tilleggsforing og kor lenge dei blir gåande kan ha noko å seie. Streifbeiting med sida trønder og nordlandsfe år om anna på Langbakksetra verkar derimot å vere langt meir vellukka. På biletet nedanfor kan ein sjå ein kort tørr stubb på ein oppriven bjørkerenning.

Denne er eit resultat av storfebeiting på Langbakksetra. Etter at kyrne åt dei nesten heilt nedåt, har bjørka skote frå rota og vakse opp att dei neste to sesongane då det gjekk sau på vollen, men ikkje kyr. Sauene har gått forbi dei områda av enga som kunne trengt beiting mest, og heller slått seg til på stader med orkidear som går ned på høgkant.

For å bli kvitt desse bjørkene for godt trengst ein Knut i form av dugnadsarbeidar. Når Knut riv dei opp med rot, då kjem dei ikkje igjen. Når resten av dugnadsgjengen frå Naturvernforbundet slår enga med ljå, så er det inga nær framtid for bjørka inne på vollen.

Når ein satsar på storfe som beiter og folk i fjellet, så vil rovdyr i form av jerv spele ei anna rolle enn viss ein satsar på at store mengde med sau skal løyse problema. Det er svært sjeldan jerv tar storfe, og det er endå sjeldnare at dette skjer i område med ein del folk som følgjer med. Storfe er dessutan mykje enklare å halde litt kontroll med. Etterspurnaden etter storfekjøt verkar elles å vere betre enn etter sau for tida.

Problemstillinga er omtala mellom anna i NINA-rapport 1255, kap 7.4 side 35-36.

Det bør vere fordelaktig for mange viss ein kan auke beiteuttaket i Trollheimen ved å auke beitinga med storfe.

Verneområdestyret bør sjå det som si oppgåve ikkje berre å pleie landskapet, men også at ein tar vare på det biologiske mangfaldet i så stor grad som mogleg. Når den faglege løysinga ligg i retning meir storfe, så meiner Naturvernforbundet at ein bør jobbe for å få til det. Då vil det heller ikkje vere nødvendig å fjerne bestanden av eit rovdyr som er raudlista som sterkt truga.

I det minste reknar vi med at verneområdestyret får gjort ei fagleg vurdering av kva tiltak som kan fremje slått og beiting av kulturmarka i Trollheimen, før det blir sendt noko brev om fjerning av jerv. Kanskje det heller bør skrivast eit brev med spørsmål om hjelp til å få fleire kyr og folk i seterområda?

Øystein Folden
Leiar

Powered by Labrador CMS