Nordmørssmør til England

- Endeleg kan vi samlast mesta på normalt vis, sa Kari-Elin Bolme Løfaldli i velkomsthelsinga si til Einar Oterholm, som hadde meierihistorie på Nordmøre som tema. Det var ein lukkeleg museumsstyrar som ønska oss velkomne til foredrag på Rindal Skimuseum onsdag kveld.

Publisert

Rindal Skimuseum har planlagt faglege foredrag ein onsdag kvar månad framover og kjem snart med oversikt over kva tema som blir sett opp framover.

Einar Oterholm har arbeidd mykje med historia til meieria som har vore utover på Nordmøre, og denne onsdagen var det "Smørmeieria på Nordmøre" som var tema.

På 1800-talet var det over 60 små meieri på Nordmøre, og det var eiga båtrute frå Vestlandet til England med smør som gav blanke kroner til nordmørsbønder.

Smørmeieria tok imot mjølk, separerte, og lagasmør av fløyten. Separertmjølka tok bøndene med heim.

På 1800-talet var kvar gard ei sjølvstendig eining med både produksjon og foredling. Dyrkajordet vart for det meste bruka til korndyrking. Fôr til dyra vart henta frå åkerkantar og utmark. Halm, ris frå lauvtre og mose vart også nytta som fôr. Utmark og sæter var sommarbeite. Mange henta også høy frå sætervollar.

I siste halvdel av 1800-talet vart det eit krakk i kornprisen. Vi fekk ein kornflaum frå Midtvesten. Da vart mjølka viktigare for bøndene.

Mjølk frå kuspenen er heilt steril, men mjølk har svært lett for å ta til seg lukt og smak, og det krev godt reinhald. Det var ikkje sjølvsagt i fjøs på den tida. Mjølk er ferskvare, aldringa startar straks, så foredling og transport hastar.

Den tida kunne dei ikkje frakte vatne milevis. Derfor vart det kort veg til dei mange små meieria. Var dei for langt unna meieriet, så måtte dei kjerne smøret heime.

Det Kongelige Selskap for Norges Vel (Norges Vel) var ein organisasjon som arbeidde for næringsutvikling og livskraftige lokalsamfunn. Denne organisasjonen sørga for å hente fjøs- og meierikyndige folk frå Nederland og Sveits (sveisere), for dei låg langt framme i mjølkeforedling. Danskane hadde også slik rettleiingsteneste.

I 1856 kom Rausjødalen Setermeieri i Tolga i drift. Det er både Norges og Nordeuropas eldste andelsmeieri og det første fellesmeieri nord for Alpane. Her vart det produsert sveitserost alt i 1856.

På 1830-talet vart det skipa lokallag av Norges Vel i Romsdals Amt og vi fekk røktarar og vandrelærarar her også, og vi fekk meieriskular der vi fekk utdanna meiersker som tok seg av reinhald og kvalitetssikring av mjølka frå den kom til meieriet til smøret var stappa i tretønner klar til vidaresending.

Meierskene var svært viktige i produksjonen på meieria. Det var ein slitsam jobb og den krevde både nøyaktigheit og kompetanse.

Det var kurs for meiersker både på Reinskloster meieriskule og Ørlandets meieriskule, både årskurs og 1,5-årskurs, og sommarkurs.

Dette var dei første kvinnelege industriarbeidsplassane i bygdene våre. 1890-1920 var det om lag 400 meiersker på Nordmøre. Det var hardt og ansvarsfullt arbeid, men godt lønna i forhold til mange andre.

Einar Oterholm forklarer dei ulike apparata i meieriet.
Meierska på arbeidsplassen sin.

Dagens gang på desse meieria var å ta imot mjølka frå bøndene og vege den inn først, samtidig kontrollere med lukt og syn - kanskje det er rusk? Ein gong kvar månad skal det takast prøve for å måle feitt-prosenten. Den er avgjerande for pris.

Så skal fløyten skiljast ut. Det gjorde dei ved avkjøling fram til separatoren kom.

Fløyten vart så sett til syrning før den vart kjerna til smør. Smøret vart så bråka, knadd, for å få ut alt vatnet. Til slutt vart smøret stappa i tretønner - hardt, for å få ut all luft, oksygen. Tønnene var av lauvtre, for at det ikkje skulle gje smak til smøret. Tønnene med 50 kg smør vart lagra i eit kaldt rom til dei skulle førast vidare med hest og båt.

På Nordmøre var lokalmarknaden for mjølk lite. Berre Kristiansund trong vesentleg tilførsel av konsummjølk. Derfor var smørmeieria viktige.

England fekk den industrielle revolusjonen som førte til nedbygging av landsbygda og stort behov for smør. England importerte til og med frå Australia. Da vart denne marknaden sjølvsagt interessant for nordmenn.

Fleire former for transport til meieriet.

Vi fekk båtrute med avgang kvar veke frå Trondheim via Kristiansund, Molde og Bergen til Hull, seinare Newcastle. Så gjekk det båtruter inne frå fjordane til Kristiansund. Frå smørmeieria til kaia gjekk transporten med hest. Det vart lang tur om vinteren når sjøisen kunne gjere at dei måtte kjøre ut til Årnes eller Kvenna med smøret.

Meieri på Nordmøre.

Rundt århundreskiftet var det 166 meieri i Møre og Romsdal, og det vart eksportert 708 000 kg smør. Frå resten av landet vart det eksportert 611 000 kg.

Etter kvart som meieria sleit ned utstyret sitt, gjekk det ut over reinslegheita og vi fekk ferre meieri. Under første verdskrigen vart det slutt på leveringa til England.

Mange av bilda er frå presentasjonen til Einar Oterholm.
Bilda nedafor er levert av Ragnhild Stavne Bolme.

Rindal meieri. Bildet er etter Marit Storholt, f. Sogge.
Kattem meieri i Romundstadbygda.
Kari Elin-Bolme Løfaldli kunne også presentere den nye museumspedagogen ved museet. Berit Kvam frå Meldal er utdanna lærar med 13 år i Danmark bak seg. Der har ho vore både lærar og museumspedagog. Skuleelevane på Rindal skule har alt møtt ho.
Powered by Labrador CMS