Barnekoret er klart!

17.mai i Rindal kirke

Matt 22,17-22. Si oss da hva du mener: Er det tillatt å betale skatt til keiseren eller ikke?» 18 Men Jesus merket ondskapen deres og sa: «Dere hyklere, hvorfor setter dere meg på prøve? 19 Vis meg mynten som skatten betales med!» De rakte ham en denar, 20 og han spurte: «Hvem har bildet og navnet sitt her?» 21 «Keiseren», svarte de. Da sa han til dem: «Så gi keiseren det som tilhører keiseren, og Gud det som tilhører Gud.» 22 De ble forundret over dette svaret, og de forlot ham og gikk sin vei.

Så rart spørsmål dei stiller Jesus: Om det er lov å betala skatt til keisaren – altså til staten – eller ikkje?

Me veit i alle fall at det ikkje er lov å lata vera å betala skatt. For dei fleste av oss går det automatisk i trekk kvar månad. Og så må me engasjere oss politisk slik at skattepengane blir fordelt mest mogeleg i tråd med det me har av verdisyn.

Men alt me held på med av nasjonal politikk kan synast ganske absurd med tanke på kor skeivt pengar og ressursar er fordelt om me ser verda under eitt. Me er rett og slett heldige som har utsikt til å få covid 19-vaksina vår i løpet av få månadar. I mange andre land må dei vente i alle fall to år til, om ikkje meir. Er det rettferdig at dei rike landa berre kan bestemme at det skal vera så urettferdig?

Er det rettferdig at nokon er rike og har meir enn me treng mens andre er så fattige at dei knapt nok har pengar til mat – for ikkje å snakke om vaksine og helsestell, sosiale ordningar og skulegang?

Så må me gjerne arbeide politisk for ei betre verd, - både i nærområdet vårt, i landet vårt og i den store og vide verda.

Men når Jesus talar om skatt, så er det ein ting til han vil seie: Han seier ikkje berre at me skal betala skatt. Men han seier også at me skal gje noko til Gud.

Gje keisaren, altså staten, det staten skal ha, seier Jesus. Og så seier han at me skal gje Gud det Gud skal ha.

Kva er det så me har som Gud skulle hatt? Skulle Gud også hatt pengar?

Gjerne det. Det er mykje godt kristent, diakonalt og sosialt arbeid som blir drive med pengar som er samla inn – høgst frivillig. Mange gjev til menigheita vår, slik at me kan gje vidare til trusopplæring, drive barnekor, dele ut fire- og seksårsbøker, gje bort Bibel til ungdommar og brudepar osv osv. Mange gjev til misjonen, bistand og nødhjelp. Mange har fadderborn. Mange her i Rindal strikkar babyteppe til Nepal som blir samla inn via Frivilligsentralen og sendt med portoen sponsa av menigheita vår. Så er det endå til mange som syns det er så viktig med flygel her i kyrkja: 150.000 er samla inn til det så langt, takka vera små og store gåver, tilskudd frå banken og lokale gradestokkar som kom på marknaden i akkurat rette tid før jul.

Er ikkje dette å gje til Gud? Eller gje til Guds rike? Eller gje til det som byggjer opp og gjer livet betre for fleire på ein annan måte enn velferdsstaten vår kan gjera det?

For livet med Gud blir eit betre liv. Mange har skjønt det og vil at fleire skal få med seg dette gode.

Nokon seier at dei trur på eit liv før døden. Det gjer eg også. Og eg tur på at livet før døden blir betre når eg er bevisst på at eg lever det med Gud – kall det gjerne som eit samliv, som eit liv i lag.

Me menneske treng å stå i lag med nokon. Me treng å stå i lag i veneflokk og famiie, i grannelag og kommune – i landet vårt. Ikkje minst i dag ser me det store i dette fellesskapet vårt som heiter for nasjonen Norge: Me feirar friheit, sjølvstendigheit, demokrati, alt det vakre, våren og gleda. Me feirar med takk og glede for alt som vart vårt. Det er mykje å vera glad for og me har mykje å takke for.

For oss som har levd ei stund, vitnar alle gravsteinar tydeleg nok om at mange me kjente og levde i lag med ikkje er mellom oss lengre. Etter kvart har me mange kjenningar på kyrkjegarden. Og etter kvart som alderen kjem, blir me oss meir og meir bevisst på at me er dødelege.

Det me hadde, bankkontoen, huset vårt, dei som var våre – alt skal me forlate.

Utan at me sjølve blir forlatt. Jesus vil fylgja oss gjennom heile det livet me trur på før døden, forbi døden og inn i det nye landet der det alltid er vår.

Ideen til denne preika fekk eg då eg såg over salmane kantor hadde foreslått. Den neste me skal synge er Gud signe Noregs land. Skriven av Arne Garborg. Han hadde sitt både av tvil og tvisyn. Og ei fantastisk evne til å skjera igjennom og sjå verda slik ho er. Om enn det er lenge sidan han levde, så er han like aktuell med mykje av det han såg og skreiv. Så eg skal avslutte med nokre liner av Garborg – det var desse som sette meg i gang med preika eg har halde.

Um pengar Av Arne Garborg

Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv.

Du kann ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje klæda deg med dei.

Og så hoppar eg litt:

For pengar kann ein få alt, heiter det. - Nei, ein kann ikkje det. Ein kann kjøpa seg mat, men ikkje mathug, dropar, men ikkje helsa, mjuke senger, men ikkje svevn, lærdom, men ikkje vit, stas, men ikkje venleik, glans, men ikkje hygge, moro, men ikkje gleda, kameratar, men ikkje venskap, tenarar, men ikkje truskap, gråe hår, men ikkje æra, rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kann ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal – altså: Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen. Den er ikkje til sals for pengar.

Og så eit par avsnitt frå opningskapitlet i romanen Fred, der eg håpar siste setningen kan summere noko av det dillemmaet eg ville ha fram – noko om at det er godt for oss om me både trur på Gud og stoler på han – om enn ikkje Garborg skreiv det på den måten.

UTANFOR, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand. Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dýn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.

Så er det vidare ei skildring av landskapet på Jæren og av himmelen, som visst nok er det einaste lyspunktet dei ser. Og av husa mellom jordlappane som er inngjerda med lange steinrøyser.

Og så skildringa av folket der – som nok ikkje er så forskjellig frå nokon av oss: I desse Heimane bur Folke. Det er eit sterkt, tungt Folk, som grev seg gjenom Live med Gruvling og Slit, putlar med Jordi og granskar Skrifti, piner Korn av Aur'en og Von av sine Draumar, trur paa Skillingen og trøyster seg til Gud.

Powered by Labrador CMS