Song våren inn

Med det nye flygelet og ein kantor vårleg leikande over tangentane vart våren ønska velkommen til Rindal søndag kveld. Kantor Bjørn Vevang hadde sterk støtte av songarane Mari Kristine Brækken, Runa Svare, Toril Moe og ei songglad forsamling.

Publisert

Songkvelden opna med vandrande englesong opp midtgangen av dei to trondheimsdamene Mari Kristine Brækken og Runa Svare, først a capella, så akkompagnert av kantor Bjørn Vevang på det nye flygelet.

Kantor Bjørn Vevang leda songkvelden frå flygelet.

Vevang har hatt samarbeid med dei i ulike samanhengar i Trondheim.

Toril Moe var den andre solisten Vevang hadde fått med seg. Ho framførte sin versjon av Vårsøg med Bjørn sine leikande fingrar over tangentane.

For å skape god allsong, var det ståande oppvarming som innleiing av songkvelden.m

Elles var største delen av programmet allsong etter forslag frå eit engasjert publikum, akkompagnert av kantoren som spela leikande vilt utan notar og fargela teksta i vårsongane.

Sjeldan har vi gynga oss igjennom Menuett i mai så inderleg som denne aprilkvelden.

Før kvelden var slutt fekk vi ei nydeleg framføring av arien Lascia ch'io pianga frå operaen Rinaldo av G.F. Händel fra sopranen Mari Kristine Brækken og messosopranen Runa Svare.

Amazing Amazing Grace

Songstunda vart avslutta med Amazing Grace med alle tre songarane.

Det nyinnkjøpte flygelet stod i sentrum denne kvelden. Vevang beskriv det som eit praktinstrument vi må vere svært stolte og lykkelege over å ha fått hit til bygda.

- Flygelet er eit ordentleg løft for Rindal kirke som kulturarena, og vil glede oss med den raffinerte klangen sin i mange år framover, seier han.

Soknet er ikkje heilt i mål med kronerullinga til inntekt for flygelet enda, så det vart oppmoda om å gje eit bidrag denne kvelden også.

Powered by Labrador CMS