– Spelarane må føle seg trygge
Lisbeth Evjen Halgunset har vore i handballmiljøet i Rindal sidan 1980. Ho er enno aktiv, som oppmann for damelaget i 3. divisjon. – Det viktigaste er at det er eit godt sosialt miljø.
Da Lisbeth var 13 år starta Inge Hermann Foss med aldersbestemte handballag og damelag i Rindal. Dei trena på asfaltbanen ved Bolme skule.
– Han trena oss alle saman, smiler Lisbeth.
Sidan den gongen har Lisbeth vore aktiv som spelar, trenar og oppmann i handballen i Rindalen.
Sjå det i gode i kvarandre
I 2016 hadde det ikkje vore damelag i Rindalen på nokre år. Så flytta Malin Gåsvand Løset heim, og Malin og Tonje Bjørnås kom heim frå vidaregåande i Kongsvinger.
– Saman fann vi ut at vi skulle starte eit damelag i 5. divisjon, seier Lisbeth.
– Vi rykka opp til 4. divisjon allereie året etter, da kom Anders Moe Sæter inn som trener. Neste år rykka vi opp i 3. divisjon. Det var heilt utruleg!
Sidan oppstarten i 2016 har Lisbeth vore oppmann. Ein rolle ho trivst godt i. Ho fortel om ein allsidig jobb. Det er mykje organisering før og gjennom sesongen. Ho må ha full oversikt over kampar, transport, overnattingar og måltid på bortekampar. Det kan vera mange ballar i lufta, og mykje å ordne opp i. Likevel er Lisbeth veldig klar på kva den viktigaste oppgåva hennar er, at alle på laget har det bra.
Kvart år arrangerer ho hyttetur. Da blir nye spelarar med og blir kjent med dei andre på laget. Da har dei sosiale og gode treningsøkter, det blir arrangert «Mesternes mester» med springing i myr, pilkasting og andre artige aktivitetar.
– Hytteturane er viktig for det sosiale. Blir spelarane godt kjent med kvarandre, ser dei også betre det gode i kvarandre, seier Lisbeth.
– Når det kjem nye spelarar på laget er det veldig viktig å få dei til å føle seg inkludert og verdifull. Det er min jobb å hjelpe dei, sjå dei, og lytte.
Ho er oppteken av å lage ein kultur der det er lov å ha ein dårleg dag, og at det er lov til å feile.
– Skal vi få til eit godt lag og god handball må spelarane føle seg trygge. Ein må vera trygg for å tora, og ein må tora skal ein spela god handball.
Kvart år møter rindalslaget utfordringar med spelarstaben. Nokon blir gravide, eller flytter på grunn av jobb eller studiar.
– Det er ikkje så lett å halde eit handballag i 3. divisjon i ei lita bygd, men vi får det til. Eg har høyrd at laget har eit godt rykte, at det er godt å vera spelar her, smiler Lisbeth.
Årets Ildsjel
Å vera oppmann på eit damelag er ein stor jobb. Det blir mange ettermiddagar og helgar i hall.
– Det er så verdt det. Eg blir så glad i desse ungdommane, smiler Lisbeth. Ho fortel at ho sikkert kunne «gjevve se tu di», men jobben gir ho så mykje glede.
Ho har alltid vore glad i folk. I 5. og 6. klasse sykla ho tandemsykkel kvar dag til skulen. Naboen hennar Magne Bolme var blind og trong nokon til å sykle ilag med han. Ho tykte det var så triveleg å kunne hjelpe til.
Ho valde også ein yrkesveg innan omsorg. Både som tilsett i barnehage og som miljøarbeidar. I tillegg til å jobbe har ho alltid hatt ein rolle i handballmiljøet i Rindal. Ho har vore i handballstyret, trenar, oppmann, materialforvaltar og vore med på mange cupar og arrangement.
I 2019 vart ho «Årets ildsjel» i Rindalen for jobben ho har gjort i handballen.
– Eg forventa det ikkje i det heile tatt. Det var ei stor ære å få prisen.
Godt trenarteam
Lisbeth seier at ho har mange oppgåver som oppmann, men ho har veldig mykje godt folk rundt seg. Ho har trivest veldig godt med trenarteama ho har vore i.
– Det er så godt å vera oppmann når ein har så gode folk å samarbeide med. Eg har hatt god tone med både Anders Moe Sæter, som var trenar fram til i vår, og Jens Hove, som tok over trenaransvaret i år, seier Lisbeth.
Inge Hermann Foss, som starta med handballen i Rindal for over 40 år sidan, er også en del av støtteapparatet på damelaget i 3. divisjon.
– Ære være Inge Hermann, seier Lisbeth og smiler.
– Han har ressurstrening for fleire handballag. Det er ei trening som er veldig viktig for skadeførebygging, styrke og smidigheit.
Rindalspublikummet
Rindal D3 har møtt hard motstand denne hausten, og har hatt nokre knepne tap.
– Vi heng ikkje med hovudet av den grunn. Eg toler godt å tape mot eit lag som er betre enn oss, da unnar eg dei å vinne. Vi er eit nytt lag, og det tek ei stund før eit lag blir samspelt, men vi blir berre tryggare og betre for kvar kamp, seier Lisbeth.
Ho vil rose heimepublikummet.
– Vi får ofte høyre: «Kor bra publikum de har i Rindal!», frå lag som besøker oss. Vi får også høyre frå både spelarar og dommarar at det er godt å møte rindalslag, at vi spelar fin handball og praktiserer «fair play». Når eg høyrer det, blir eg stolt.
Ho blir rørt når ho fortel om minnegåva dei fekk etter Jan Erik Bolme sin bortgang. Hans ønske var at gåva skulle gå til damelaget i 3. divisjon. Pengane har dei bruka på buss og overnatting på kamphelger.
– Jan Erik Bolme var på alle heimekampane våre, ein skikkeleg god supporter, smiler Lisbeth.
Å vinne og å tape
Lisbeth seier at det er ikkje alltid humøret og engasjementet er på topp. I koronatida var det vanskeleg å halde motivasjonen oppe.
– Det er mykje ein lærar om livet når ein med på eit lag, der det er konkurransar og ein vinn og ein tapar. Foreldra har ein viktig rolle. Ein må læra ungdommane sine at det går litt opp og ned. Det er lov, og heilt greitt, å vera skuffa. Det viktigaste er at det er tryggleik i handballmiljøet. Ein må kunne vise kva ein føler, seier Lisbeth.
Ho er veldig glad at ho har jobben som oppmann, og håpar ho hjelper til slik at alle på laget føler at dei har det bra på trening og kamp.
– Eg er frykteleg glad for at nokon har bruk for meg, smiler Lisbeth.
Tre spelerar, og dattera Maren om Lisbeth:
Som ny spiller ble jeg tatt imot av en imøtekommende og inkluderende gjeng, med Lisbeth i spissen! Lisbeth ønsker alle kun det beste, er alltid blid og sørger for at alle har det bra. Setter stor pris på alle samtaler og all oppvartning, både på og utenfor banen! Det hadde ikke vært det samme uten Lisbeth. - Hanna Sjøland Saksen
Jeg personlig har kjent Lisbeth i mange år, nesten helt siden jeg startet på håndball. Igjennom alle disse årene har hun vært støttende, snill og omsorgsfull både av å på banen, noe som jeg er veldig takknemlig for. Når jeg begynte på D3 var det veldig betryggende å ha en person der som jeg bare ønsket meg alt godt. Jeg setter veldig stor pris på Lisbeth. – Nora Bolme Fjerstad
Ho e imøtekommende og trivelig og som ny spiller vart æ tatt kjøle godt i mot av ho Lisbeth! Alltid blid og ønske det beste for dæm rundt sæ. Ho sørge for at alt e på plass og e det nåkka så fikse ho opp i det me en gang. Det å kom som ny spiller i en ny klubb e ikke nå problem når man møte ei som Lisbeth. Ho tar godt vare på oss som spillera og e ei varm og trygg dame sett stor pris på at vi har ei som ho på laget – Marit Hove
Jeg føler meg privilegert som har hatt med mamma på og utenfor håndballbanen gjennom hele min karriere. Det er ikke en selvfølge at foreldre tar seg tid til å følge barna fra sidelinjen, spesielt ikke som trener og lagleder gjennom alle år. En håndballkamp for meg varer aldri i 60 minutter, for i bilen venter en tidvis lang oppsummering av kampen. Hva som var bra, og hva som kunne blitt gjort annerledes. Selv om dette til tider har vært slitsomt, har jeg alltid satt pris på hennes brennende engasjement og lysten til at vi skal prestere og ha det gøy. I tillegg til å stille opp for meg, har hun alltid vært på tilbudssiden hos andre. Blant annet gjennom milevis med kjøring, matlaging, gode samtaler, pleie og sosiale tilstelninger. Hun har aldri vært redd for å by på seg selv, noe som var veldig flaut, spesielt i 12-13-årsalderen. Det er tydelig at venninne mine på den tiden satte mer pris på dette, enn det jeg gjorde. Ei venninne sa en gang: «Du e gau, Maren, men e lika mor di bær e!». Nå har det blitt til at det er mamma som går rundt og bekymrer seg for hva jeg måtte finne på. Men det er vel på sin plass tenker jeg! – Maren Halgunset