Brannfolk hjelper Ukraina

Åtte brannbilar, ein frå Rindal, og ein semitrailer fylte med brannmateriell, mellom anna mykje frå Surnadal, er no framme og overlevert brannfolk i Ukraina. Det var brannfolk frå Molde som tok seg av transporten og sende rapport via Facebook.

Publisert

- Det var ein rørt og svært prega brannsjef som takka høgtideleg for bidraget, fortel brannfolka frå Molde, etter den høgtidelege overleveringa.

Ukrainarar med Brannsjef Igor Karelin og ordførar for Rava Ruska-området ville lage ein liten offisiell seremoni for nordmennene.

Alle bilane var stappfulle med brannmateriell som verneklede, slokkemateriell og førstehjelpsutstyr.

No blir brannbilane sett i teneste i eit område av Ukraina der mange brannstasjonar er bomba og jamna med jorda.

Glade og veldig takknemlege brannfolk i Ukraina.

Brannfolka frå Molde vart rørte av mottakinga dei fekk på turen nedover Europa. Tusenvis av bilar tuta og blinka med lysa til dei på turen. Dei minner om at avstanden frå Oslo Til Ukraina ikkje er lengre enn Oslo til Alta. Krigsherjingane foregår i nærområdet vårt.

Her ser vi brannbilen frå Rindal til høgre

Dette er ein del av innsatsen til brannfolk i Midt-Norge, og dei er alt i gang med å organisere enda ein brannbilkolonne til Ukraina. Det er akutt behov for fleire brannbilar, og fleire brannbilar og ambulansar er alt donerte og klare for tur.

Ordførar Vibeke Langli er glad og rørt over at brannbilen fra Rindal kan komme folket i Ukraina til hjelp og nytte i den uhyggelege situasjonen dei er i.

Meir om aksjonen til brannfolka i Midt-Norge ser du på Facebook her!
(Bilda er frå Facebooksida, med løyve.)

Les også om denne turen her på Trollheimsporten!

Powered by Labrador CMS