Formannskapet i Surnadal:

Byste på steinsokkel foran bygg med store vinduer en vinterdag
Formannskapet i Surnadal vedtok å fjerne bysten av Hans Hyldbakk, og la sokkelen/bautaen med utdrag av Surnadalssongen bli ståande. Slik vil ein symbolsk skille mannen og kunsten.

Fjernar bysten - lar bautaen stå

Tysdag hadde formannskapet i Surnadal møte, der dei mellom anna avgjorde skjebnen til Hyldbakk-bysten som står i atriet ved kommunehuset.

Publisert Sist oppdatert

Med bakgrunn i den mykje omtalte "Hyldbakk-saka" la kommunedirektøren fram denne innstillinga til formannskapet:

1. Bysta i atriet  
Denne vert teke ned og midlertidig lagra på ein aktuell plass. Administrasjonen opprettar dialog med Nordmørsmusea og ber dei ta bysta inn i sin portefølje og disponere den slik dei finn det kunstnarisk aktuelt, jfr. øvrige materiale som dei har disposisjonsrett over.

2. Kunstverk, inkludert bilete og foto av eller med Hans Hyldbakk
Kommunedirektøren får oppdrag om å kartlegge dette. Og så gå i dialog med Nordmørsmusea for å overlate og desse til Nordmørsmusea for vidare relevant kunstnarisk bruk, oppbevaring mv.

3. Kleiva  
Formannskapet ber Nordmørsmusea om å vere tilbakehaldne med å arrangere utstillingar mv der dei næraste åra. Men sikre godt vedlikehald mv i tråd med konsolideringsavtalen datert den 21.10.2022. 

Saksdokumenta til møtet finn du på Surnadal kommune si heimeside. Denne saka vart endeleg avgjort i formannskapet.

Det vart diskusjon i saka, der fleire av representantane ikkje var einige i innhaldet i kommunedirektøren sin innstilling. 

På spørsmål frå Annett Ranes (Ap) svarte kommunedirektøren at når det gjeld Hyldbakk-bysten og Kleiva, så er innstillinga prega av innspel frå Nordmørsmusea.

Ole Joar Karlstad Bruset (H) spurte om det er mogleg å skilje bysten og bautaen. Kommunedirektøren svarte at det er ikkje undersøkt, så ein kan ikkje garantere at bautaen ikkje blir skada om bysten blir fjerna. Bysten og bautaen sit saman, og innstillinga frå kommunedirektøren går ut på å fjerne det heile, lagre det, og eventuelt ta ei ny vurdering ein gong i framtida. 

Bjørg Aa (H) påpeika at dette er ei tung sak, både for kommunen og for kommunepolitikarane. 

Kvinne med briller taler i mikrofon bak en trepult innendørs
Bjørg Aa la fram forslag om å fjerne Hydbakk-bysten frå bautaen.

– Det er mange meiningar og mange omsyn å ta, og eg føler at mykje blir feil uansett kva vi seier og gjer. Mi meining er at bautaen bør stå, men bysten skal bort, sa ho, og heldt fram:

– Eg meiner at vi no snart må kunne tore å bruke den musikken som Sommaro har ført fram i lyset, og vere stolte av den musikken. Eg heiar óg på Laget Vårsøg. Historia kan vi ikkje omskrive, men vi kan alle saman framsnakke bygda og musikken.

Aa la fram forslag om at bautaen skal bli ståande, og at bysten skal fjernast. Fleire av dei andre repesentantane støtta dette. Eit utdrag av Surnadalssongen er gravert inn på framsida bautaen, og det vart påpeika at den songen betyr mykje for mange surnadalingar. Det vart sagt at ein må skilje mellom kunsten og personen. 

Varaordførar Annett Ranes (Ap) sa at ho ikkje ønsker at formannskapet skal sette føringar for korleis Nordmørsmusea, og folk flest, skal bruke Kleiva i åra framover. Ho sa at ho har full tiltru til at Nordmørsmusea er i stand til å gjere dei vurderingane sjølv. Ho sa at ho heller ikkje er einig i at formannskapet skal sette avgrensingar på bruken av kunst av eller med Hyldbakk. Ranes ba derfor om avstemming for kvart enkelt av dei tre punkta i innstillinga. Ho sa óg at ho synest det er ei god symboleffekt i å skilje bysten og bautaen, altså skilje mellom mannen og kunsten.

Gøran Bolme (Sp) sa at han, med tanke på offera i saka, vel å stemme for at bautaen óg skal fjernast. Det er ein del av problemstillinga at den står der den står, påpeika han. 

Kommunedirektør Lars Inge Kvande gav eit innspel om at han antek at det er mogleg å få gravert inn meir tekst/andre tekster på dei andre sidene av bautaen.

Byste på steinsokkel ute i snø foran bygning med vinduer
Formannskapet ber om at det blir vurdert å gravere inn andre kunstnariske tekstar på dei andre sidene av bautaen.

Jorid Aarvåg (Ap) sa at ho synest saka er svært vanskeleg, og uhorveleg trist, men at ho vil stemme for å fjerne både bysten og bautaen.

– Eg trur ikkje det er nok, for dei som går inn i atriet, forbi døra til familiens hus, og er personleg påverka av denne saka. Eg trur ikkje det er nok for dei at vi tek av hovudet. Mitt forhold til Surnadalssongen og mitt forhold til kunsten kan eg greie å behalde utan at eg les det på den steinen, sa ho.

Endringsforslaget frå Høgre på nytt punkt 1 i innstillinga var slik:

Det skilles mellom byste og sokkel. Plassering av sokkel opprettholdes som i dag. 

Bysten vert teke ned og midlertidig lagra på ein aktuell plass. Administrasjonen opprettar dialog med Nordmørsmusea og ber dei ta bysta inn i sin portefølje og disponere den slik dei finn det kunstnerisk aktuelt, jfr. øvrige materiale som dei har disposisjonsrett over.

Høgre sitt forslag vart vedteke med 6 mot 3 stemmer. 

Punkt 2 og 3 i kommunedirektøren si innstilling var nedstemt, så det er berre Høgre sitt forslag som står att som vedtak i saka.

Formannskapet sendte óg med eit ønske om inngravering av meir tekst på bautaen når bysten blir fjerna. 

Personer sitter ved bord og følger presentasjon på skjerm i møtesal

Trollheimsporten kjem med meir frå dette møtet, og frå styremøtet i Kleivafondet STI, seinare.

Du kan óg lese om denne saka hos NRK Møre og Romsdal.

Sjå møtet i opptak på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS