Gudsteneste i Mo kyrkje

Dåpsbarnet med følge
Dåpsbarnet Mia Gjeldnes med prest, foreldre og fadrar.

Kvardagspreike

Gudstenesta i Mo Kyrkje denne søndagen var ved vikarierande prest Bjørn Hovde, og det var både barnedåp og nattverd. Det var fint å oppleve Hovde framføre teksta for denne første søndagen etter påske utanboks i kordøra.

Publisert

Søndagens preike av vikarierande prest Børn Hovde:

Joh 21,1-14

1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til: 

2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der. 

3 Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.

4 Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 

5 Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. 

6 «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått. 

7 Den læresveinen som Jesus elska, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 

8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.

9 Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. 

10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. 

11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. 

12 Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. 

13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.

14 Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han var reist opp frå dei døde.

 

Eg elskar denne forteljinga. Ikkje fordi eg er så glad i fisketurar, anten det er med snøre eller med garn, men fordi eg er så glad i kvardag. 

Å ja, eg er kjempeglad i helg også, og serleg gudsteneste. Men det er så flott å sjå at Peter – og Tomas – og Natanael, Jakob og Johannes, (det er nemleg dei som er Sebedeus-sønene, fordi far deira heitte Sebedeus og var fiskar. Han vart sitjande åleine i båten då Jesus kalla gutane hans og sa ”fylg meg”.) Og så to andre av disiplane, kven det no kunne vere...? 

Å sjå at alle desse hadde ein kvardag som dei tok fatt på etter den forvirrande og opprivande påska i Jerusalem.

Dei var komne attende til Tiberiassjøen, det er Genesaretsjøen, der dei hadde opplevd så mykje flott saman med Jesus dei siste tre åra. Dei var nok litt tafatte, og lurte nok på : Kva no? 

Og Peter, han hadde noko som gnog: ”Han hadde for berre nokre dagar sidan banna på at han ikkje kjente Jesus. 

Sju menn som var saman og ikkje heilt visste kva dei skulle gjere. Slik kan det gå når menn er saman. 

Kvinner kan i det minste snakke, eller skravle, som dei gjerne seier sjølve, men for menn går det lett i stå med det også, om dei då ikkje har noko anna å gjere attåt, slik som Emmausvandrarane som gjekk og snakka saman om det som hadde hendt. 

Men så er det altså Peter, likevel, som ikkje set seg ned og sturer. Han gret sårt den dagen du veit, langfredagsnatta, eller kanskje det lysna av dag? Det er lurt å gråte. Han gret sårt over sviket sitt. Det er vondt å angre, men det er ikkje farleg. Peter hadde grått.

Kanskje var det gråten som gjorde han i stand til å reise seg i den tafatte kameratflokken og seie: ”Eg vil ut og fiska!” For ein flott ting å seie på ein blåmandag! For ein flott ting å seie når anger og skam gneg i kroppen. Og så får han høyre noko som gjev meir krefter enn den beste nervemedisin: ”Vi blir med , vi og.” 

Eg seier ikkje alltid det til kona mi når ho vil gå den slitsomme trimturen. Men eg veit at når eg seier det, blir ho glad. Og berre det er vel grunn til å seie det litt oftare enn eg gjer, då.

”Vi blir med, vi og.” Sei det ofte til menneske du er glad i. Sei det til borna dine og til foreldra, sei det på arbeidsplassen, på søndagsskulen og på kyrkjeveg. Vi blir med, vi og. Høyrer du kor deilig det er?

Johannes fortel oss at dei orda vart starten på eit kvardagsmøte med den levande og oppstadne Jesus.

Men det var ikkje så lett å få livet til å smile. Ei heil natt på Genesaretsjøen utan ein einaste fisk.

Mannen på stranda – den framande. Det er noko spennande, det. Ei peirode i min barndom svara eg då folk spurte meg kva eg skulle bli: ”fremmendmann”. Eg var framand, og de tok imot meg skal Menneskesonen seie når han sit på trona og dømer oss. Og Hebrearbrevet minner oss om det: Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.

Og så kjem denne molbohistoria. Du veit, molboarane som var ute og fiska, og jammen fekk dei ein fisk. Skund deg å sete hakk i ripa, sa den eine, så vi veit kvar fisken er. Omtrent så glupt var det som snekkaren Jesus får fjell-landsbyen Nasaret kom med: Kast garnet på høgre sida, så får de fisk. Kvifor ikkje ro båten to famner mot styrbord og så fortsette å kaste frå venstre sida? 

Men av ein eller annan grunn som vi ikkje får vite, gjer dei som den framande seier. Kanskje fordi han kallar dei ”borna mine”? Det går an å oppfatte det som ein nedlatande og arrogant talemåte. ”No skal du høyre kva du skal gjere, guten min”. Men i Jesu munn er det varmt og trygt: Har de ikkje noko å eta, borna mine? Vi veit at Jesus visste, men dei skulle få lov å seie det sjølve.

Og så skjer det: Ei heil natt utan fisk, og så plutseleg, fiskaren sin evige draum: ein uventa kjempefangst. For dei fleste vart fokus med eitt: Garnet, fisken, båten, eventyret. Men det er ein som løfter blikket og ser inn på stranda, så ser han på garnet som heng der sprellande fullt av fisk, så tilbake inn mot stranda og mannen som står der - enno - og smiler i skjegget. (Ja, det er min fantasi). Eller står han kanskje og ler av sirkuset?

Og så kjem den dialogen som vi kan kjenne igjen i mang ein kvardagssituasjon, og som fortel oss enno ein gong at Jesus hadde plass for ulike typar i flokken sin: Johannes har fundert ferdig, og han har behov for å dele konklusjonen sin med ein ven: Kort og intenst: ”Det er Herren!”

Kvifor hoppa ikkje Johannes i sjøen? 

Han hadde tid til å vente, eller han tenkte ikkje tanken ein gong. Ja, det er det ikkje sikkert at Peter gjorde heller, men han hoppa. Peter tenkte ikkje alltid før han handla. Men han handla. Somme er slik. Av og til går det bra, av og til går det galt. 

Kva som skjedde mellom Peter og Jesus den korte stunda frå han krabba klissvåt opp på stranda og til dei andre kom i land med båten, veit vi ikkje. Men det var på ein eller annan måte opptakta til det som kjem etterpå : Den vanskelege samtalen mellom Jesus og Peter, oppskværinga.

Men først er det måltid, eit måltid rundt bålet, som Jesus har planlagt og steller i stand, men som inneheld bidrag frå disiplane: Fisken som dei sjølv hadde fiska. 

Og så er det Jesus som seier: ”Kom og få mat!” 

Vi kan ikkje ta runden her i dag på kva som skjer inni kvar ein av oss når vi høyrer desse to versa om måltidet. Men eg har privilegiet å fortelje om min varme, glede og takksemd ved å koble dette til dei mange magiske stundene om Jesu lekam og blod, det enkle, heilage og mystiske måltidet som vi får lov å invitere til når vi feirar gudsteneste.

 Og vi kan tenkje på alt som ikkje blir sagt. Ingen av disiplane våga å spørja han: Kven er du, dei visste at det var Herren.

Akkurat slik er det med nattverden:
Aldri blir alt sagt. Det er umogeleg å seie alt. Men det er ei visse der, ei visse som ligg utanpå og utanfor orda. Dei visste at det var Herren.

----------

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var og er og vere skal ein sann Gud frå æva og til æva. Amen.

Mo kyrkje
Mo kyrkje.
Powered by Labrador CMS