Pinsa feira i Stangvik
Stangvik er blant dei relativt få kyrkjestadene i landet der PINSA – kyrkja sin «fødselsdag» - er markert som stor kyrkjehelg.
Veret var litt ruskete denne dagen, og ingen kyrkjebåtar tok turen. Vanlegvis er kyrkjeroing på «gammelmåten» frå fjordbygdene eit fast innslag.
Frammøtet var kanskje også litt mindre enn vanleg. Men både frå Rindalen, Ålvundfjorden, Surnadalen og Åsskard kom kyrkjefolk. Og med tre barnedåp vart det folksamt i benkane. Dei tre som vart døypte, var Sanne, Ella og Ingebrigt.
Prost Vidar Rygh og Lene Gåsvatn gjorde presteteneste. Rannveig Brøske og Gro Hauge Venås var medliturgar. Kyrkjetenar Oddvar Væge sørga for både klokkeklang og lokal TV-sending. Karen Oddny Husby Gravvold viste kyrkjelydens tekster på storskjerm.
Dagens organist – og visesongar – var Ronny Kjøsen. Unge Ida Zwick spela althorn til salmane. Eit lite forsongarkor støtta allsongen og liturgien.
Som «kyrkjekaffe» etter gudstenesta serverte Stangvik sokneråd nydeleg mat og drikke.
Når det er dåp i Stangvikkyrkja pinsedagen, er det lokal prest som skal stå for den. Dermed fell oppgåva med å preike på gjeste-presten. Slik vart det forkynt på felles-gudstenesta for Surnadal og Rindal pinsedag:
Joh 20, 19-23. Jesus syner seg for læresveinane
Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde leiarane for jødane.
Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.
Igjen sa Jesus til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»
Høgtidsverset O lue fra Guds kjærlighet.
Her har et under hendt! Ikkje mindre enn under skjer når borna blir skapt, veks og utviklar seg og blir født. Tenk at det går an å få noko så flott som eit barn, ei livets største gåve.
Og så går det ikkje mange vekene før det bers til att med endå ein fødsel – denne gongen utan svangerskap, bekkenløysing eller andre plager:
Dei små blir født på nytt att i vatn og ande. No er det han andre, han frelsaren vår, som tek støyten. Og symbolikken er tydeleg nok:
Borna døyr og står opp att til evig liv med Jesus. Det ligg i orda og i teiknet, i ord og vatn slik det er med sakramentets hellige handling. Slik Jesus vart lagt i ei grav og stod opp att, slik blir me reist opp frå døypevatnet til evig liv med Jesus.
Sakramentet er hellige handling som både foreldre og faddrar sluttar seg til at skal skje: Livet deira skal leggjast i Jesu hender. Og faktisk døden også, sidan den nye fødselen skjer i døypevatn og det nye livet startar i dag. I dag – på fyrste pinsedag. På kyrkja sin fødselsdag. På energidagen framfor nokon.
For pinse handlar om energi.
Berre la det vera sagt med ein gong: Fysikk er ikkje mitt felt. På ingen måte. Eg kan fint lite om kvar energi kjem ifrå eller reiser hen.
Men etter å ha levd som kristen og døypt sidan 1. påskedag 1963, veit eg noko om energien som finst i Den Hellige Ånd. Eg veit noko om å vekse og modnast i kristentrua – muligens på motsatt måte folk vil sjå for seg. Med meg er det i alle fall slik at dess meir eg trur at eg veit, dess meir forestår eg at eg ikkje forstår.
Men det er ikkje til hinder for å oppdaga mirakel, grunne over mysterium, undrast i kjærleiken som kan vera sterkare enn både livet og døden. Og eg tenkjer eg ofte når eg står overfor store og små utfordringar:
Kva er vel ikkje betre enn å leggja dette også i Jesu hender? Dette også.
Like etter påskedagsmorgonen er Jesu næraste vener redde. Dei er livredde. Dei som stod Jesus etter livet, fekk det som dei ville. Vel har kvinnene som kom til grava tidleg påskedags morgon fortalt at dei har møtt Jesus i levande live, men det er ikkje til å tru.
For sikkerheits skuld forskansar Jesu næraste vener seg bak stengte dørar. Men det dei ikkje har rekna med, er at Jesus kan forsere det som er stengt.
Hadde han vore ein type supermann, ville han vel ha slått sund dørane der han fòr. Men han er berre seg sjølv, i den same kroppen han hadde og med dei same såra etter spyd og naglar.
Han er berre seg sjølv, der han kjem og i høgste grad er til å kjenne att.
Og energien kjem med han som stod opp ifrå grava, slik me har ordet hans for at er med alle døypte: Fred.
Kan det vera at dette er Åndens frukt og Åndens resultat: Fred.
Og kan me ha nokon fred som er nærare oss, eller beint ut sagt meir nyttig enn han som byr oss fred gjennom å by på seg sjølv?
Me merka oss at pinseunderet me høyrde om frå Apostelgjerningane førte til at alt som var av folk frå mange forskjellige land høyrde at det vart forkynt om Guds storverk på sitt eige tungemål, sitt eige språk.
Og det er med fred som det er med kjærleik: Me kjenner det att når me møter det. Jauvisst kjenner me det att! Jauvisst veit me kva det er!
Dei fleste av oss fekk det då me var små og overgitt til kva våre føresatte ønska og ville for oss: Me fekk del i underet som me song om i dåpssalmen.
Det skjer et under i kirken,
større enn verden vet.
Barnet får del i Guds rike,
svøpt i hans kjærlighet.
Del i Guds rike og svøpt i hans kjærlighet. Kan energien bli større, rikare og betre? Kan livet levast på ein betre måte?
Så får det våge seg om utfordringane kjem. Om me slit med kvarandre og oss sjølve, om me dreg på oss sår og skrammer og endå til om døden skal ramme.
For dette vesle og veike som ligg i noko så lite og usynleg og uanseleg som Jesu pust, det er ikkje energi til å korkje kimse av eller spøke med.
Det er energi til å halde oss oppe, halde oss fast og halde oss levande og frelst gjennom både liv og død. Ikkje mindre var det han garanterte for.
Og i mellomtida må me gjerne gå ut og gjera som disiplane fekk beskjed om: Fortelja om Guds storverk på alle språk.
Og har me ikkje språk, er det altids folk til å forstå hjartespråket om det så vitnar om kjærleik eller omsorg, fred eller forsoning, anerkjennelse eller oppmerksomheit.
Pusten frå Jesus er energi. Og denne Jesu energi gjer vèl mellom folk så lenge me lever her. Dertil sveiper han oss alle, uansett om me er baby eller anser oss for å vera både for store og for gamle til den slags, i Guds kjærleik.
Sveipte i Guds kjærleik. Amen.