Nasjonalforeningens diplom og nål tildelt Liv Botten
Liv Botten har i mange år vore leiar i Surnadal Demensforening og helselag, ei forening som under hennar leiing har hatt ein formidabel medlemsvekst dei siste åra. Faktisk er foreininga i dag, med sine 465 medlemmer, den nest største foreninga i Norge, berre Oslo er større.
Botten har hatt eit stort engasjement for foreninga og sakene ho brenn for. Ho har saman med styret hatt, og har, eit høgt aktivitetsnivå med mange arrangement gjennom heile året.
Tysdag ettermiddag fekk Botten Nasjonalforeningen for folkehelsen sin diplom og nål. Det var ordførar i Surnadal Hugo Pedersen og nyvald leiar i Nasjonalforeningen for folkehelsen Møre og Romsdal, Lilly Gunn Nyheim, som stod for utdelinga under ei tilstelling på Surnadal bibliotek.
Det var ei særs overraska og rørt Botten som fekk fortent heider for langt og trufast helselagsarbeid sidan 70-tallet, gjennom mellom anna å ha oppretta fleire pårørandeforeiningar i Surnadal opp gjennom åra.
Botten har vore aktiv i Surnadal demensforening og helselag sidan 70-talet, og har sidan 2003 vore leiar i laget.
– Det er nesten ikkje eit møte i Nasjonalforeningen sentralt der Liv Botten sitt arbeid ikkje blir nemnt, mellom anna for å ha verva 160 nye medlemmer i fjor, sa leiar Lilly Gunn Nyheim i Nasjonalforeningen Møre og Romsdal under tildelinga.
– Med mykje over 500 medlemmar blir det pengar, når 45 prosent av medlemsavgifta går tilbake til lokallagene, sa Nyheim.
– Dette var verkelig ei overrasking. Eg har nesten ikkje ord, og eg er heilt skjelven, sa ei rørt Liv Botten.
– Eg er verkeleg imponert over arbeidet du har lagt ned for pårørendeforeningane i Surnadal, og eg er glad for den jobben du har gjort for Surnadal, sa ordførar Hugo Pedersen under utdelinga.
Etter utdelinga var det kaffelag med spesialpynta kake saman med resten av styret i Surnadal Demensforening og helselag, samt representantar frå fylkesstyret.