Kommunestyremøte i Surnadal:
Stemte ned forslag om kjøp av eigedom, og reduserte godtgjersla til folkevalde
Tysdag var det kommunestyremøte i Surnadal, med mange ulike saker på agendaen. Også på dette møtet var det innsparing som var i fokus.
Sakslista og saksdokumenta til møtet finn ein på Surnadal kommune si heimeside.
Bytta parti
I samband med navneoppropet vart det opplyst at Kjell Johan Larsen, som tidlegare var kommunestyrerepresentant for MDG, no har vorte medlem av Høgre. Det inneber at han no er representant for Høgre i kommunestyret. På kommunestyremøtet i desember vart det opplyst at Larsen hadde meldt seg ut av MDG, og på det møtet var han uavhengig representant.
Orientering om den interkommunale barneverntenesta
Kommunestyret fikk ei orientering om den interkommunale barneverntenesta ved einingsleiar Lene Steinshamn Fredriksen.
Det er fortsatt behov for fleire fosterheimar og beredskapsheimar.
Reduserer godtgjersla til ordføraren og dei andre folkevalde
Kommunestyret tok opp saka om endring i forskrift for godtgjersle og erstatning for tapt arbeidsinntekt for folkevalde 2023-2027.
Ordføraren har sagt seg villig til å gå ned i lønn. Ordføraren si godtgjersle tilsvarar i dag lønna til ein stortingsrepresentant. Dersom ordføraren går ned i lønn, så påverkar dette også godtgjersla til varaordføraren, utvalsleiarane, og møtegodtgjersla til alle dei politiske representantane i kommunen.
Eit par representantar var oppe på talarstolen og sa at det er eit godt signal at dei politiske representantane er med og bidreg til innsparing, på grunnlag av den økonomiske situasjonen som kommunen er i no.
Saka har vore oppe i formannskapet, og formannskapet si innstilling var slik:
Surnadal kommunestyre vedtek:
• I forskrift for godtgjersle og erstatning for tapt arbeidstinntekt for folkevalde 2023 – 2027 for Surnadal kommune, dato: FOR-2025-09-04-1902, blir følgjande endring gjort:
§ 7a skal lyde: Ordførar mottar årleg godtgjersle tilsvarande 90 prosent av den til kvar tid fastsette årlege godtgjersla for stortingsrepresentantar.
• Endringa trer i kraft frå 01.03.2026
Dette vart einstemmig vedteke.
– Ikkje hundre prosent presist
Neste sak på agendaen var møtereglement 2025–2028. Her kom det endringsforslag frå Høgre og frå Arbeidarpartiet, og begge endringsforslaga vart einstemmig vedteke.
Kommunestyret behandla også ei sak om krav om lovlighetskontroll av endringsvedtak i samband med behandling/vedtak i sak 74/25 i kommunestyret den 18.12.2025. Endringsvedtaket saka gjeld er slik: «Nytt punkt tiltak 2026 – 2029 Oppvekst - Innfasing av Mo Skole i Surnadal Barne- og Ungdomsskole (SUBUS) etter at nødvendige utredninger er foretatt. Utredninger skal bl.a sikre at den økonomiske effekten er korrekt, at det er plass på SUBUS uten betydelig inngrep og vil bygge videre på sak 50/25 - Effektivisering og muligheter for innsparing i oppvekstsektoren etter høring. Økonomisk effekt 4.000.000kr per år.»
Kommunedirektøren skriv i si innstilling at kommunestyret finn at vedtaket er lovleg fatta, og opprettheld vedtaket, og at saka blir send Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for lovlegheitskontroll etter kommunelova § 27-1.
Ti kommunestyrerepresentantar/vararepresentantar har gått saman om å sende inn krav om lovlighetskontroll for dette vedtaket. Gøran Bolme (Sp) gjekk på talarstolen og forklarte, på vegne av desse, bakgrunnen for kravet. Dei tolkar vedtaket som eit vedtak om endring av skulestruktur, og meiner derfor at dette er av ein slik karakter og storleik at dette skulle ha vore med i
høyringsrunden til budsjettmøtet 2026. Bolme signaliserte at han og fleire representantar vil stemme mot kommunedirektøren si innstilling.
Ole Joar Karlstad Bruset (H) tok ordet og forklarte bakgrunnen for det aktuelle endringsvedtaket.
Helge Røv (Ap) gikk på talarstolen og sa at endringsvedtaket kan tolkast på to måtar, og at det ikkje er hundre prosent presist. Han siterte fra saka, og forklarte kvifor han ikkje ser på det aktuelle vedtaket som eit endeleg vedtak om skulestruktur.
Kommunedirektøren si innstilling vart vedteke med 15 mot og 11 stemmer.
Kjøper ikkje Elvebakken
Kommunedirektøren hadde innstilt på at kommunen kjøper eigedommen Elvebakken, Røssmovegen 16, for 5,5 millionar kroner.
Fleire av kommunestyrerepresentantane var oppe på talarstolen og sa at dei ikkje kan støtte dette forslaget, slik den økonomiske situasjonen i kommunen er no. Det vart mellom anna påpeika at det ikkje foreligg ein takstrapport på bygget. Det vart sagt at prisen er for høg, og at det er betre å leige i staden for å eige når ein har behov for lokale midlertidig i ein periode.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande svarte at dersom kommunen får klarsignal frå Statsforvaltaren for bygging av helsehus, så vil dette bygget kunne brukast som midlertidig lokale for helsetenester i byggeperioden. Den langsiktige plana er å bruke eigedommen til bu og aktivitetstenesta.
Annett Ranes (Ap) la fram eit forslag om å utsette saka. Dette for å få meir utredning av framtidig bruk, vurdering av ombygging og vedlikehaldskostnader. I forslaget sto det også at det må foreligge ein takstrapport når saka kjem opp att.
Forslaget frå Arbeidarpartiet fall, med 20 stemmer mot og 7 stemmer for. Etter dette vart det stemt over kommunedirektøren sitt forslag, som fall med 24 stemmer mot og 3 stemmer for. Kommunen kjøper altså ikkje eigedomen.
Debatthefte og spørjekvarter
KS sitt debatthefte var også oppe som sak i møtet. Her var det ei innstilling frå formannskapet, og denne vart vedteke saman med nokre tilleggsforslag.
I spørjekvarteret kom det inn fleire spørsmål. Det vart stilt spørsmål om mobbetal i skulane, gjennomføring av innsparingar i oppvekst, tenestetilbodet på SUBUS, samordning av ferien i barnehagane og SFO, resultat av kompetansekartlegging og gjennomføring av nedbemanning i kommunen. Svara frå kommunedirektøren kan ein sjå på Kommune-TV.
Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV: