Kommunestyremøte i Surnadal torsdag 23. november

Fra kommunestyremøte i Surnadal. Ei dame på talerstolen og tre personer ved et bord fremst i rommet.
F.v. konstituert kommunedirektør Gunhild Eidsli, ordførar Hugo Pedersen, varaordførar Anett Ranes, og økonomisjef Vibeke Langli på talarstolen.

La fram kvartals­rapporten - Mykje er usikkert enda 

Torsdag 23. november var det kommunestyremøte i Surnadal. Økonomisjef Vibeke Langli la fram kvartalsrapporten for tredje kvartal.

Publisert Sist oppdatert

Rekneskapsrapporten for tredje kvartal er basert på rekneskapstal per 18. oktober, og viser eit positivt netto driftsresultat på kr. 765 773. Dette er ei vesentleg endring frå same periode i fjor. Det er framleis stor auke på alle postar i rekneskapen, samanlikna med både regnskapen frå i fjor, og samanlikna med budsjettet. Den viktigsaste årsaka til auke i både inntekter og utgifter er at kommuen har teke imot mange flyktningar. Desse regnskapspostane er uforutsigbare, og gjer det utfordrande å regulere budsjettet slik at det blir tilpassa den reelle aktiviteten. 

Ein annan utgiftspost som har auka mykje er vintervedlikehald, der prisveksten merkast ekstra godt, sa økonomisjefen. Ein annan utgiftpost som har auka meir enn venta er innleige av legevikarar på grunn av sjukdom og permisjonar. Renteutgiftene har og auka vesentleg frå i fjor.

Driftsresultatet på vel 765.000 kroner i mindeforbruk er maginalt, sa Langli. Men ho understreka at dette er mykje betre enn resultatet frå tredje kvartal i fjor, da det var eit meirforbruk på nesten 24 millionar kroner.

Økonomisjefen presenterte ei oversikt over dei ulike einingane, som viste korleis dei litt an i høve til budsjettet. Det er meirforbruk i mange av einingane, og det er vanskeleg å regulere dette rett når det har vore så store endringar gjennom året. Nesten alle einingane er påvirka av mottak av flyktningar, sa Langli. Dei einingane som ikkje er direkte påverka blir indirekte påverka på grunn av mangelen på arbeidskraft. Auke i kostnadene ligg i den auka prisveksten, i tillegg til den auka aktiviteten i tenestene. 

For resten av året er det fleire usikre moment, m.a. kva skatteinngangen kjem til å bli. Så langt i år er skatteinngangen lik fjoråret, og det er vanskeleg å anslå om den blir høgare enn det som allereie er budsjettregulert. Det er ikkje før i desember ein får sjå kva skatteinngangen for året faktisk blir. 

SUBUS har teke imot mange framandspråklege elevar, og har tilsett om lag 6 årsverk på grunn av dette. Bu- og aktivitetstenesta og heimetenesta opplever at det er svært vanskeleg å skaffe nok arbeidskraft, og dei ansatte må derfor arbeide ekstra. Dette gjer auka lønskostnadar på einingane.

Vibeke Langli la fram ein prognose for rekneskapen for resten av året, med eit positivt netto driftsresultat på knapt 500.000 kroner. Dette er marginalt og ikkje alt for optimistisk, men det er framleis mykje som er usikkert, og ein håpar sjølvsagt at det går betre enn dette, sa ho. Men ein kan ikkje forvente store overføringar til disposisjonsfond for 2023, slik det ligg an no, avslutta ho.

Opptak av kommunestyremøtet kan ein no sjå i kommune-TV på Surnadal kommune si heimeside. Sakliste og vedtak finn ein her.

Powered by Labrador CMS