Forslaget til kommunebudsjett for 2021 er klart

– Både vi såkalla byråkratar og politikarane er ute etter å få til eit best mogleg tilbod for innbyggjarane våre, seier kommunedirektør Knut Haugen i Surnadal kommune.

Publisert Sist oppdatert

Som ein del av sakspapira til formannskapsmøtet 24. november, vart forslaga til økonomiplan 2021-2024 og budsjett for 2021 for Surnadal kommune sendt ut torsdag kveld.

Fredag heldt kommunedirektør Haugen og økonomisjef Martha Torvik pressekonferanse, der dei tok for seg budsjettforslaget.

Nytt av året, er at heile økonomiplana, inkludert budsjettet, er heildigital, gjennom firmaet Framsikt. Det som, ifølgje Torvik, ville vore ein 178 sider lang tekst, er erstatta av ei digital løysing, som du kan finne her.

– Det å ha ei heildigital økonomiplan er eit kvantesprang, og så langt har tilbakemeldingane frå dei som har lest det vi har lagt ut, vore gode, seier Haugen.

Budsjett i balanse

Sjølve budsjettet skal altså opp til behandling i formannskapet 24. november, og deretter endeleg vedtakast av kommunestyret 10. desember. I slutten av oktober skisserte Haugen ei kuttliste, som skulle sørgje for eit kommunebudsjett i balanse.

Dei fleste av kutta, som du kan lese meir om i Trollheimsporten si sak her, ligg inne i budsjettforslaget også no, snaue tre veker seinare. Budsjettet har ei totalomsetning på snaue 564,4 millionar kroner, og utgifter på 558,6. Det gjev eit budsjettert resultat på 4,894 millionar kroner.

Haugen og Torvik fortel at grunnen til det budsjetterte overskotet er enkel:

– Vi fekk nyleg ein gåvepakke, i form av eit forslag om ekstra kompensasjon for kostnader knytt til koronaviruset. For oss vil det, dersom det vert vedteke, bety 4,8 millionar kroner ekstra inntekter i første halvår av 2021.

Desse midlane er naturleg nok øyremerka til koronakostnader, og kan ikkje brukast til å finansiere til dømes tenester som er kutta eller reduserte i budsjettet for 2021.

– Så sjølv om budsjettet no viser nokre millionar i pluss, er det i realiteten eit budsjett i balanse. Koronamidlane skal vi jo bruke opp til kostnader knytt til pandemien, men per i dag veit vi jo ikkje kvar det blir størst behov for å bruke dei hen, seier Haugen.

Kuttar i bemanninga

Av dei totale kutta på om lag 15 millionar kroner, er det nok forslaget om å seie opp samarbeidsavtalen med Vårsøg Resort AS og Thon Hotel Surnadal, som vert oppfatta som det mest dramatiske. Oppseiinga vil føre til ei innsparing på 650 000 kroner i 2021.

– Det er seks månaders oppseiingstid i avtalen, så avtalen vil uansett gå sin gang til 1. juli. Så er det opp til politikarane å vedta ei eventuell oppseiing, seier Haugen, og fortsett:

– Vi meiner vi skal klare å drive kulturhuset på ein litt annan måte med eigne krefter, men kuttar på ingen måte alle band til hotellet dersom vi seier opp avtalen. Hotellet og kulturhuset ligg vegg i vegg, så det skulle berre mangle at det blir ei form for samarbeid der, og vi håpar på eit framleis godt forhold til hotellet, sjølv om vi ikkje lenger leiger inn resepsjonstenesta.

Kommunedirektøren og økonomisjef Torvik fortel at dei fleste andre store kutta først og fremst er interne kutt, som går på bemanning.

– Vi har allereie redusert talet på årsverk med 15,2 frå 1. januar til 30. september i år, og legg opp til at vi, netto, skal ned med 15 årsverk til i 2021, seier Haugen, og presiserer at dette ikkje betyr tilsettingsstopp i kommunen:

– Nei, vi treng kompetanse, men vi må vere på vakt, til dømes ved naturleg avgang. Då må vi sjå om vi finn andre måtar å løyse oppgåver på, utan nytilsetting. Det er ei heilt nødvendig utvikling for å spare pengar.

I forslaget som er sendt ut til formannskapet, ligg det framleis inne forslag om å selje Todalen skule og Bøfjorden skule.

– Når det gjeld Bøfjorden skule driv vi barnehage der, så dersom vi skal selje den, ønskjer Surnadal kommune naturleg nok å leige lokale av dei nye eigarane. Slik sett kan ein hevde at det kanskje ikkje er så lurt å selje skulen, sidan det vil komme driftskostnader der, seier Haugen, medan Torvik skyt inn:

– Med det å eige eit hus følgjer eit stort ansvar, med tanke på forsikring, vedlikehald og liknande.

– Ja, generelt, utan at eg då pratar spesifikt om Todalen skule og Bøfjorden skule, bør Surnadal kommune kvitte seg med bygg ein ikkje treng.

– Faren er ikkje over

I budsjettforslaget for 2021 er ingen skular, sjukeheimsplassar, barnehagar eller brannstasjonar foreslått nedlagt. Det er ein del av grunnlaget for at Haugen og Torvik meiner ein med dette forslaget unngår dei mest dramatiske konsekvensane.

Dei to er godt fornøgde med budsjettforslaget, men presiserer samtidig at jobben på ingen måte er ferdig med dette.

– Faren er ikkje over, vi er i ein krevjande økonomisk situasjon. Vi føler at vi er underfinansierte, og at vi må ta fleire grep og gjere fleire kutt enn vi vil. Men det er ikkje vits i å klage, vi må klare oss med dei pengane vi får, seier Haugen, som slår fast:

– Tida der ein laga budsjett ein gong i året er definitivt over.

Han før støtte av økonomisjefen:

– Ja, vi er langt frå ferdige med denne jobben, men vi har starta. Budsjettet er oppskrifta for korleis vi tenkjer at ting skal vere, så må vi jobbe kvar einaste dag for at det skal bli slik.

Torvik får ros av kommunedirektør Haugen for rolla si i budsjettprosessen, som starta allereie i mai.

– Martha fortener ros, for ho har vore ein god prosessleiar når vi litt klisjéaktig har sagt at vi skal «snu alle steinar». Gjennom prosessen har vi fått involvert dei ulike einingane, og tilbakemeldingane har vore gode, seier Haugen, medan Torvik legg til:

– Vi er veldig fornøgde med at einingsleiarane og dei tilsette har vore aktive for å finne løysingar for kutta vi foreslår. Det har vore ein god og grundig prosess.

Også lokalpolitikarane får ros av dei to.

– Samspelet mellom administrasjonen og politikarane er god. Vi har tillit til kvarandre, og respekt for kvarandre sine rollar. Eg trur politikarane er glade for at dei no får eit budsjett i balanse, og vel så det, seier Haugen, som innrømmer at det har vore ein stor og tung jobb, for mange, å komme i mål med budsjettforslaget.

Historisk høgt investeringsnivå

Sjølv om det i budsjettforslaget ligg inne kutt på 15 millionar, og intensjonar om kutt på nye 15 millionar året etter, inneheld forslaget mykje positivt, ifølgje Haugen og Torvik.

– I 2021 er vi på eit historisk høgt investeringsnivå, med 200 millionar kroner i investeringsmidlar. 75 prosent av dette er Surnadal barne- og ungdomsskule og dei 17 omsorgsbustadane ved legesenteret, seier Haugen, og fortsett:

– I tillegg er det sett av seks millionar kroner til asfaltering av gamle grusvegar, og 1,5 millionar kroner til gatelys i gater der vi ikkje har det i dag. Det vert og gjort investeringar i infrastruktur og utfylling av industriareal i Røtet.

– Ja, det er det sett av 10 millionar kroner. Og i budsjettforslaget ligg det og inne ein ny beredskapsbåt til brannvesenet, supplerer Martha Torvik.

Ho trekkjer og fram andre positive ting, som at ein får til å behalde ungdomskontakt og psykolog.

– Og så skal det investerast tre millionar kroner på åtte el-bilar i heimetenesta, seier Haugen, som fortel at det og framleis vert jobba for å få til eit bra bustadfelt på Øye-sida av nedre Surnadal.

– Folk trur kanskje dette er lagt på is, men det ligg inne midlar til vidare investeringar i Øygardslia byggefelt, seier han.

Kuttar ikkje MOT likevel

Blant dei kuttforslaga som skapte mest reaksjonar på bygda etter Haugen sitt framlegg i formannskapet i oktober, var forslaga om å kutte MOT og å redusere opningstida i symjehallen.

I det endelege budsjettforslaget frå kommunedirektøren, er MOT-kuttet endra til ei redusering.

– Det er ikkje lenge sidan vi vart kåra til Årets MOT-kommune, så eg kjende at den stakk litt. No foreslår vi å behalde MOT, men å redusere omfanget litt, seier Haugen.

Martha Torvik fortel at det og skal bli ei grei løysing for vaksne og eldre som ønskjer tid i symjehall.

– Vi meiner vi, ved å tilby vaksensymjing på dagtid innanfor ordinære opningstider, skal klare å oppfylle folk sine behov for tid i symjehallen.

Konklusjonen frå Torvik og Haugen, er at dei alt i alt er godt fornøgde med budsjettforslaget.

– Vi er glade for at vi har fått til eit forslag, som ikkje får større, dramatiske konsekvensar. Vi såkalla byråkratar vil det same som alle andre: vi er ute etter å få det mest mogleg for innbyggjarane våre – på sikt – med dei midlane vi har til rådigheit. Saman med politikarane, har vi eit felles mål om å skape eit best mogleg samfunn å leve i, seier Haugen.

Powered by Labrador CMS