Kommunedirektør i Surnadal, Knut Haugen, la tysdag fram eit konkret forslag om å kutte 16 millionar kroner i kommunedrifta for 2021, og skisserer kutt for nye 15 millionar i 2022.

Foreslår kutt på 16 millionar for å gå i balanse i 2021: – Kan klare dette med forholdsvis lite dramatiske vedtak

Sal av Bøfjorden og Todalen skule, midlertidig oppseiing av MOT-avtalen og midlertidig, ytterlegare stenging av svømmehall på ettermiddag og kveld er blant kuttforslaga kommunedirektør Knut Haugen skisserte tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag gav kommunedirektør i Surnadal, Knut Haugen, ei felles orientering for formannskapet og hovudutval for miljø, areal og teknikk i Surnadal. Der tok han for seg status i budsjettprosessen for 2021, og kommuneøkonomien generelt.

Haugen slo fast at 2020, grunna koronapandemien og usikkerheita den fører med seg, er eit veldig spesielt år, også for kommuneøkonomien.

– Mange sentrale inntektspostar, som til saman utgjer store beløp, blir svekka. Vi har eit høgt driftsnivå frå før, og når vi i tillegg har gjort store investeringar, utgjer det ein krevjande kombinasjon. Heldigvis er rentenivået så lågt at det utliknar noko av dette, seier kommunedirektøren.

Han fortel at kommunen opplever det som utfordrande å vere presise med økonomi og rekneskap, sidan ein har visst lite om korleis framtida i samfunnet, med tanke på koronaviruset, vert.

– Vi har fått nokre utgifter vi ikkje ante at kom. Staten har berga oss litt, men ikkje i nærleiken av nok. Det er annonsert at det skal komme ein ny, liten pengeslump frå staten i november, så får vi sjå kor stor den blir, seier Haugen, som anslår at koronaen så langt har kosta Surnadal kommune 10 millionar kroner.

Kommunedirektøren viste deretter til tal frå eit webinar i regi av KS, som viser at Surnadal ikkje kjem veldig ugunstig ut i det framlagte statsbudsjettet.

– Vi kjem heilt ok ut, fortalte Haugen, som samtidig viste til tal frå KS, som viser at så godt som heile den kommunale sektoren i Noreg har opplevd den same økonomiske nedgangen som Surnadal sidan 2016.

– Tala viser at det er dei store kommunane som har berga desidert best dei siste fire åra, seier han.

Mana til langsiktigheit

Kommunedirektør Haugen la for dei to utvala fram kva han meiner er den beste strategien for kommuneøkonomien i åra framover. I staden for å gjere ekstreme kutt for å nå målet om eit positivt driftsresultat på 2 prosent allereie i 2021, manar han til ei noko meir langsiktig tenking.

– Vi har 600 tilsette vi må prøve å ta vare på, som ikkje skal «kvelast». Difor trur eg vi no må konsentrere oss om å budsjettere med tilstrekkeleg reduksjon til at vi held hovudet over vatn, og kan symje til land. Eg trur ikkje vi kan budsjettere så hardt at vi trur vi skal gå på vatnet, seier han, og fortsett:

– Vi må gå i balanse i 2021, og då snakkar vi om å kutte 15 millionar kroner.

Haugen fortalte at kommunen så langt i år har teke ned bemanninga med 15,2 årsverk. Dette vil kommuneøkonomien få effekt av gjennom heile 2021.

Kommunedirektøren la fram tre konkrete målsettingar for å halde kommunen unna Robek-lista:

Målsetting 1: Budsjett i balanse for 2021

Målsetting 2: Berekraftig økonomi i planperioden og på lang sikt

Målsetting 3: 2 % driftsresultat i 2024.

– Klarar vi desse tre målsettingane, held vi oss unna Robek-lista, seier Haugen, som i tillegg til å legge fram krav om innsparing til 15 millionar kroner i 2021, også ber politikarane vedta nye 15 millionar kroner i kutt for 2022.

– Det er mitt mål, og eg håpar de som politikarar er samde i det.

La fram konkrete kuttforslag

Knut Haugen gjekk deretter gjennom forslag til kutt per sektor.

For omsorg er forslaget å kutte fem millionar kroner. Den skisserte innsparinga er på generell bemanningreduksjon i sektoren, tilsvarande åtte årsverk. I tillegg er det foreslått å slutte med all kantinedrift, samt delvis overgang til el-bilar i heimetenesta.

– Eg tenkjer at ein byte ut så mange dieselbilar som mogleg med el-bilar. Dei har vorte så gode no, at ein kan bruke ein bil i to strake vakter utan å måtte lade. Her vil vi spare minst 400 000 kroner, og då tek eg ikkje i ein gong, seier Haugen.

Det same beløpet, fem millionar kroner gjeld for innsparing i oppvekstsektoren.

Her er forslaget å redusere med seks årsverk, samt å seie opp MOT-avtalen midlertidig.

– Det byr meg imot, men MOT er ikkje ein «må»-ting, og krever ein del lærarressursar, seier Haugen.

Kommunedirektøren skisserte så kutt på til saman seks millionar kroner innan sektorane teknisk, kultur, næring og sentraladministrasjon.

Her er det snakk om følgjande kuttforslag:

Teknisk:

  • Stenge svømmehallen på ettermiddag ettermiddag/kveld midlertidig, endå meir enn i dag.
  • Redusert åpningstid/vakthald idrettshald
  • Redusere vaktmesterteneste med 1 årsverk
  • Salg av bygg, Todalen skule og Bøfjord skule
  • Gjennomgang renovasjonsordning

    Kultur:
  • Oppsigelse av samarbeidsavtale med hotellet frå 1.7.21. Avvikle ordning med resepsjon i kulturhuset.
  • Reduserte/endra åpningstider i kulturhuset.
  • Utsette bygdebokprosjektet midlertidig (f.eks. 2 år)

    Sentraladministrasjonen:
  • Redusere 1 årsverk økonomi (Skatteoppkrevar-funksjonen til Skatteetaten)
  • Endring av tjenester/interne funksjoner tilsvarende reduksjon 1,5 årsverk

– Totalt gjev dette kutt på 16 millionar kroner, ikkje 15. Då har vi litt å gå på, og då har vi altså ikkje foreslått nedlegging av ein einaste skule, ein einaste sjukeheimsplass eller ein einaste brannstasjon, seier Haugen, og legg til:

– Eg trur vi skal få til dette. Klarar vi desse kutta er det forholdsvis lite dramatiske vedtak som må gjerast.

Spurte om skule og symjehall

Etter kommunedirektøren sin gjennomgang, spurte Sp-representant Ragnar Halle om kva ein ventar seg av pris ved sal av skulane i Todalen og Bøfjorden, og peika på at desse vil utgjere ein driftskostnad dersom ein ikkje får seld dei.

– Kva ein kan selje dei for veit eg ikkje her og no, pengar ved sal av bygg på verkar uansett ikkje driftsbudsjettet vårt. Men det er som du seier, at skulane medfører ein driftskostnad, og det er nettopp difor eg meiner at vi bør selje dei, seier Haugen.

Han fekk deretter ros for forslaga sine av Helge Røv, som samtidig nytte høvet til å åtvare mot å «skape bråk om småting»:

– Desse forslaga, dersom dei gjev den ønska effekten med 16 millionar kroner spara, ser heilt ypperlege ut, etter mi meining. Samtidig er det då enkelte småting det er foreslått å kutte, som er meiner det berre vil skape bråk å kutte.

Røv viste til forslaget om ytterlegare stenging av symjehallen på ettermiddag og kveld.

– Dersom dette blir 16 millionar og ikkje 15, som vi må spare, tykkjer eg det er tull å kutte eit slikt tilbod, som kostar 50 000 kroner, og som gjer så mykje for fleire grupper innbyggjarar. Eg meiner vi må passe på å ikkje kutte slike små summar, sidan vi veit det vil bli mykje bråk rundt slike kutt. Det handlar om å skape minst mogleg bråk om det eg i denne samanhengen vil kalle småting.

Powered by Labrador CMS