Kulturvøkku 2025

Elfrid Kirkholt Moen, foreldre, faddere og prest.
Elfrid Kirkholt Moen med foreldre, faddere og prest.

Gudsteneste med "heimedåp" i Løsetlånna

Første søndagen i Kulturvøkku 2025 i Rindal var det innever, og tillyst Tunmesse på Rindal Skimuseum vart flytta inn i Løsetlånna.

Publisert Sist oppdatert
Gudstenesteforsamlinga i Løsetlånna.
Gudsteneste i Løsetlånna på Rindal Skimuseum. Ragnhild Stavne Bolme var klokkar.

Det vart ei fin og heimekoseleg gudteneste i Løsetlånna på Rindal Skimuseum sjølv om det var hustri ute. Elfrid vart døypt og venneforeninga hadde salg av kaffe, bakels og gode kaker etter gudstenesta.

Lene prest heldt preike
Lene prest heldt dagens preike om Jesus og borna.

Les preika Lene prest heldt her:

Dess mindre borna er, dess meir overgitt er dei til andre si evne og vilje til omsorg. Jesus seier noko om å måtte bli som born for å koma inn i Guds rike. Der skulle det vera råd for den hjelpa me aldri veks ifrå oss behovet for å få. Slik vart det preika på Tunmessa sundag 29. juni:

 

Jesus og borna. Markus 10,13-16.

Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Slik lyder det heilage evangeliet.

 

Langt dei fleste som blir født her i Rindal blir også døypt. Det har endå til hendt at me har hatt meir enn 100% oppslutning om dåp, sidan folk med tilknytning her gjerne vil heimatt for å få borna sine døypt.

Ved einkvar dåp blir det presisert at foreldre og faddrar tek på seg eit ansvar med hensyn til omsorg og forbøn, opplæring og oppfylgjing i kristen tru for desse nydøypte.

Dette er noko av det viktigaste de kan gjera som foreldre og faddrar: Lære borna å tru. Gjera som desse som hadde småborn på Jesu tid og bringe dei til Jesus. Jesus kan ikkje berøre dei slik som den gongen, då han tok dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Men sørg likevel for at også Elfrid blir berørt av Jesus, at ho får høyre noko om at Jesus er ein god kompis, at Jesus hjelper oss med det me ikkje får til, at Jesus er venen vår både i liv og død.

Sørg for å be for henne og lær henne korleis ho sjølv kan snakke med Jesus gjennom enkle – eller kompliserte bøner.

Kvifor er dette viktig? Fordi dåp og tru høyrer så sterkt i hop. Ho er døypt til Kristus for at ho skal leva og blomstre i kristen tru og i Jesu nærheit – både gjennom livet og også forbi døden.

Hjå evangelisten Markus som me har høyrt ifrå, er det mykje som handlar om born.

Borna blir brukt som eksempel for oss som gjerne vil vera både svèr og på toppen, oss som tenderar til å vera «karvorin».

Jesus er skremmande tydeleg på at den slags har lite og ingenting for seg. Guds rike er heller for eit opp-ned-rike å rekne, eit Bakvendtland. I Guds rike er dei minste størst, fremst og viktigast.

Dei minste. Dei sårbare. Dei som tåler minst og er som mest utlevert og overlevert til andres omsorgsevne og omsorgsvilje. I Jesu samtid var barnedødelegheita enorm. Uretten like eins. Hadde du slavar, kunne du bestemme både over dine eigne og andre folk sine born.

I vår samtid ser me også stadig at borna verkeleg er dei minste. Skremmande mange små er overlevert og utlevert til omsorgen dei aldri fekk.

Og for oss som er vaksne og kan tenkja over korleis ting er: Er det ikkje godt at me blir invitert inn i Guds rike – slik som eit lite barn? Er det ikkje godt at me må bli som born for å koma inn der – altså for å ha noko der å gjera?

Om ikkje noko anna blir hugst etter dette eg seier, håpar eg me tek med oss dette at me også, uavhengig av både alder og status, treng denne vilja og evna til omsorg som berre Jesus kan gje oss.

Denne som heiter for nåde og kjærleik i livet og siger i døden.

Gud bevare vår utgang og inngang til evig tid. 

Amen.

Dåpsfamilien og Lene prest ved grua i Løsetlånna
Dåpsfamilien og Lene prest ved grua i Løsetlånna.
Dåpsbarnet beres inn
Dåpsbarnet blir bore inn frå nystøggu, som var dagens sakristi.
Elfrid blir døypt.
Elfrid blir døypt.
Lene prest legg handa på den nydøypte
Elfrid Kirkholt Moen er nydøypt.
Matsalg
Museumsvennene bydde på kaffe, gode kaker og bakels og graut.
Søndagskaffe i Bjønnåsstøggu
Søndagskaffe i Bjønnåsstøggu etter gudstenesta. Blide folk og gode kaker!

.

Powered by Labrador CMS