LESERINNLEGG:

To smilende voksne damer som står i strandkanten med ei bok mellom seg.
Ingrid Kjønnøy, leiar i Nordmøre Mållag!

Betal skatten din på nynorsk i år!

Publisert

Sjekk språket i skattemeldinga di. Dersom du ikkje har sagt frå om språk, kjem skattemeldinga di automatisk på bokmål. Du er altså registrert i staten med bokmål.

Kjenner du på deg at dette er heilt feil for deg, oppmodar vi deg om å endre språkstatusen din i staten til nynorsk. Etter at du har gjort det, skal all kommunikasjon frå det offentlege til deg, som skattemeldinga til dømes, vera på nynorsk

Korleis gjer du det? Er du mellom dei som får meldinga på papir, er der ei eiga rute for å krysse av for språkval. Får du skattemeldinga digitalt, må du logge deg inn på www.noreg.no. Når du kjem inn på sida, klikkar du på feltet «Oppdater kontaktinformasjon», og finn der staden du kan logge inn. Du kan så, etter at du har identifisert deg, velje kva språk du ønskjer å vere registrert på. Dette treng du berre å gjera ein gong.

På denne staden finn du også annan kontaktinformasjon som er lagra om deg (e-postadresse, telefon og liknande), så det kan også vere god grunn til å kike innom for å sjå til at alt er som det skal vera.

Mållaga i Møre og Romsdal har hatt ein årleg aksjon i mars/april med oppmoding til folk om å sjekke språket i skattemeldinga si, som skal leverast inn før 30. april.

Statistikken over språkval i staten fortel kor mange brukarar det er av kvart av dei to norske offisielle språka, og er den einaste kjelda vi har for nett dette. Difor er det viktig at tala er rette.

I år kjem vi med denne enkle påminninga, og vonar det også blir lagt merke til.

Språk er viktig!

Helsing mållaga i Møre og Romsdal v/ Ingrid Kjønnøy

 

Powered by Labrador CMS