Påskedagsgudsteneste i Rindal kirke
- Kvifor leitar de etter den levande blant dei døde
Dette var overskrifta på preika som sokneprest Lene Gåsvatn heldt i Rindal kirke denne påskedagen etter at Signe Aune Holte var døypt.
Slik var preika som sokneprest Lene Gåsvatn heldt i Rindal kirke 1.påskedag:
- Kvifor leitar de etter den levande blant dei døde?
Kjeringane som har gått til Jesu grav tidleg den fyrste dagen i veka, blir møtt av to menn i skinande klede. Og desse mennene stiller eit spørsmål som gjerne må både uroe oss og hjelpe oss på betre tankar: Kvifor leitar de etter den levande blant dei døde?
Fenomenet affeksjonsverdi kan neppe overvurderast i noko oppgjer der ting skal fordelast mellom dei som skal arve. Men den største verdien, eller for den saks skuld affeksjonsverdien, ligg ikkje i tinga. Me får heller gjera som kjeringane ved den tomme grava og lata bodskapen om liding, død og oppstandelse gje livet den nye dimensjonen me ikkje kunne vore forutan.
Slik vart det forkynt i Rindalskyrkja påskedag:
Jesus står opp. Lukas 24,1-9
Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er reist opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.
Minimalisme er ein trend eg har den største sansen for. Slik blir me inretta når me ser at det ikkje finst korkje mål eller meining i å kjøpe, samle, behalde og lagre meir enn me eigentleg treng. I tilfelle me skulle trenge det ein gong om lenge – og helst ikkje i det heile teke. Er det vanskeleg å kvitte seg med ting, kan me altids spørje oss kvifor me skal belemre borna våre med å rydde i rotet vårt.
Og me må gjerne spørje oss: Kva skal eg med det? Kva skal eg med hyllemeter på hyllemeter med bøker, med gamal traktor-reidskap på låven, med hjul-emne på mørkeloftet, med strikkeoppsrkifter eg vil bruke tusen år på å strikke … for ikkje å snakke om alt garnet og alt dette som me kallar affeksjon med dertil høyrande verdi. Filmen affeksjonsverdi har eg til gode å sjå, men eg er ganske sikker på at det er noko å lære av den.
Sjølv er eg så langt ifrå minimalist, men for å seie det slik: Eg arbeider med saken. I praksis blir det temmeleg ofte kjøpestopp når eg går i meg sjølv og tenkjer over at - har eg ikkje nok klede ifrå før? Held ikkje vinterjakka ein sesong til? Og kva skal eg med endå fleire kaffikoppar – sjølv om me enn så lenge ikkje har gult servise som passar til påske?
Kjøp og forbruk av endå fleire ting me ikkje treng byr oss på lukke som varar kort.
Tenkjer eg, når eg les dette grunnleggjande spørsmålet ifrå desse underlege mennene i skinande kvite klede som stiller eit spørsmål til syrjgande kvinner – og me må gjerne lata spørsmålet bli med oss lenge etter at denne gudstenesta er ferdig, gjerne så det luggar i oss livet ut: Kvifor leitar de etter den levande blant dei døde?
Kva skal me med gleda over daude ting og nyanskaffelsar med kortvarig glede, så lenge tinga er døde – om enn dei er nyttige nok om det er slik at me verkeleg treng dei.
Blir det for mykje av ting, blir det berre fullt. Fullt av rot, vanskeleg å få oversikt og uråd å vaske. Luksusproblem, men like fullt problem.
Kvifor leitar de etter den levande blant dei døde?
Den levande – han er ikkje i tinga me strevar og strebar etter å skaffe oss. Den levande er ikkje blant dei døde.
Men han er blant dei som lever. Blant dei levande. I hjarto som slår. I sinn som arbeider med dei store tankane, inspirert av at me er så mykje meir enn materie som skal gå til grunne – som det no heiter i staden for fortapt.
Adam vart skapt til ei levande sjel, og sidan har dette kjennetegna oss som er menneske. Me er levande sjelar, skapte til noko meir enn undergang, skapte til noko anna enn å vera blant dei døde.
Me er skapte til å leva. Ikkje noko fortel oss dette så tydeleg som døypevatnet, der det på sin måte står som symbol for at det gamle og dødelege går til grunne og det nye livet tek til. Jesus fekk kjenne det på kroppen gjennom tortur og ein død me ikkje kan forestille oss, mens me – me får det på den enkle måten slik som Signe har fått det i dag: Ein ny fødsel og det evige livet i gåve.
Då mor mi var 80+, byrja tante-borna mine å snakke frampå om at det kunne vore fint å kunna resirkulere henne. For dei var det ein stor ressurs å ha bestemor i kårhuset, og dei skulle gjerne sett at resirkulering hadde vore mogeleg. Eg mistenkjer at dei ville hatt att same bestemora, berre ein del år yngre og utan rullator.
Nyleg høyrde eg om konfirmantar i Nord-Trøndelag som hadde same ideen om Jesus: At oppstandelsen eigentleg var ein resirkulasjon. Men så er nok ikkje tilfelle. Jesus står opp frå grava med akkurat den same kroppen som vart lagt i grava. Han står opp med sår etter sverd i sida, opprispa i hovudet etter tornekrona, sår etter piskeslag over ryggen og spor etter naglar gjennom hender og føter.
Han er eit sårbart og såra menneske. Denne Guds son som me ikkje treng å gå til dei døde for å finne, men som kan finnast i eikvar menneskeleg sjel.
Kvifor leitar de etter den levande blant dei døde?
Det er ikkje nødvendig å leite i vårt eige rot blant dei døde tinga – kva det no enn måtte vera som dette representerer. Gleden i dei døde tinga må me gjerne innrømme at har sine begrensningar.
Men så var det noko med affeksjonsverdien, då. Affeksjonsverdien i dette som er mest verdifullt, det me mest av alt vil eige.
Eg har høyrt om ein som mest av alt ville arve det vesle rivjernet til muskatnøtt når tinga heimantil skulle delast. Sjølv ville eg helst ha eit maleri – og fekk det.
Men det har også liten verdi samanlikna med dette med størst affeksjonsverdi for oss alle: Verdiane me fekk ifrå ein kristen heim eller ein nasjon med ditto verdiar som fortel oss at me er ei levande sjel fordi me er skapt av Gud, frelst gjennom Jesu død og oppstandelse og født på ny i døypevatn og omvendelse.
Difor skal me leite – og finne!
Den levande.