Beredskap som tema i kommunestyret i Surnadal
Onsdag var det kommunestyremøte i Surnadal. Sakslista var lang, og med fleire interessante orienteringar.
Dei fleste av saken som sto på agendaen denne dagen handla om beredskap. Heilheitleg risiko- og sårbarheitsanalyse og overordna beredskapsplan m.a. sto på sakslista.
Presentasjon av ungdomsrådet
Møtet starta med ein presentasjon av ungdomsrådet i kommunen. Kvar enkelt av representantene i rådet var oppe på talarstolen og fortalte om kven de representerer og kva for saker dei er mest opptekne av. Ungdomsrådet arbeider for at ungdom skal trivast i kommunen, og for at dei unge skal bli interessert i lokal politikk.
Ungdomsrådet består av Ida Mo (leder), Ingeborg Saltrø Polden (nestleder), Jannicke Valstad Stenberg, Live Aakvik, Thor Alfred Lediard, Åsmund Humberset, Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen og Martin Øysteinsson Sollid.
Brannberedskap
Brannsjef Tor Arne Moen heldt ei orientering om brannberedskapen i kommunen, og om kva brannvesenet arbeider med.
Prosjekt for utnytting av skogbiomasse
Øystein Selen frå Biosyntech AS orienterte kommunestyret om det prosjektet dei arbeider med i Surnadal, saman med Innveno AS. Det er i første omgang planlagt ein pilot, ein metode for å få protein frå trefiber, og mellom anna lage dyrefor/fiskefor frå skogbiomasse. Plana er å drive med bryggeriproduksjon, altså fermentering, og med mikroalgeproduksjon. Anlegget for dette ønsker dei å bygge i Røtet i Surnadal. Dei meiner at prosjektet er berekraftig både økonomisk og miljømessig, og det er stor grad av gjenvinning av dei ressursane som inngår.
Det er fleire grunnar til at Surnadal er ein bra plass å drive med slik produksjon. Det er fylkets største skogkommune, og har ei tømmerhavn med ledig kapasitet. Viktige kraftlinjer går gjennom Surnadal, så kraft er lett tilgjengeleg. Og det aller viktigaste er den samla kompetansen i bygda, sa Øystein Selen. Dersom anlegget blir ein realitet, så vil det gje mange nye arbeidsplassar i kommunen, og betydelege ringverknader til anna lokalt næringsliv.
Lakseregionen med planer om regionalt studiesenter
Trøndelag Sørvest, Lakseregionen er eitt av to regionråd som Surnadal er med i. Thomas Solum Lystad, som er daglig leder i Trøndelag Sørvest, Lakseregionen, orienterte kommunestyret om arbeidet i regionrådet, og satsingsområda framover. Lystad fortalte m.a. om planer om et studiesenter for desentralisert utdanning i regionen, som kan bli realisert allerede i løpet av det neste året.
Desse sakene vart behandla på møtet:
- 1/24 - Godkjenning av protokoll frå møte i kommunestyret 14.12.2023
- 2/24 - Heilheitleg risiko- og sårbarheitsanalyse 2024
- 3/24 - Overordna beredskapsplan 2024 med styringsdokument
- 4/24 - Planstrategi 2024 - 2027 og planprogram for kommuneplanens samfunnsdel
- 5/24 - Plan for forvaltningsrevisjon 2024 - 2027
- 6/24 - Plan for eigarskapskontroll 2024 - 2027
- 7/24 - Oppfølging av kommunestyret sitt vedtak i sak 46/23 om arbeidstidsordningar i Surnadal kommune
- 8/24 - KS Debatthefte 2024 - Rom for gode tenester
- 9/24 - Årshjul rekneskap 2024 og budsjettprosess 2025
- 10/24 - Godkjenning av ny selskapsavtale Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS frå 01.01.2024
- 11/24 - Fastsettelse av grense mellom elv og sjø - Bøvra
- 12/24 - Todalen barnehage - avklaring av status på barnehagen
- 13/24 - Brekkøya Camping AS - søknad om utvida kommunalt skjenkeløyve - tilvirkningsløyve
- 14/24 - Selskapsarrangøren AS - søknad om utvida kommunal skjenkeløyve - tilvirkningsløyve
- 15/24 - Bell Tekstil AS - søknad om servering- og skjenkeløyve
- 16/24 - Fritak frå politiske verv og nytt val i samband med dette
- 17/24 - Fritak frå politiske verv og nytt val i samband med dette
- 18/24 - Val av medlem til Surnadal forliksråd
- 19/24 - Nyvalg av medlemmer til klagenemnd for eigedomsskatt og sakkyndig nemnd for eigedomsskatt
- 20/24 - Ønske om fritak frå verva som styremedlemmar i Surnadal Fotballhall AS
- 21/24 - Politisk struktur 2023 - 2027 - gjennomgang av ordninga med plan- og byggenemder
- 22/24 - Generell eierskapskontroll 2023
- 23/24 - Evt. suppleringsval / Omorganisering av Hovudutval for tenesteutvikling HTU
Opptak av heile møtet kan ein no sjå på Kommune-TV
Protokollen kjem etter kvar på Surnadal kommune si heimeside.