Ei dame og en mann som står og synger.
Einy og Svein - What a Wonderful World

Ope hus på Eidet: Svein Volle 80 år

Publisert Sist oppdatert

2. pinsedag var Eidet bedehus fullsett av sambygdingar frå Surnadal og omliggande bygder for å heidre Svein Volle på 80-årsdagen hans. Svein, lærarskulelæraren og korleiaren, som for få år sidan gifta seg til eit pendlarliv mellom Levanger og Todalen, som med iver og glede har delt sine ressursar innafor musikk og litteratur og kristenliv med dei nye sambygdingane sine. 

Einy Rendal Elgsæther er ankerfestet som held han knytt til denne sida av fylkesgrensa. Dei som kjenner Einy, veit at ho sjeldan leitar etter påskot for å spare seg ein umak. Så når opphopinga av helgedagar med både 17. mai og pinse gjorde det nødvendig å utsette festen for den stor slekta deira ei veke, gjorde Einy ein hemmeleg avtale med venner i Surnadal for å arrangere eit «vorspiel» på den rette åremålsdagen, 20. mai. Det mangla ikkje på velvilje, mange ville vere med og kaste glans over jubilanten, men Einy var nok spent på om festen let seg gjennomføre. Og kva ville jubilanten sjølv seie når hemmelegheita måtte avslørast? Ingen burde ottast for det: Å syngje for folk er det gildaste Svein veit, så det vart berre vellæte. Og vellætet skulle vekse til stormande vellyd i festsalen på sjølve dagen.

En mann på talerstolen i et bedehus.
Jubilanten.
Mange mennesker som sitter ved små bor di et forsamlingshus.
Ein del av festlyden.

Når Einy, som er eit oppkome av tiltakstrong , først hadde aktivert seg sjølv, og dernest nokre av dei travlast opptekne blant oss: musikaren Bjørn Vevang og prost Vidar W. Rygh, stilte snart både kjøkkenstab og kakebakarar og programmedarbeidarar og andre hjelparar på rad. Det vart ikkje berre ein konsert med høg kvalitet, men ein songfest av det mest engasjerande slaget.

Sjølv slo Svein an tonen med å ta oss inn i litteraturen og tankane som ligg bak dei musikalske perlene han ville formidle og ta oss med til. Først gjennom Anders Hovden i «Fagert er landet» og ein sveip innom sitt eige liv med 79 år samanhangande fred og fridom og folkestyre i dette fagre landet. Så «kasta» han like godt ein toneart - som ei uventa ballpasning til medspelaren, Bjørn Vevang, - og utfordra han til å improvisere og løfte fram enda ei Hovden-perle, «den kvite symra, den fyrste blom i år,» og lét oss få «sjå henne vel i auga, då har du skoda Gud.» Vidare let han oss følgje Henrik Ibsens djupdykk i menneskesinnet med ei intens tolking av «sølvet, det edle malm», før han tok oss med til Aasmund Olavsson Vinjes ferdaminne i møte med Rondane på veg til kongekroning i Nidaros i 1860.

En mann som synger, og en som spiller orgel.
Svein Volle og Bjørn Vevang i herleg samklang.

Musikkopplevinga er sterk. Ei «stor» mannsstemme kastar seg ut or fulle lunger. Gjennom flog og stup blandar ho seg i ein leikande straum av trillande pianotonar. Når vi etterpå får vite at songaren og pianisten ikkje hadde øvd saman på eit einaste stykke føreåt, er det mest som ein ikkje vil tru det. Gripande var det også når ekteparet Einy og Svein framførte Louis Armstrongs «What a wonderful world» som duett.

Frå Trøndelag hadde Einy og Svein henta venner som musikalske forsterkningar: Oddbjørn Stjern er prest og musikar og israelsmisjonsleiar. Han og Svein framførte (delvis på hebraisk) hymnen «Jerusalem av gull» frå 1960-talet, som har vorte ein slags uoffisiell og mykje bruka «nasjonalsong» i Israel. Og forsamlinga vart teken med i ei moderne rytmisk utgåve av den eldgamle bibelske salme 117, som var den «lovsongen» Jesus og læresveinane song da dei hadde ete påskelammet skjærtorsdag for snart to tusen år sidan. Salmen er mykje bruka blant messianske (jødekristne) grupper i dag. Ein annan gjest frå Trøndelag var munnspelvirtuosen Jan Dittmar Kars, som både spela solo og gjekk inn i andre stykke og improviserte med munnspelet sitt. Ei anna stor og «lidenskapeleg» framføring av Svein Volle og Bjørn Vevang var songen «Ol’ Man River» frå musikalen «Showboat».

Og elles: Eldrid Dyrset las nytt dikt til jubilanten, og Sverre Hatle las gamle dikt. Somme bar fram takkord. Jubilanten hadde sagt frå seg personlege gåver. I staden kunne dei som ville gje ei gåve til Eidet bedehus, særleg til å fremje musikklivet der. Det kom inn fleire tusen kroner, og i første omgang skal pianoet stemmast. Imellom dei musikalske og verbale programpostane vart det servert varm gryterett – med «ein dåm av India» i salatane. (Einy er tidlegare India-misjonær). Seinare vart det sett fram eit rikhaldig kakebord, men den store forsamlinga klarte ikkje å «gjere reint bord» før kvelden fall på.

Et stort kakebord.
Eit utval av herlege smakar.

Prost Vidar W. Rygh møtte i vennekretsen og bar fram ei «pinsevennleg» helsing til festlyden og jubilanten, ei påminning om at Gud er kjærleik, og at kjærleiken manifesterer seg og er til stades når vi samlast og er til stades. Etter jubilanten sitt ønske blanda vi til slutt alle våre røyster i Blix sin kjernesalme, «Med Jesus vil eg fara», og let Vidar lyse velsigninga med nåde og fred over oss. Vi kjente at det var velvalde ord i rette tid!

Tre damer foran en benk med kopper, glass og tallerkner.
Eit utval av staben backstage - f.v. Ella Mikkelsen, Marie Kars, Åse Rendal Holten.

 

Powered by Labrador CMS