Bruk nynorsk i nynorskveka!

Publisert

Dei siste åra har målrørsla markert 12. mai som nynorskdagen. Årsaka er enkel: Det var 12. mai 1985 at Stortinget vedtok å jamstille nynorsk og bokmål (landsmål/norsk og det almindelige bogsprog/dansk) som offisielle språk i Noreg. I år er aksjonen utvida til nynorskveka frå og med 6. mai til og med 12. Det var den 6. mai i 2014 at Stortinget vedtok den nynorske utgåva av grunnlova. Det er det god grunn til å markere, meiner vi.

Noregs Mållag har vendt seg til tusenvis av offentlege etatar (medrekna barnehagar og skular), verksemder, organisasjonar, kulturfolk osb. med den enkle oppmodinga: Skriv nynorsk på nynorskdagen. Det har kome svært mange positive tilbakemeldingar, og ikkje så reint få institusjonar og personar har følgt oppmodinga. Det treng ikkje vera så mykje – eitt ord, ei handleliste, ein sms, eit brev, ein artikkel, eit dikt, …

I 2002 vedtok eit samrøystes Storting å gravleggje den såkalla 'samnorskpolitikken' som hadde rådd sidan 1938. I tråd med dette fekk me ei språklov (2022) som slår fast at vi skal ha to relativt sjølvstendige skriftkulturar framover. Sameleis er det eit overordna mål at alle som bur i landet skal identifisere seg med både bokmål og nynorsk som sine språk.

Språk allment og skriftspråk spesielt er til sist mykje godt eit spørsmål om vane og konvensjonar (haldningar). Det er ikkje talemålsgrunnlaget som gjer at somme delar av fylket vårt er dominert av bokmål og andre av nynorsk. Det dreier seg i hovudsak om kva språk vi møter i kvardagen – også i avisene. Språket i avisene har mykje å seie for kva vanar og haldningar lesarane får.

Nynorskdagen og nynorskveka er eit flott høve til å markere det språklege mangfaldet som finst i landet vårt.



Powered by Labrador CMS