Konferansierane Margrethe Svinvik og Ståle Refstie, ordførarar i henhaldsvis Surnadal og Sunndal, losa publikum gjennom næringskonferansen Susu for framtida! tysdag.

Ser tilbake på åtte år med samarbeid

Kommunene Surnadal og Sunndal har i åtte år samarbeidd gjennom det kommunale oppgåvefellesskapet SuSu. Tysdag såg dei både tilbake og framover på næringskonferansen «SuSu for framtida!» i Surnadal kulturhus.

Publisert Sist oppdatert

Etter ei flott framføring av «Sola e komma», ved Anne Lise With Wullum og Rune Dalager, kunne konferansierane Margrethe Svinvik og Ståle Refstie ønske 130 påmeldte velkommen til næringskonferansen «SuSu for framtida!».

Rune Dalager på gitar og Anne Lise Wullum opna næringskonferansen med ein flott versjon av "Sola e komma".

– Eg trur vi som har vore med på dette, både kommunar, bedrifter og andre på Indre Nordmøre, har tent på dette samarbeidet, slo Refstie fast i innleiinga.

SuSu-samarbeidet starta i 2013, og er i 2018-2021 inne i sin andre fireårs-periode. Finansieringa av det kommunale oppgåvefellesskapet er eit spleiselag mellom kommunene, fylkeskommunene og lokalt næringsliv.

Per Helge Malvik og Karin Halle under konferansen.

Per Helge Malvik var inntil nyleg leiar i Sunndal Næringsselskap, medan Karin Halle er kommunalsjef for næring og utvikling i Surnadal kommune og med i SuSu-administrasjonen. Saman gav dei konferansedeltakarane ei historisk oppsummering av SuSu frå oppstarten og fram til i dag.

Konferansen i Storstuå i kulturhuset samlar store delar av næringslivet i dei to kommunane, og på programmet står foredrag frå blant anna Talgø MøreTre, Ottem CarbonWorks, Storvik, Pipelife, Sollid Mek., Mosbøen Gård og Opp & Ut.

Styreleiar Lars Skrøvseth i Sollid Mek. Verksted og Hans Mogstad, teknisk sjef i Pipelife Norge.

SuSu sitt overordna mål er å gje Indre Nordmøre sterkare utviklingskraft og å utvikle ein meir attraktiv arbeids-, bu- og sørvis-region. Og i tillegg til å snakke om eigne prosjekt, var fleire av bedriftene innom betydninga tilskota frå SuSu har hatt.

– Det å få økonomisk støtte er bra, spesielt i ein etableringsfase, der ein har meir enn nok med å halde hovudet over vatnet. Men signalet tildelinga sender, veg endå tyngre for meg, som jobbar mykje åleine, og som av og til tenkjer at eg kanskje skulle gjort noko meir «fornuftig». Når nokon satsar pengar på deg er det eit veldig tydeleg signal om at det er fleire der ute, som har trua på det ein held på med, fortalte Nina Torvik frå Opp & Ut i samtale med ordførar og konferansier Margrethe Svinvik.

Ordførar og konferansier Margrethe Svinvik (t.v.) i samtale med Nina Torvik frå Opp & Ut.

Under segmentet "Sofaprat med SuSu-gjengen" vart SuSu-administrasjonen utfordra på tankar om kva som har vore høgdepunkta i samarbeidet, som har støtta og gjennomført 120 prosjekt i løpet av dei åtte siste åra.

– Det har vore mange høgdepunkt, vi har jo gjeve 12,5 millionar i tilskot til bedrifter, fortalte Harald Bredesen i Surnadal kommune, og fortsette:

– Vi har jobba mykje med litt større bedrifter, som har hatt eit ønskje om vidare utvikling. Ungdommar har og vore eit viktig område for oss å satse på, med tiltak som Gründercamp, karrieredag og SuSu Arena.

Karin Halle uttalte vidare at koplinga mellom politikarane og næringslivsrepresentantane har vore avgjerande for at SuSu-samarbeidet har lykkast.

– Tida er her for å skape eit endå sterkare Indre Nordmøre, og vi vil gjerne få med Tingvoll og Rindal. Vi ser ikkje grenser, og det gjer ikkje næringslivet heller. Eg trur det er kjempeviktig at vi på Nordmøre står samla og jobbar for felles mål, i staden for å kjempe internt, sa Halle i samtalen styrt av kultursjef i Sunndal, Ole Magne Ansnes.

Mette Sæther Ormset sitt og i SuSu-administrasjonen, og ho la vekt på at kommunane må løyse utfordringa med å skaffe nok og kompetent arbeidskraft.

– Vi må gjere lokalsamfunna litt meir feminine, slik at det blir attraktivt for unge kvinner å komme hit, sa Ormset.

Leiar i Surnadal Næringsforening, Sara Akerfeldt, introduserte publikum for konseptet "Surnadal i boks".
Henning Sommerro spelte "Lauvfall" og "Nordmørsminne", vakkert, som alltid.
Powered by Labrador CMS