Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

9724 søkarar har fått tilbod om skoleplass i vidaregåande skole neste skoleår

Dette skriv fylkeskommunen på heimesidene sine.

No er førsteinntaket til vidaregåande opplæring i fylket klart, og i denne omgangen er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for å svare om dei vil ha plassen er 16. juli.

Etter førsteinntaket er det 50 søkarar som ikkje har fått plass på Vg1, 29 som ikkje har fått plass på Vg2 og 3 som ikkje har fått plass på Vg3. Samla sett er det færre enn i fjor. Tala gjeld søkarar med ungdomsrett.

På venteliste
Andreinntaket blir køyrt ca. 5. august med svarfrist 9. august.

- Av erfaring veit vi at det er ein del bevegelse mellom inntaka og at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn ved andreinntaket. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm.

Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, elektrofag, studiespesialisering, naturbruk, idrettsfag og bygg- og anleggsfag.

Søkarar til vidaregåande opplæring har rett til skoleplass på eit av tre utdanningsprogram dei har søkt på Vg1 og til eit programområde dei er kvalifisert til etter Vg1 og Vg2, men ikkje til ein bestemt skole

Nokre søkarar blir dermed vidaresøkt etter 1. inntaket til eit av programområda dei har søkt. I alt er 201 søkarar vidaresøkt til ein anna skole. Dette gjeld 77 søkarar til Vg1, 52 søkarar til Vg2 og 72 søkarar til Vg3. Alle som blir vidaresøkt til ein skole dei ikkje har sett opp på søknaden sin, får stå på venteliste til alle tilboda dei har søkt.

Utfordring med læreplassar
Per 30. juni er det 1351 som har søkt fagopplæring. Av desse har 1294 læreplass som første ønske og bustad i Møre og Romsdal.

835 av desse har fått læreplass. Dette er det same talet som i fjor. Det er størst del av søkarar som har fått læreplass innanfor Naturbruk, Teknikk- og industriell produksjon og Elektrofag, medan delen er lågast på utdanningsprogrammet Design og handverk.

Korona-situasjonen vil som i fjor påverke formidlinga til læreplass. Møre og Romsdal fylkeskommune vil kompensere for læreplassar som forsvinn med å opprette alternativ fagopplæring Vg3 i skole, der forholda ligg til rette og i fag med fleire enn sju elevar per klasse.

For søkarane til læreplass held formidlinga fram til 1. november.

Informasjonen er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.

Powered by Labrador CMS