Gunnar Strand til minne

Mange følgde Gunnar Strand til grava ved Ranes kyrkje torsdag 7. mars. Vi har mista ein dyktig, hjelpsam og fargerik sambygding.

Gunnar vart 76 år. Oppveksten ved Surnadalsfjorden gav livsvarig interesse for båt og sjø. Som nykonfirmert var han med i sandfraktinga. Ein kort periode segla han utanriks.

Seinare jobba Gunnar i vegvesenet. Han var med på flyplassbygging i Florø, der han møtte si kjære Anny. Etter nokre år på Meisingset bygde dei heim for seg og borna på Øra i 1977.

Familien skildra Gunnar med varme ord under gravferda - som ein snill, omsorgsfull, trygg og varm ektemann, far, bestefar, oldefar og «onkel Gogga»: - Arven etter deg vil leva vidare i oss alle!

Han hadde stor interesse for bilar, båtliv og ikkje minst modellbygging av båtar. Dette faget lærte han av ein veteran på området, naboen Sverre Sjøflot. Gunnar bygde mange flotte modellar av segskuter, snurparar og fraktebåtar.

Slik er galeas «Anne Margrethe», frakteskutene «Boy» og «Bøfjell», snurparen «Drotland», «Presteskøyta» og mange andre farty bevarte som stilfulle minikopiar. Fleire av desse presenterte han på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Han restaurerte også kyrkjeskuta i Mo kyrkje for nokre år sia.

Nettopp i det historiske sjøfartsmiljøet i Bøfjorden fann Gunnar Strand sin faste plass. Han var dyktig motormann og sørga jamnt for at Sabben ved museet tøffa og gikk når publikum kom om søndagane.

No vil plassen hans på museet stå tom. Nokon annan kan vel fyre opp og starte Sabben. Men saknet etter Gunnar Strand vil vera stort - både her og i distriktet omkring, der han gjorde si gjerning og fekk så mange venner.

Fred med minnet.

Powered by Labrador CMS