Portrettbilde av en eldre mann.
Ansgar Bøe 1929-2023

Ansgar Bøe - Minneord

Publisert

Torsdag 7. desember vart Ansgar Bøe ført til kvile ved Åsskard kyrkje – 94 år gammal. Slekt og venner tok avskjed med ein respektert og triveleg sambygding.

Mitt første minne om Ansgar knyter seg til frakteflåten på Bølandet. Han var mannskap og etter kvart skipper på «Grei». For oss som vaks opp på 50-talet, var taktfaste dunk frå ein 50 hk Wichmann der ombord reine pulsslag i dagleglivet.

For ein smågardsgut i dei harde 30-åra vart det jobb på sjøen attåt stellet heime. Nykonfirmert vart Ansgar roar på notbruket. Han fortalte sjøl levande om bas-legenden Gammel-Edvard, som nøye visste kvar silda stod og kor stor fangst ein kunne vente i kastet! Ved årene kunne det røyne på for ein tenåring når vind og sjø stod imot. - Vel fann vi sild i Vinjefjorden, sa Ansgar til meg ein gong. - Men jamen er den fjorden lang å ro!

Foreldra Ella og Ingebrigt budde på bedehuset Kveldheim da guten kom til verda i 1929. Og namnet Ansgar var det same som «Nordens Apostel» heitte, hugsar eg mor Ella sa ein gong! Ansgar fekk etter kvart fem yngre søsken heime i Sivertstua.

Ei tid gjorde han soldatteneste i Tysklandsbrigaden. Lenge dreiv han som nemnt sandfrakting frå Surna til Kristiansund. Frå 1973 arbeidde han ved Nordmøre Impregnering på Settemsørane. Etter omorganiseringa til MøreTre vart han dagpendlar til anlegget i Surnadal.

I unge år møtte han si Marie frå Bøkleppen. Dei stifta familie og fekk sønnene Alf Magne (1953) og Inge (1958). Første tida budde dei i Bøkleppen. Seinare kjøpte dei Granly ved Børeiten og vart buande der.

Ansgar var ein allsidig trearbeidskar og handverkar og deltok mykje i bygging og reperasjonar av hus. Som hobby dreiv han gjerne småsløyd og laga mange fine produkt. Særleg vart han populær for dei flotte voggene sine!

Fisketurar på sundet og langs fjorden var gode fritidssysler, og hytta Breidablikk vart ofte besøkt.

På vegner av dei fire barnebarna og fem oldebarna tegna sønnesønnen Daniel eit vakkert portrett av han gjennom velvalde ord og eit rørande dikt i kyrkja. Samtalane med bestefar gav visdom, han var eit lysande fyrtårn og orda hans var som kompass for livsferda, sa Daniel.

Vakrare kan ein neppe uttrykke takken ved båra til ein kjær bestefar. Mange deler Daniel sine minne om Ansgar Bøe.

Bernt G. Bøe

Powered by Labrador CMS